Innlegg sendt Klassekampen 06.03.2007. Prenta 21.03.2007.

Har RV ein samepolitikk?

Fredag 02.03 har Klassekampen ein artikkel om mogleg privatisering av utmarka i Finnmark. Etter at eg og fleire andre har etterlyst stoff om slike saker, er det godt å sjå at dette no blir tatt opp i avisa. Eg vonar det og vil føre til at fleire vil engasjere seg i debatten.

Ein av dei som er intervjua er Alvin Vaseli, som blir presentert som styremedlem i Finnmark RV. I intervjuet viser han og til kva RV har uttalt, og det kan for lesaren virke som han her uttalar seg på vegne av RV.

I innlegg både i Klassekampen og nordnorske aviser har Vaseli seinast for eit par månadar sidan gitt uttrykk for eit samepolitisk syn som på nokre område minner meir om FrP enn om den politikken RV tidligare har stått for.

I dette korte intervjuet har han fleire påstandar og synspunkt som eg har reagert på. Eg skal nøye meg med å kommentere to av dei:
1. "Dei færraste er ueinige i at ein skal ha forhold som gir grunnlag for å utvikle både næringsliv, språk og kultur." Dette er ei rein ufortjent skjønnmaling av den politikken som har blitt og blir ført når grunnlaget for samisk næringsliv, språk og kultur er i ferd med å forsvinne.
2. Han koplar privatisering til dokumentasjon av samiske røtter og åtvarar mot splitting på etnisk grunnlag. "... det blir urimelig om det er dokumentasjon av samiske røtter som avgjør kva rettar ein skal ha." Det står ingen ting nokon stad i Finnmarkslova om dokumentasjon av samiske røtter. Det er heller ikkje det som skal vere grunnlaget ved ei eventuell tilkjenning av bruks- eller eigedomsrettar, men derimot "alders tids bruk." Den einaste "forskjellsbehandlinga" ligg i at bare samar kan røyste til Sametinget, som på si side velger halve styret i Finnmarkseiendommen. Er det Sametinget han er i mot, får han seie det i klartekst.

Eit av spørsmåla som eg og mange andre stiller oss når vi skal vurdere om vi skal røyste RV ved vala til hausten er:
- Har RV ein samepolitikk?
- Representerer Alvin Vaseli sine uttalelsar i dette intervjuet og tidligare innlegg denne samepolitikken?
- Finst det nokon som har mandat til å uttale seg i på vegne av RV i samepolitiske spørsmål? I såfall, kvifor er dei tause i diskusjonen både i Klassekampen og i lokalavisene i samiske område?

Eg ber om svar frå RV sentralt og frå Finnmark RV.

Svein Lund


Til hovudsida.