Artikkel i Klassekampen, 30.06.1987

Samerett - for kem?

Kva går samiske rettar ut på og kven skal forvalte dei?

Av SVEIN LUND, KÅRÅSJOHKA

SAMISKE rettar — ka erna egentlig det? Samiske organisasjonar har gjennom generasjonar hevda at samane har retten til land og vatn i Sápmi (Sameland). Men ka går disse rettane ut på, kem skal dei gjelde for, og kem skal forvalte dei? Ingen har til nå greidd å gi eit presist svar på dette, og når Sametinget nå blir oppretta, blir det stadig meir nødvendig for samiske organisasjonar å finne eit svar. Dette var derfor ein av hovuddiskusjonane på landsmøtet til NSR (Norske Samers Riksforbund) i helga.

Det er mange misforståingar og forskjellige tolkingar av omgrepet «samiske rettar». Ei av dei mest utbreidde er at samiske rettar reindrifta sine rettar. Dette har til nå vore styresmaktene sin politikk; å ikkje anerkjenne andre rettar som spesielt samiske enn retten til reindrift. På siste landsmøtet til NRL (Norske Reindrifsamers Landsforbund) gikk dei og inn for ei beslekta politikk: dei hevda at reindrifta sine rettar må vere overordna alle andre interesser. SLF (Samenes Landsforbund) har gått mot å kreve samiske rettar, da dei tolkar dette som at folk i samme bygd og med samme næringsgrunnlag vil få forskjellige rettar til utnytting av utmarka alt etter ke slags avstamning dei har. Istaden vil dei snakke om rettar til bygdelag og lokalsamfunn. NSR er den organisasjonen som sterkast har hevda at samane som folk har retten til land og vatn i samiske område. Når dei nå skal forsøke å få dette, anerkjent av Same rettsutvalet og seinare Stortinget, må det presiseras langt klarare ka som ligg i dette kravet. I si innleiing til landsmøtet innrømte Nils Jernsletten, NSR sin representant i Samerettsutvalet at NSR tidligare har vore alt for upresise i det dei har uttalt.

- Vi har tidligare slått fast at det er vi samar som har retten til Sapmi, men virkeligheten er ikkje så enkel:
* Ka med dei ikkje-samane som bur i samiske område?
* Ka med dei samane som har busett seg utafor Sapmi?
* Tilhører rettane bare dei som jobbar i primærnæringane?
* Ka er Sapmi? Kor går grensene?
* Er det snakk om individuelle eller kollektive rettar? I samisk tradisjon tilhørte retten til bruk av naturen ein siida (sameby). Men ka er ein siida idag?
* Kordan skal vi sjølv forvalte disse rettane om vi får dei? Kan staten gjøre det for oss? Ka slags organ må samane ha? Ka med lokale organ og på nordisk plan?

Dette er ting NSR må avklare, sa Jernsletten, det kan ikkje overlatas til forskarar og komitear, men NSR sine lokallag må diskutere det for å komme med eit klarare syn på neste landsmøte.

- Staten opptrer i dag som eigar av grunnen i store deler av det samiske område, særlig i Finnmark. Men det er all grunn til å stille spørreteikn ved Samerettsulvalet sin påstand om at landområda i Finnmark har tilhørt Staten så langt tilbake som historia går. Fram til 1752 var indre Finnmark utan grense mellom Norge og Sverige/Finland. Den svenske staten hevda at området var svensk, men gjorde, aldri krav på eigedomsretten? Dei anerkjente derimot dei samiske siidaene sin rett til grunnen. Det er derfor eit ømtålelig rettsproblem at den norske staten ved å overta suvereniteten samtidig hevdar å ha fått eigedomsretten. Men om eigedomsretten skulle bli anerkjent f.eks for eit bygdelag/siida eller eit reinbeitedistrikt, vil dette ikkje vere nok. I reindrifta har dei seinare åra gitt gjennomslag for retten til erstatning ved inngrep. Men erstatning er ofte ei mager trøst om inngrep tvingar folk ut av reindrifta. Verken anerkjenning av bruksrett eller eigedomsrett kan hindre staten i å ekspropriere. Derfor må samane kreve ein form for vetorett f.eks. at staten ikkje kan gjennomføre inngrep i samiske bruksområde dersom Sametinget går mot det.

— Vi må komme lenger enn til bare å rope på statsstøtte til alt, sa Arne Nystad, Karasjoga samtid searvi. - Det må opprettas eit samefond som Sametinget sjølv disponerer. Og Sametinget må sjølv kunne kreve inn avgifter for fiskekort, konsesjonsavgifter osv. Retten til å utnytte naturen må iltkje bli eksklusiv for ei næring, slik som bøndene i Kárášjohka som nå krev retten til, å selge fiskekort! — Fleire sameforeningar (Sámiid searvvit); er alt igang med arbeid med å kartlegge korleis bruken og bruksretten til land og vatn har vore i deira område, fortel NSR-leiar Ragnhild Nystad. Deanu Samlid Searvi har f. eks jobba med laksefisket i Tana, sameforeningane i Sør- Troms har samarbeida med Kiruna sameforeniong om rettighetsspørsmål i deira område, der samane tradisjonelt har utnytta område på begge sider av grensa. Dette vil vi trappe kraftig opp, og styret vil lage materiale til lokale sameforeningar for å få alle å engasjere seg i dette.


Til startsida

sveilund@online.no