Svein Lund:
Dette står i skarp motsetning til offisiell norsk politikk, som seier at vi skal ta vare på reindrift og samisk kultur, til det vakre bildet Norge gir internasjonalt, som gjør av regjeringa og statsministeren kan oppnå viktige posisjonar i internasjonale organ. Korleis er dette mogleg? Eg vil peike på tre faktorar som kvar for seg spelar ei viktig rolle i legitimeringa av desse overgrepa.
1. Konsulentane
Ved ein kvar utbyggingsplan i reinbeiteområde engasjerer utbyggar konsulentselskap som har til oppgåve å "bevise" at inngrepa ikkje vil skade verdifull natur, reindrift, fiskebestandar eller andre konkurrerande interesser. Det gjør dei ved å finne minst mogleg sjeldne og raudlista artar og naturtyper, ved å fornekte spreiing av forureinande stoff og ved å framstille inngrepa som uskadelige for reindrift og andre næringar. Det har utvikla seg ein stor konsulentindustri, der utbyggar ved å velje konsulentselskap veit at dei vil få dei ønska konklusjonane. For utbygging i reindriftsområder gjørast denne jobben i stor grad av selskapet Naturrestaurering AS.
2. Debattantane.
Gjennom mange år har nordnorske media og tildels riksmedia vore fulle av innlegg som går til åtak på alt samisk. Eit lite utval av påstandane deira:
Samane er ikkje urfolk eller eige folk, sjøsamar finst ikkje, reindriftssamane er innvandra frå Finland, det har ikkje vore noko tvangsfornorsking, samepolitikarane har skjult agenda om eigen samisk stat, Sametinget har sugerør i statskassa, reindrifta er miljøfientlig og uøkonomisk og reineigarane lyg seg til erstatningar.
Dei siste åra har dette særlig vore framsett av miljøet rundt organisasjonen med det svært misvisande namnet EDL – "Etnisk og demokratisk likeverd". Ein av dei som kjempar i fremste linje her er advokat og SV-politikar Oddmund Enoksen. Innlegga hans har i stor grad utmerka seg som:
– forsvar for utbygging som fører til store naturraseringar.
– åtak på samiske organisasjonar og reindrift
– i strid med den offisielle politikken til sitt eige parti.
Alt dette gjeld for innlegget han har i Klassekampen 21.07.2020, med utgangspunkt i Erik Reinerts utmerka kronikk 15.07.2020. Enoksen går til generalangrep på reindrifta, ikkje bare for dagens drift, men næringa blir stempla og avvist gjennom alle tider: "Den samiske reindrifta har knapt noen gang vært bærekraftig." Denne næringa vil Enoksen fordrive for å gi plass til sine "bærekraftige" vindkraftanlegg, gruver og masseturismeanlegg. Dette er rolla til Enoksen og hans meddebattantar i dagens strid. Til dette brukar han ein masse påstandar om areal og økonomi, som bare viser at han ikkje forstår reindrifta sin bruk av terrenget. Om ein stenger ein flytteveg mellom to områder, kan ein ikkje bare rekne sjølve arealet av stengselet som inngrep. Har du eit to etasjars hus og fjernar trappa mellom etasjane, er det ikkje 5%, men 50% som har blitt utilgjengelig. Å tilbakevise alle påstandane hans vil ta for mye plass. Dette er heller ikkje ein debatt om fakta. Det står om ein ønsker å ha reindrift og samisk kultur i framtida. Enoksen og EDL ønsker ikkje det, og så konstruerer dei seg "fakta" deretter.
3. Media
"Mainstream" media si rolle er generelt å bringe makta si forståing og makta sine "fakta" til folket. Men media har ei anna rolle som er like viktig: Forteiinga. Vi har offisielt pressefridom i Noreg. Alle kan skrive kva dei vil, men har ingen rett til å få det utgitt. Har du ikkje godt med eigne pengar, er du stort sett henvist til å kanskje sleppe til med eit debattinnlegg ein gong i blant.
I spørsmålet om vindkraft og gruver i samiske reinbeiteområde er media sin funksjon først og fremst forteiing. Eg har skrive / redigert 4 bøker om gruvedrift og ein lengre rapport om vindkraft og reindrift. INGEN riksmedia har hittil ønska å omtale nokon av desse, trass i gjentatte tilbod og purringar. Eg har heller ikkje sett at dei har omtalt tilsvarande kritisk materiale skrive av andre.
Dette gjeld også for Klassekampen, der slike saker svært sjeldan kjem til uttrykk utafor debattspaltene. Om Klassekampen virkelig ønsker å vere del av dette maktapparatet mot reindrifta, naturen og samekulturen, skal avisa bare helde fram som no.
Svein Lund
Redaktør "Gull, gråstein og grums" og "Vindkraft eller reindrift?"
Til startsida