Eit avgjerande spørsmål er kem som har rett til vidda. Dei områda som reindriftsnæringa i Norge nyttar er frå gamalt av samisk område. Den Nordiske Samekonferansen seier i det samepolitlske programmet sitt: «Det er samene som et folk som er eiere av rettigheter til Sameland,... Samenes landområder har aldri blitt overgitt til noen nasjonalstat på en av de måter folkeretten aksepterer som rettsskapende.»
Gjennom oppnemning av Samerettsutvalet og oppretting av Sametinget har og norske styresmakter i alle fall innrømt at Staten sin rett ikkje er så opplagt som ein før ville ha det til. I det samepolitiske programmet til AKP(m-l) (1980) blir det sagt: «Det samiske folket har som urbefolkning retten til land og vann i Sameland.» Skal vi kunne diskutere korleis ressursane skal brukas, må føresetnaden vere at vi aksepterer denne retten. Det vil seie at det er samiske og ikkje norske organ som skal gjøre vedtak om regulering av reintal og beiteområde. Eit første skritt her kan vere at reindriftsadministrasjonen blir lagt under Sametinget straks dette er vald neste høst.
Trass i del skarpe motsetningane har Healka Skum og Jarl Hellesvik det til felles at dei skriv om reindrifta som eit heile og ikkje skiller mellom store og små. Men forskjellane i inntekt og formue er minst like store her som ellers i Norge. I følge likningsprotokollen for Nesseby kommune i Aust-Finnmark fins der tre millionærar. Av dei er to reineigarar. Leiaren for Norske Reindriftssamers Landsforening hadde sist år ei skattbar inntekt på 306 000. Men det store fleirtalet ligg godt under gjennomsnittlig industriarbeidarlønn. Reindriftsadministrasjonen sine statistikkar syner at det i første rekke er dei største reinflokkane som har auka dei siste åra.
Mens det i 1976 var 7,4 prosent av flokkane i Finnmark som hadde over 500 rein, var det i 1985 25 prosent. Reindriftsadministrasjonen må nå innrømme at fordelinga av støtte over reindriftsavtalen har bidratt til at forskjellen mellom rike og fattige i reindrifta har auka. Eit krav om at alle reineigarar skal skjære ned like mye vil derfor i dag vere reaksjonært. Det vil presse mange ut av reindrifta, skape arbeidsløyse og fråflytting og svekke samisk kultur. Det trengs ei nedskjæring, men føresetnaden er at arbeidsplassane i reindrifta blir opprettheldt, og at samiske rettar blir respektert.
SVEIN LUND
Til startsida