Artikkel i Klassekampen, 07.10.1987

«Reinprodukter» permitterer

Fredag fikk 20 produksjonarbeidarar ved reinslakteriet i Guovdageaidnu varsel om permitteringar frå 16.oktober.

Av SVEIN LUND, HAMMERFEST

Det kom som eit sjokk på arbeidarane å bli permittert midt i slaktesesongen, og dei har enno ikkje fått noko orientering om ka som vil skje framover, fortel hovudtillitsvald Johan Alfred Olsen.

Orientering vil trulig bli gitt i løpet av veka, seier direktør Ole Kristian Severinsen. Han grunngir permitteringane med omlegging av produksjonen, men vil ikkje forklare dette nærare for det tilsette, er orientert. Omlegginga har samanheng med bedriften sin dårlige økonomi. Til spørsmålet om det kan bli aktuelt med oppseiingar seier han bare: — Ingen kommentar!

Styreformann Johan J. Eira er heller ikkje villig å uttale seg til pressa.

Firmaet Reinprodukter A/S kom i drifU fjor og er meint som eit sentralanlegg for slakting og foredling av rein frå Finnmark, Troms og nordre Nordland. I Karasjok vil dei ikkje vere med, men ha eige slakteri. Derfor får ikkje Reinprodukter utnytta kapasiteten.

Bedriften har tilsaman knapt 50 tilsette, og aksjonærar er reinbeitedistrikt, reineigarar og tilsette. Det er nå svært liten grad av foredling av reinkjøtt, skinn og andre reinprodukter innafor samiske område. Halvfabrikata blir sendt for vidareforedling andre stader, mens mye samisk ungdom går arbeidsledig.

Ei av målsettingane med Reinprodukter var å auke foredlingsgraden. Mange spør seg nå om det er det motsatte som vil skje. Direktør Severinsen er i første rekke økonom, og han var tidligare fylkeshelsesjef i Finnmark. Da gjorde han seg berykta bl.a. ved å foreslå nedlegging av Kirkenes Sykehus.


Til startsida

sveilund@online.no