Artikkel i Klassekampen 20.02.1993

Slakt av reindriftsadministrasjonen

Av SVEIN LUND

Krigen om reindriftspolitikken og omstillinga i Indre Finnmark held fram. På eine sida står Sametinget, på andre reindriftsadministrasjonen, Landbruksdepartementet og Norske Reindriftssamers Landsforbund.

I fjor kravde Sametinget å få styringa over reindriftspolitikken og reindriftsadministrasjonen. Men dette gikk fleirtalet i landbrukskomiteen og Stortinget ikkje med på. Leiaren for landbrukskomiteen i Stortinget, Arne Alsåker Spildre (H) ga no Sametinget denne forklaringa på kva som da skjedde:

Meir makt

- Vi er klar over at Sametinget ønska meir makt. Men vi møtte og krefter i reindrifta som ønska at Sametinget skulle ha mindre makt. Resultatet blei ei avveging mellom disse interessene, sa han. Sjølv om ingen blei nemnd med namn var vel ingen i tvil om kven disse kreftene i reindrifta er; i første rekke NRL under leiing av banksjef og EF-tilhengar Odd Erling Smuk. Alsåker forsvarte og at Høgre og DNA har gått mot å sette tak på kor store reinflokkane kan vere. - Vi vil åtvare mot ein flokkstorleik som gjør at ein stor del av inntekta vil komme frå statskassa, sa han.

Omstilling

Bakgrunnen for at Sametinget no igjen diskuterte reindrifta var situasjonen i arbeidet med omstilling for Indre Finnmark og årsmeldinga frå reindriftsadministrasjonen. Denne fikk så hard medfart at ein må kunne kalle det slakting. Reindriftsadministrasjonen har bare brydd seg om dei biologiske og økonomiske sidene ved reindrifta og ikkje dei kulturelle, språklige og sosiale sidene.
Sametingsrepresentantane reagerte skarpt på forslaget frå reindriftsadministrasjonen om å seie opp beitekonvensjonen med Sverige, for å gi norske reindriftssamar dei beita som svenske reindriftssamar i dag nyttar på norsk side. Det går ikkje an ut i frå snevre næringsinteresser å fjerne rettar som er slått fast heilt i frå 1751 og splitte samane enno meir etter riksgrensene, blei det sagt.

Mekanisering

Det blei og kraftig åtvara mot den stadig aukande mekaniseringa. Ho er både øydeleggande for naturmiljøet og vil ende med at det bare blir nokre fa reineigarar igjen med helikopter. Reingjerdene som dei siste åra er sått opp på kryss og tvers på Finnmarksvidda fører til nedtråkking og øydelegg for viltet.
- Reingjerdebygginga har ikke vore forelagt Sametinget, seier Ole Henrik Magga til Klassekampen. - Det burde den sjølvsagt ha vore, men vi har ikkje sett eit einaste sakspapir. Dette er ei av mange saker som er viktige for samane men som blir vedtatt bak ryggen på Sametinget. Dette ville aldri blitt akseptert om noen andre enn NRL hadde stått bak. Ikkje bare Sametinget, men Guovdageaidnu kommune, der mesteparten av gjerdene er bygd, blei holdt utafor. Reindrifta må ha en rett til å sette opp nokre gjerde, men ikke over heile vidda. Dette undergraver reindrifta sjølv. Da Stortinget ga heimel for gjerdebygging mente dei neppe ei slik utbygging som no er gjort.

Usemje

- Har Sametinget og NRL no blitt hovudmotstandarar i reindriftspolitikken?
- Eg vil ikkje akkurat kalle oss hovudfiendar, men det er ikkje tvil om at vi er usamde med NRL i ein del saker. Vi har og vore usamde med BES (Den andre reindriftsorganisasjonen), som tidligare gikk imot alle reguleringar. Men BES har no kome nærare Sametinget sitt syn, sier Magga.

Anders Bær, tidligare NRL-leiar, var ein av dei som interessert følgde reindriftsdiskusjonen i Sametinget. - Du må skrive at i gjerdesaka har NRL gjort ei stor tabbe, seier han til Klassekampen. Og at det seier Anders Bær, tidligare leiar i NRL.


Til startsida

sveilund@online.no