Innlegg publisert på Radikal Portal 06.04.2018. (https://radikalportal.no/2018/04/06/den-usynlige-reindrifta/)

Den usynlige reindrifta

Planane om jernbane til Kirkenes er eit av mange eksempel på at reindrifta er usynlig både for media og for dei som planlegg inngrep i norsk natur. Det same skjer gang på gang når det skal byggast vegar, kraftliner, vindkraftanlegg, gruver og turistanlegg.

Kunnskapsmangelen om reindrift er nesten total blant planleggarar og politikarar og ingen partileiarar eller riksmedier i Noreg ser det som si oppgåve å kjenne og forsvare ei næring som brukar 40% av arealet i landet.

Fleire norske media, blant dei steigan.no og Klassekampen, har den siste tida oppdaga planen om jernbane frå Finland til Kirkenes. Eg skriv oppdaga, fordi dette ikkje er noko nytt. På fjorårets Arctic Business Forum i Kemi i Finland blei denne banen sett på som ei hovudsak i utvikling av næringsliv og infrastruktur på Nordkalotten.

Pål Steigan, redaktør Braanen i Klassekampen og det nord-finske forretningsmiljøet har to ting til felles:
1. Dei jublar for tanken på ein slik bane.
2. Dei nemner ikkje med eit ord at desse områda faktisk er i bruk, og det av ei arealkrevjande næring som vil kunne bli hardt ramma dersom jernbanen blir bygd utan omsyn til denne næringa.

Den tredje katastrofa

Det er to aktuelle trasear for jernbanen. Kvar av dei vil gå gjennom reindriftsområde både på finsk og norsk side av grensa.

Frå gamalt av er dette landet til skoltesamane, ei lita folkegruppe med eit eige språk og ein særeigen kultur, som har lidd under stadige konfliktar og grensetrekkingar mellom Noreg, Finland og Russland. Skoltesamane var dei siste som heldt oppe den tradisjonelle samiske organiseringa i siidaer og området deira var lenge eit uavklart fellesområde mellom statane. Men i 1751 blei grensa trukke tvert gjennom Neiden-siidaen og i 1826 skjedde det same for Pasvik-siidaen. Begge måtte halde seg på eine sida av grensene og mista da nær halvparten av landet sitt. I mellomkrigstida blei store delar av det skoltesamiske området del av den finske korridor til havet i nord, og under andre verdskrigen blei størstedelen av skoltesamane her evakuerte nedover i Finland, utan sjanse til å vende tilbake til dei områda som da igjen blei russiske. Etter krigen etablerte dei seg på gamal skoltesamisk jord heilt nordaust i Finland, der mange enno livnærer seg av reindrift.

Representantar for skoltesamane i Finland omtalar no jernbaneplanen som den tredje katastrofa dei blir utsette for. På norsk side har skoltesamane tapt reindrifta. Det er no andre samar som driv med rein i Sør-Varanger. Om det vil vere reindrift igjen her etter jernbanebygginga er for tidlig å seie. Kanskje det kan vere mogleg å finne ei løysing, men bare om utgangspunktet for planlegginga er at reindrifta og den samiske kulturen i området skal overleve, og at jernbanen frå starten må planleggast slik at skadane for reindrifta blir minst moglege. Dette krev ein reindriftskunnskap som verken planleggarar eller politikarar har i dag, verken på finsk eller norsk side. Det skremmande er at ingen synest heller å sjå behov for å skaffe seg denne kunnskapen, verken industrien og gruvenæringa som er pådrivarar, sentrale og lokale styresmakter på kvar side av grensa, eller dei ivrige støttespelarane deira på ytste venstrefløy i Noreg.

Kor finn ein slik kunnskap? I første rekke er det reindriftssamane som driv i det berørte området som kjenner naturforholda og si eiga drift, og veit kva denne toler og ikkje toler av inngrep. I andre rekke er det reindriftssamar andre stadar som har røynsle med jernbane og andre inngrep. I norske media har eg ikkje sett at nokon har brydd seg om å trekke denne kunnskapen fram. Det har derimot finsk sameradio, som har spurt reindriftssamar i Sverige om røynslene deira med jernbane og fått klare svar på kva tiltak som fungerer og kva som ikkje fungerer.

(https://yle.fi/uutiset/osasto/sapmi/suomas_boazodoalli_balla_ruovdegeainnus__ruoa_sapmelas_ravve_vuostalastit_nu_guhka_go_vejolas/10128067) Så langt har eg bare funne denne informasjonen på samisk. Når får vi noko slikt på språk dei fleste kan lese i dei landa som tar avgjerda?

Inngrep på inngrep

I fjor ga NRK oss eit godt bidrag til folkeopplysning med reinflytting minutt for minutt. I år vil regjeringa gi løyve til gruveetablering på tvers av denne flyttvegen. Det vi såg på TV kan ha vore ein av dei aller siste flyttingane. Nabodistriktet vil få gruva midt i sommarlandet sitt. Gruveselskapet seier dei vil bare bruke 0,4 % av distriktet sitt areal. Slik viser dei at dei ikkje forstår eller ikkje vil forstå korleis reindrifta brukar naturen. Tidligare distriktsleiar forklarte det slik: Om du har eit to-etasjes hus og fjernar trappa mellom etasjane – kor stor del av buarealet har du da gjort utilgjengelig, 5 % eller 50 %? Dette distriktet har ved sida av gruve på få år vore truga av planar om vindkraft, vasskraft, turistanlegg, kraftleidning og oljebase. Nokre av planane er lagt bort, andre blir gjennomførte og nokre er enno usikre. Enno eit nabodistrikt klarte for få år sidan å stoppe planane om 60–120 vindturbinar midt i sommarbeitet. Planen blei stansa av departementet bl.a. av omsyn til reindrifta, men NVE hevda i det lengste at dette kunne reindrifta leve med.

I Austertana er den største kvartsittgruva i landet. Denne ligg i eit reinbeiteområde. Ordføraren i kommunen hevdar det er godt samarbeid med reindrifta, mens reineigarane gir stikk motsett bilde. Denne gruva vil no utvide dagbrotet til 8 gongar større areal. På Saltfjellet krev no kinesiskeigde Elkem ekspropriert reindrifta sine rettar for at dei skal kunne drive dagbrot etter kvarts.

Det er i dag eit tital vindkraftverk i drift i reinbeiteområde i Noreg. Ei undersøking om 8 av desse viser at dei alle har blitt sterkt ramma av inngrepa. Rørslene til reineigarane er stikk i strid med det offisielle synet at vindkraft går godt i lag med reindrift. På vidda i grenseområdet mellom Tana og Lebesby vil det norsk/svensk/finske selskapet Grenselandet AS bygge det største samanhengande vindkraftanlegget i landet. Det ligg midt i reinbeitedistriktet, men konflikten skal løysast med å leige inn eit konsulentselskap som har som sitt varemerke å konkludere med at reindrifta toler alle inngrep. På Fosen har reindrifta gått til rettssak for å stoppe vindkraftanlegg. To andre vindkraftplanar i Trøndelag, Kalvvatn og Meråker, har nylig blitt stansa av omsyn til reindrifta, men etter lang kamp.

Inngrep i reindrifta skjer ikkje bare gjennom arealinngrep, men også gjennom forskjellige former for statlige reguleringar, som tvangsslakting av rein når flokkane er større enn styresmaktene ønsker. Nylig gikk ei sak for Høgsterett, der ein ung reindriftssame hadde gått til sak for å få kjent ugyldig styresmaktene sitt pålegg om å slakte ned halve reinflokken. Reineigaren vann i to rettsinnstansar, men tapte i Høgsterett, ettersom Høgsterett aldri går mot statsmakta i viktige spørsmål.

Ein anna form for inngrep er at Staten har tvunge gjennom ein flokkstrukturering etter jordbruksmodell, med stort kalveslakt og få okserein, stikk i strid med reindriftssamane sine eigne røynsler om kva struktur ein reinflokk bør ha for å utnytte reinbeitet best mogleg. Dette er ei fortsetting av den fornorskingspolitikken som Stortinget no har sagt ein skal ta eit oppgjør med.

Ein hyllest til reinen?

Nylig kom boka "En hyllest til sauen", med undertittelen "Fortellingen om det lille dyret som bygde landet". All ære til forfattaren Anna Blix, som fortel kva sauen har betydd og betyr gjennom tidene her i landet, samtidig som ho ser kritisk på korleis sauedrifta har utvikla seg i seinare tid. Ved sida av sauen, er det først og fremst reinen som beitar i norsk natur. Mens vi grovt anslått har nær ein million sauer, har vi omlag 30000 villrein og 200000 tamrein. I heile verda er det omlag 3 mill. villrein og 2 mill. tamrein. I motsetning til dei aller fleste sauene går reinen ut heile året og livnærer seg vesentlig av det han finn i naturen. Når kjem boka "Ein hyllest til reinen"?

Reinen har vore her i landet minst like lenge som menneska. Det finst ikkje noko historie om eit Noreg utan rein. Reinen har utnytta den vegetasjonen han fann, og vegetasjonen har tilpassa seg til reinbeite. Reinen er ein del av norsk natur, som vill eller som meir eller mindre tam.

Temming av rein er ein tradisjon som går tusener av år tilbake i tida. Lenge blei tamreinen brukt til trekk- og kløyvdyr og til hjelp ved villreinfangst, mens villreinen var hovudkjelda for mat og for skinn til klede, skattebetaling og handel. Skattepresset førte til at både villrein og anna vilt blei kraftig redusert og nomadisk reindrift som hovudnæring blei den vanlig driftsformen. I Finnmark har ein i alle fall sidan 15-1600-talet hatt eit flyttemønster der dei fleste reindriftssamar har følgt reinen mellom vinterbeite på innlandet og sommarbeite på kysten. Etter kvart blei villreinen temma eller utrydda i alle tamreinområda, og det er no bare villrein i fjellet i Sør-Noreg.

Samisk næring og kultur

Reindrift har i Noreg og Sverige gjennom tidene i all hovudsak vore ei samisk næring. Samane har utvikla stor kunnskap om rein og reindrift, med ein fagterminologi på hundrevis av ord om rein, snø og beiteforhold, som ikkje har noko parallell på norsk. Store delar av den samiske kulturen er knytta til reinen. Samane har hatt si eiga organisering av forhold mellom reineigarar og reinflokkar. Til dem samiske reindriftskunnskapen hørte kunnskapen om korleis ein flokk best burde vere samansett i kjønn og alder, for å utnytte beitet godt og gi godt utbytte til eigarane, samt når og korleis ein burde flytte mellom dei forskjellige områda som reinen trong til forskjellige årstider, og korleis ein kunne utnytte forskjellige område ut frå skiftande vær og klima.

Kolonisering

Statlige styresmakter greip etter kvart meir og meir inn i reinbeiteområda. Da statane trekte grenser tvert gjennom samiske område, garanterte dei først fri reinflytting etter gamal skikk, men seinare blei desse løfta brote. I 1852 blei grensa mellom Finland og Finnmark stengt og dermed blei store delar av det gamle flyttesystemet brote. Reindriftssamane måtte anten finne seg nytt vinterbeite på norsk side, bli verande året rundt i Finland, flytte ut til heilt andre område eller finne seg anna levebrød utafor reindrifta. Liknande prosessar skjedde etter at mange svenske samar utover 1900-talet mista sommarbeiteområda sine i Troms.

Frå 1600-talet i Sverige og 1700-talet i Noreg skjedde det ei bevisst statsstøtta kolonisering av nybyggarar i reinbeiteområde. Reindriftslovgivinga tok i første rekke sikte på å regulere reindrifta, så denne ikkje kom i vegen for jordbruk og anna utnytting av områda. Det var ingen tvil om kva næring som var prioritert av styresmaktene. Lappekommisjonen av 1897 meinte at reindrifta frå svensk side måtte forbyast og at reindrifta i Noreg bare skulle bestå inntil vidare, og ikkje måtte hindre «Landets fortsatte Rydning, Dyrking Bebyggelse og anden lignende Andvendelse».

Reindriftslov som statlig overgrep

Lovgiving og forvaltning tok sikte på å avgrense reindrifta til fordel for andre næringar. Likevel fikk reindriftssamane stort sett organisere drifta som dei sjølve ville, innafor dei geografiske rammane som staten sette. Etter kvart skulle staten gripe meir og meir inn. Det blei innført reinbeitedistrikt, reglar for merking og etter kvar øvre reintal for kvart reinbeitedistrikt. Det største inngrepet var reindriftslova av 1978 og reindriftsavtala som kom på same tida. Bare dei som dreiv reindrift som hovudnæring skulle få lov å eige rein. No skulle reindrifta bli ein rein kjøttprodusent, styrt etter norske landbruksprinsipp. Flokkane skulle strukturerast for å gi mest mogleg kjøtt og kalveslakt skulle premierast. Det blei sett fullstendig bort frå tradisjonell samisk organisering og kunnskap.

Utbreidd kunnskapsmangel

Reindrifta brukar omlag 40% av arealet i Noreg. Over store delar av dette området har det vore og er stadig konfliktar kring retten til reinbeite eller offenlige og private inngrep i reinbeiteområde. Likevel har dei aller fleste i Noreg eit heller fjernt forhold til reindrift. I kva grad har vi sett oss inn i kva denne næringa bidrar med av mat, råvarer for forskjellige formål, kultur og kunnskapar?

Eg som skriv dette ser som 99,9 % av befolkninga her i landet reindrifta frå utsida. Men etter å ha studert nokre av dei aktuelle konfliktane og prata med ein del reindriftsamar har eg kome til at om vi vil at denne særeigne næringa og kulturbæraren skal overleve i framtida, krev det at langt fleire engasjerer seg.

Reindriftsekspertane

Noreg kryr av "reindriftsekspertar", folk som skråsikkert uttalar seg om reindrifta. Blant lokalbefolkninga i reinbeiteområder er det mange som meiner å vite heilt sikkert at reineigarane har gjeteplikt i den forstand at dei er forplikta til døgnet rundt å halde all rein borte frå uinngjerda jorde, hagar og vegar, men at dei ikkje bryr seg om dette fordi dei er late og bare er ute etter erstatning når reinen blir kjørt i hel. Ja, mange "veit" til og med at reineigarane aktivt driv reinen ut på vegane og inn i bustadområde.

Mange "reindriftsekspertar" har eller har hatt høge posisjonar i forvaltning og politikk. Arbeiderpartiet sin nylig avgåtte nestleiar uttalte som næringsminister at det ikkje var noko problem å drive gruvedrift og reindrift i same område. Da han blei utfordra på å vise konkrete eksempel, klarte han etter nokre månadars leiting å spa opp eitt eksempel. Ved nærare ettersyn viser det seg at det der slett ikkje har vore bare fredelig sameksistens, men store konfliktar, og nokre reineigarar gav opp drifta pga. gruva.

Det finst ei mengde argument som kan brukast mot reindrifta. At ho er til hinder for utvikling er vel det vanligaste argumentet. Reindrifta har så mye areal at ho må kunne dele litt med seg, ikkje vere så egoistiske. Vi skal da også ha plass til jordbruk, vegar, jernbane, militæranlegg, gruver, kraftanlegg, hyttefelt, turistanlegg, osv. Og om det skulle vere kalveområde for rein – pytt dei må da kunne kalve ein annan stad. Vi skal da bare bruke nokre få prosent av det gigantiske området deira.

Blant "reindriftsekspertane" finn vi to utbreidde syn: Anten er reindrifta gamaldags, no i tida bur vi i ro. I den grad vi treng kjøtt, kjøper vi det på butikken, om vi absolutt skal ha levande dyr kan dei stå på bås eller i alle fall inngjerda. Eller så er ho alt for moderne: Reindriftssamane har terrengkjøretøy for både sommar og vinter, bilar, mobiltelefonar og datamaskinar. Dei er derfor ikkje lenger urfolk og ikkje kulturbærarar. Begge variantane ender med same konklusjon: Reindrifta skal ikkje ha noko vern mot inngrep i bruksområda sine.

Innafor "venstresida" finst det ein eigen variant av reindriftsekspertise: Det er folk som "veit" at det er nokre få rike reineigarane som bestemmer. Desse vil rane til seg eigedomsretten over heile vidda, evt. heile Nord-Noreg. Derfor må venstresida forsvare "allmenningen" mot reindrifta og drengane i reindrifta mot reineigarane.

Folkeopplysning i media?

I norskspråklige media er det generelt svært skralt med reindriftskompetanse. Norske media held seg med spesialistjournalistar på ei rekke emne frå sport til kongehus, men kor finn ein media som har kompetanse på reindrift eller bryr seg om å skaffe seg det?

Klassekampen er eit av få riksmedia som i periodar har brydd seg om reindrifta. Men under noverande leiing er dette ikkje prioritert. Da stillinga som journalist for Nord-Noreg var annonsert, var ikkje reindrift og samiske spørsmål med blant det redaksjonen ville prioritere. Da underteikna i haust forsøkte å få inn i avisa ei etterlysing av meir stoff om inngrepa i reindriftsområde (http://sveinlund.info/media/klasserein.htm), blei innlegget refusert. Lesarane skal verken få vite kva som skjer med reindrifta eller at mange lesarar ønsker at avisa skal fortelje det.

Miljørørsla

Kor er så miljørørsla? I løpet av få år har etter tur Miljøvernforbundet, Bellona, dyrevernorganisasjonar og leiinga i MDG vore på besøk nordpå og snakka tull om reindrifta. Naturvernforbundet har fleire stadar lokalt samarbeida med reindrift og samiske organisasjonar mot inngrep, men presterer likevel i 2018 å sende ut eit utkast til prinsipprogram som ikkje nemner reindrifta med eit ord.

For få år sidan sa ein daverande stortingsrepresentant for SV at reindrifta ikkje hadde livets rett. Eg prøvar å komme på ein norsk partileiar som har engasjert seg til forsvar av reindrifta, men kan ikkje komme på nokon.

Kven treng reindriftskunnskap?

Over 100 kommunar har areal som er brukt av reindrift og er derfor forplikta til å ta omsyn til denne ved arealplanlegging. Men i dei fleste av desse kommunane finst det knapt folk med reindriftskompetanse verken i kommunestyre eller forvaltning. Reindrifta er i all hovudsak ei samisk næring og ein stor del av den samiske kulturen og dei samiske språka er knytt til reindrifta. Når reindriftssamar må gi opp går bare ikkje ei næring tapt, men det er eit stort tap av kultur, språk og kunnskapar om natur og naturbruk.

Over heile reindriftsområdet kjempar reindriftssamar i dag for si eiga framtid. Men samtidig kjempar dei også for naturen og for oss alle som ønsker at det skal vere inngrepsfri natur igjen i Noreg. Derfor treng vi alle kunnskap om reindrifta. Kven tar ansvar for å gi det?

Svein Lund


Til hovudsida.