Innlegg i Finnmark Dagblad, 26.04.96.

Svein Lund:

Ka er vi redd for?

Nordmennene i Finnmark er no redde for Samerettsutvalget. Det fortel aviser og radio nesten kvar dag for tida. Dei vil miste alle rettar og bli nærmast rettslause i sitt eige fylke. Vi må betale for å plukke moltebær. vi får ikkje fiske laks eller jakte ryper. Bøndene må flytte fra gård og grunn og reindrifta skal bestemme alt ned i fjøresteinane. Sametinget og Samerettsutvalget blir framstilt som det største trugsmålet mol busettinga i Finnmark gjennom tidene. Vi får indre borgarkrig og blir snart Nord-Europas svar på Jugoslavia.
Dette skjer i ei tid da store delar av kysten er ramma av konkursar, nedlegging og permitteringar i fiskeindustrien og fiskarar får ikkje levert. Ved hjelp av Rattsøutvalget vil regjeringa ta knekken på kommuneøkonomien i fleirtalet av kommunane i Nord-Noreg, Postverket vil legge ned 2/3 av postkontora. Gjennom EØS blir vi påtvunge stadig nye EU-reglar som rammar befolkninga i Finnmark, frå fri transitt for ferskfisk til forbod mot heimeslakt, kommunale innkjøp på anbud i heile EØS-området osv. osv. Det store fleirtalet i Finnmark røysta nei til EU for å sikre ei framtid for oss her i den såkalla utkanten. Men regjeringa og EØS har sørga for å gi oss en EU politikk nesten like effektiv som om han kom rett fra Brussel. Innhaldet er det samme: Fri konkurranse, dei store skal bli større og dei små skal bort. Taparane i denne politikken er folk flest i Finnmark og Distrikts-Noreg for øvrig, anten vi er av samisk, norsk, kvensk, tamilsk eller blanda avstamming.

Som under EU-kampane fram til 1972 og 1994 treng vi å stå saman for å sikre ei framtid i nord. Skal vi klare det, krevst det at vi klarer å løyse motsetningane mellom folkegruppene i Finnmark. Det kan vi ikke gjøre utan at vi vågar å gå inn på den historia fylket vårt har og spørre korfor vi har kome dit vi står i dag. Vi må først innsjå at den samiske folkegruppa gjennom århundrer har vore utsett for ein grov urett frå styresmaktene si side. Den norske staten har gjennom lovverket, organisert innflytting/kolonisering, kraftutbygging, mineralutvinning, militæranlegg osv. tatt store område som samane brukte før. Gjennom skoleverket kyrkja, massemedia og ein einspråklig norsk administrasjon har ein forsøkt og langt på veg klart å knekke samisk språk og kultur. Eit av resultata er at mange med samisk bakgrunn har fornekta bakgrunnen sin.

Vi må ta utgangspunkt i denne situasjonen og ikkje, som ein dei av debattantane i samerettsdebatten, forsøke å nekte for å ka som har skjedd. Først da kan vi som er av ikkje-samisk bakgrunn bli likeverdige og truverdige deltakarar i denne debatten og hevde våre rettar samtidig som samane får tilbake noko av det dei har tapt.
Vi har eit fylke som meir enn andre i Noreg er prega av forskjellige kulturar, språk og næringar. Dette er ikkje eit problem, men ein rikdom som vi må halde på og utvikle vidare.
Eit stort problem i debatten er at vi diskuterer på grunnlag av noko vi ikkje veit skikkelig. Samerettsutvalget har gjennom hemmeligheitskremmeriet sitt dei siste ti åra mye av skulda for at vi diskuterer på grunnlag av meir eller mindre truverdige lekkasjer i media. Likevel må det vere tillatt å kreve eit minimum av edrueligheit i debatten. La oss diskutere forslag som finst, ikkje konstruere skremmebilete for deretter å argumentere mot dei.

Det er ingen som har foreslått at vi skal betale for å plukke moltebær eller at norske bønder skal frå gard og grunn. Det er ikkje satt fram krav om verken samisk stat eller etnisk rensing. Vi vil forsatt kunne snakke og skrive norsk til og med til Guovdageaidnu/Kautokeino kommune.
Derimot ser det ut som alle innbyggerne i fylket vil nyte godt av det som kommer slik Finnmark Dagblad skriv om forslaga Samerettsutvalget arbeider med.

Det viktigaste no er å sikre at retten til ressursane kjem tilbake til fylket. Her kan internasjonal folkerett for urfolk, særlig ILO-konvensjonen, vere ei viktig støtte. Vi må finne løysingar som tar utgangspunkt både i samane sine rettar som urfolk og det faktum at vi i dag har ei befolkning av fleire folkeslag. Her kan ei forvaltning som bygger på eit samarbeid/maktdeling mellom Sameting. Fylkesting, kommunestyre og bygdelag vere eit viktig steg framover. Alternativet er fjernstyring frå Oslo og Brussel.
Vi skal ikkje vere redde for diskusjon. Men la oss forsøke å finne felles løysingar bygd på respekt på kvarandre istaden for å male ein viss mann på veggen.


Til hovudsida.

sveilund@online.no