Debattinnlegg sendt Klassekampen 02.05.2007. Prenta 06.06.2007.

Raudt og samepolitikken

På bakgrunn av det Alvin Vaseli har uttalt om samepolitikk i Klassekampen har eg stilt spørsmål til RV/Raudt om om Vaseli sitt syn er i tråd med partiet sin samepolitikk. (http://sveinlund.info/sami/rvsampol.htm)

Det er svært påfallande at Raudt, trass i fleire purringar, ikkje har svart på spørsmåla mine. Ser ein samepolitikk som uviktig eller som eit farlig minefelt det er sikrast i å halde seg unna?

Den som derimot har svart, er Alvin Vaseli. I eit innlegg 18.04. feier han overbord all tvil om at han står for eit samepolitisk syn som ligg langt nærare FrP sitt program enn RV/Raudt sitt. Da RV på 1970-talet gikk inn for samisk folkevald organ og samisk rett til land og vatn, blei dette sett på som ekstreme krav. Kven kunne da tru at 30 år seinare, når styresmaktene langt på veg har innfridd desse krava, står RV-politikarar i Finnmark fram og held narr av Sametinget og dei samiske krava.

I innlegget gir Vaseli ei fullstendig forvrengt framstilling av mitt syn. Dei som trur at eg har skreve eller meint det eg blir skulda for, kan sjekke det mot innlegget mitt, sjå internettadressa over. Eg ser ingen meining i å kaste bort spalteplass på slike forvrengingar.

I det første innlegget skreiv eg at eg ville vite kva RV sto for, så eg visste om eg kunne røyste på partiet til hausten. Seinare har det blitt avklart at vi i Finnmark slipp å spekulere på det, da RV ikkje klarte å stille fylkestingsliste. Eg undrar om usemja om samepolitiske spørsmål kan vere ei medverkande årsak til dette. Strid om samepolitikk har tidligare vore årsak til utmeldingar av RV i Finnmark og til at fleire som er spurt, underteikna inkludert, har nekta å stille på liste. Det er enno ein grunn til at Raudt bør ta dette alvorlig.

Svein Lund


Til hovudsida.