Artikkel i "Menneskerettigheter på retur", hefte fra Norsk folkehjelp 1998
Svein Lund:
Den norske rasismens historie
Uttrykket "statlig rasisme", som brukas om innvandringspolitikken og i behandlinga av innvandrarar, er og fullt dekkande for behandlinga av samane
På 1960-talet skal ein representant for apartheidstyret i Sør-Afrika ha sagt i FN at Norge bare han halde kjeft om diskriminering i andre land. Dei behandlar ikkje sine eigne samar noko betre. Folk her heime var lite klar over det på den tida. Først da sultestreikande samar sette opp ein lavvo på stortingsplassen, vakna folk opp i Sør-Norge.
Jakt på råvarer og menneske
Frå 1400-talet starta europearane å erobre område i andre verdsdelar. Drivkrafta var jakta på mineraler, krydder og sjeldne varer som elfenbein og kvalrosstenner. Seinare blei det tatt råvarer for industrien i kolonimaktene. I nokre koloniar var det bare nokre få kvite administratorar, misjonærar og militære. Andre stadar tok koloniseringa form av ei massiv innvandring av kvite seettlarar. Der blei ofte den opprinnelige befolkninga heilt eller delvis utrydda gjennom jakt, krig, sjukdommar og sult. Nokre gikk inn i innvandrarbefolkninga, settlarane, gjennom blandingsekteskap der innvandrarkulturen dominerte.
Kolonisering i nord
Den norske rasismen er gamal. I dansketida var Danmark ei kolonimakt, med koloniar i Afrika og Vestindia. Mange slaveskip var norske. Koloniseringa hadde ikkje vore mogleg utan ein rasistisk ideologi, eit tankesett som gjennomsyra statsapparatet og hadde støtte blant folk flest, anten det var i Rhodesia/Zimbabwe eller i Bardu.
Samtidig med slavehandelen i Afrika foregikk det ei kolonisering i nord. Befolkninga der blei og sett på som undermenneske. Dei var ville og hedningar, og områda deira var rike på ressursar. Koloniseringa tok ulike former, som plyndring, skattlegging, handel, tvangsarbeid, kristning, nydyrking, fornorsking og ran av ressursar. Som dei amerikanske settlarane på prærien og dei engelske og nederlandske i Sør-Afrika, fikk vi norske settlarar i Troms og Finnmark. Denne nydyrkinga blei kalt med sitt rette namn på 17- og 1800-talet: Kolonisering
Den praktiske koloniseringa og den rasistiske ideologien gikk hand i hand. I 1776 sa Amtmanden i Nordlandene: "Disse unyttige og skadelig omløbende laper er det just som man ønsker å få ryddet av landet. ... Denne forjagelsen kan ikke skje på annen og bekvemmeligere måte enn at deres gammer eller torvhytter blir nedrevne og oppbrendte".
Fornorsking
Skulle dei samiske områda i nord bli norske, måtte befolkninga bli norsk. Det blei forbode å bruke samisk og kvensk i skolen. Samane møtte i fleire generasjonar ein skole dei skjønte lite eller ingenting av. Fornorskinga hadde som mål å få den samiske kulturen og det samiske språket til å forsvinne heilt. Stortingsrepresentant, seinare statsminister Johannes Steen sa i ein stortingsdebatt i 1863: "Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nation".
Frå sist på 1700-talet har innvandring av heilnorske nordmenn til samiske område blitt oppmuntra av styresmaktene. I 1902 kom ein jordlov som sa at den som skulle få kjøpe jord i Finnmark måtte beherske der norske språket og anvende dette i daglig bruk.
Den statlige rasismen er enno ikkje borte. Staten fører framleis ein politikk som uttrykker at samane er eit mindreverdig folk, den samiske kulturen ein mindreverdig kultur og det samiske språket eit mindreverdig språk.
Skolen
I starten av Reform 97 ville KUF fjerne dei samiske læreplanane som grunnskolen har hatt sidan 1988. Dette blei slått tilbake etter at Sametinget engasjerte seg i saka. I vidaregåande skole har styresmaketene vore heldigare i kampen for å beholde og styrke det kulturelle grepet over det samiske folket. Gjennom Reform 94 fjerna dei ein stor del av det særeigne ved dei samiske vidaregåande skolane, blant anna gjennom å fjerne det einaste særeigne samiske grunnkurset og dei samiske studieretningsfaga på allmennfag. Gjennom Opplæringslova vil departementet gå enno eit skritt vidare og gjøre dei samiske vidaregåande skolane til ein ordinær del av det norske skoleverket gjennom å legge dei under fylkeskommunen.
ILO-konvensjon 169 artikkel 27 slår fast at urfolk har rett til eit sjølvstendig utdanningssystem. Den norske staten har aldri vore i nærheita av å oppfylle - eller ville oppfylle - denne konvensjonen.
Til startsida
sveilund@online.no