Kronikk sendt Klassekampen 27.12.2011. I forkorta utgåve prenta 09.01.2012

Privatisering av Finnmark?

Klassekampen har 14.12.2011 ein kronikk med tittelen "Privatisering av Finnmark". Kronikkforfattaren Alvin Vaseli framstiller det som om Finnmarkskommisjonen, som skal utgreie bruks- og eigedomsrettar i Finnmark, betyr ei privatisering av ein tidligare felles eigedom. Dessverre er det mange som trur det samme, og før Finnmarkslova blei innført i 2005, blei det samla mange tusen underskrifter mot lova nettopp under argumentet om at lova og kommisjonen betydde ei privatisering. Sidan denne feilslutninga har slått inn i vide krinsar, er det nødvendig å stille nokre grunnleggande spørsmål:

1. Kva er privatisering?

Vanligvis oppfattast privatisering som at offentlig eigedom, produksjon og tjenesteyting blir overlatt til private, som driv dette på kommersielt grunnlag, ofte gjennom børsnoterte selskap. Vi får assosiasjonar til utviklinga i Aust-Europa på 1990-talet og til ein politikk som Høgre og FrP har stått i spissen for i mange norske kommunar, med konkurranseutsetting av alt frå søppelkjøring til sjukeheimar. Bruken av ordet "privatisering" om Finnmarkseigedommen gir inntrykk av at utmarka skal stykkast opp og delast ut eller selgast til høgstbydande. Men er det det som skjer?

2. Kva skal Finnmarkskommisjonen gjøre?

I Finnmarkslova står det i §5: å fastslå omfanget og innholdet av de rettighetene som samer og andre har på grunnlag av hevd eller alders tids bruk eller på annet grunnlag, opprettes en kommisjon som skal utrede rettigheter til land og vann i Finnmark, og en særdomstol som skal avgjøre tvister om slike rettigheter.

På Finnmarkskommisjonen sine nettsider er oppgåva til kommisjonen slått fast slik:
Finnmarkskommisjonen skal kartlegge eksisterende bruks- og eierrettigheter som folk i Finnmark har ervervet på grunnlag av langvarig bruk. Kartleggingen skal skje på grunnlag av gjeldende rett.
Det er altså ikkje eit spørsmål om å gjøre uomtvistelig offentlig eigedom privat, men om å fastslå kva bruks- og eigarrettar som gjeld.

3. Kva er ein bruksrett?

Med bruksrett meiner ein gjerne rettar som alle eller visse personar og grupper har på grunn dei ikkje sjølve har eigedomsrett over. Ein bruksrett er gjerne saklig avgrensa til det brukaren har behov for til eiga næring eller verksemd. Ein bruksrett kan vere eksklusiv eller han kan vere delt med ei større eller mindre gruppe av bruksberettiga.

Både på offentlig eigedom (statlig, kommunal, Finnmarkseigedommen), på privateigedom og i bygdeallmenning og statsallmenning har folk flest (allmennheten) visse rettar til bruk, normalt retten til å ferdast, plukke bær, sopp og matplanter, telte osv.

På offentlig eigedom kan visse personar ha bestemte rettar som ikkje alle har. F.eks. seier Fjellova at i statsallmenningar er nokre bruksrettar avgrensa til visse grupper, f.eks. har dei som har jordbrukseigedommar innafor eit bestemt område beiterett der, og "Dei gardar og bygdelag som har drive fiske med fastståande reiskap frå gamal tid, skal ha førerett til slikt fiske framom andre." Fjellova har aldri gjeldt i Finnmark, og derfor har dei som har drive bestemte naturbruksaktivitetar frå gamal tid ikkje hatt det samme rettsvernet. Dette er noko av bakgrunnen for at Finnmarkskommisjonen er nedsatt.

4. Kva rettar har reindrifta?

Reindrifta har bruksrett til dei områda som er fastsett som reinbeiteområde. Frå gamalt av sto denne retten ganske sterkt, blant anna i samband med Lappekodisillen av 1751. Men i løpet av 1800-talet blei reindrifta sin bruksrett svekka, det var ikkje lenger "alders tids bruk", men styresmaktene si prioritering av næringar som skulle ligge til grunn. "Lappekommisjonen av 1897" uttalte at reindrift var en "historisk Overlevering, der i ikke ringe Grad virker som Hemsko paa Udviklingen af bedre berettigede og formaalstjenligere Samfundsinteresser". Andre næringar kunne da presse ut reindrifta utan at denne hadde noko lovvern. Først på 1960-talet blei reindrifta sin bruksrett anerkjent som så sterk at reineigarar kunne få erstatning ved inngrep i områda deira på linje med det private grunneigarar kunne få f.eks. ved vasskraftutbygging.
I nogjeldande reindriftslov er dette fastslått slik:
Innenfor det samiske reinbeiteområdet skal det legges til grunn at det foreligger rett til reinbeite innenfor rammen av denne lov, med mindre annet følger av særlige rettsforhold. Ved inngrep i reindriftssamenes reindriftsrettigheter skal det ytes erstatning i samsvar med alminnelige ekspropriasjonsrettslige grunnsetninger.

Kven har så denne retten? Er det ein rett for alle reineigarar kollektivt, evt. for alle samar, eller for ei avgrensa gruppe eller einskildpersonar? I gamle bøker om Finnmark og andre område med reindrift kan ein ofte lese at "lapperne streifer om med sine rener". Det gir inntrykk av at reindriftssamane har streifa fritt og usystematisk omkring, og utnytta område snart her snart der etter eigne og reinen sine innfall. Men sanninga er at samisk reindrift så langt tilbake vi kjenner historia har vore eit fast system der kvar siida hadde sine beiteområde til forskjellige årstider og flyttevegar mellom dei. Folka i ein siida var nært knytta til landskapet sitt. Diktaren Nils Aslak Valkeapää skildrar det slik:

De kommer
og spør hvor jeg hører heime
De har med seg papirer
og sier
dette tilhører ingen
dette er Statens land
...
Men når de spør hvor heimen din er
sier du da alt dette
På Skuolfedievvá reiste vi telt
under vårflyttinga
I Čáppavuopmi hadde vi gamme
i brunsttida
Sommerplassen var på Ittunjárga
og om vinteren var reinen i Dálvadastraktene ...

Diktet som her er gjengitt eit lite utdrag av viser at reindriftssamane utvikla eit eigedomsforhold til det området dei bruka, sjølv om det aldri var snakk om eigedomsrett i juridisk forstand. Heimen var ikkje bare eit hus, det var naturen som ein brukte og levde i.

5. Er eigedomsrett utan avgrensingar?

Eigedomsrett til utmark innebærer bl.a. retten til å selge eller leige ut eit område eller til å ta betalt for visse former for bruk, f.eks. jakt eller fiske. Men også dette er regulert av lovar og reglar, ein må følge statlige reglar for jakt og fiske og ha konsesjon for f.eks. å bygge kraftverk på eigen grunn. Og sjølv privat eigedom kan eksproprierast dersom staten finn ut at ein vil bruke denne eigedommen til anna formål.

Allemannsretten gjeld uavhengig av eigedomsform, og dersom nokon skulle bli tilkjent eigedomsrett over delar av Finnmarkseigedommen, vil det ikkje redusere retten til ferdsel og bærplukking, sjølv om nettopp dette blir påstått av nokre av Finnmarkslova sine motstandarar.

6. Fri natur eller bygdebruksområde?

Vaseli skriv i kronikken at dette er ein strid "mellom de som vil bevare fellesallmenningen og friheten til naturopplevelse, og de som dyrker privat eiendomsrett til naturen". Slik framstiller han det som om bruken av naturen til no har vore fri for alle, men at det skal Finnmarkskommisjonen gjøre slutt på. Men like lite som reindriftssamane har vandra fritt rundt over heile fylket, har andre naturbrukarar gjort det. Både i fjordane og innlandet har mesteparten av naturbruken vore ein lokal bruk. Folk har hatt sine faste fiskevatn, jaktområde, bærmyrer osv., liksom dei tidligare hadde utmarksslåtter. Ein familie eller eit bygdelag kunne rekne eit område som sitt, sjølv om dei ikkje hadde noko støtte i lovteksten.

I innlandet var det i all hovudsak lokalbefolkninga som utnytta naturen, først i etterkrigstida blei det vanlig at folk frå byar og tettstader på kysten og ikkje minst frå andre fylke og land kom for å fiske, jakte rype og plukke moltebær. Lokalt var familiane sine bruksområde i stor grad kjent og respektert, mens innflyttarar og tilreisande ofte ikkje kjente til denne tradisjonen, og derfor heller ikkje respekterte han. Dei oppfatta det slik Alvin Vaseli har gjort: Naturen er fri for alle, og eg som bur i Hammerfest må derfor ha same retten til å plukke moltebær og fiske med garn rundt Láhpoluoppal eller Iskuras som dei som bur der.

7. Kan bruk gi rett?

Juristen Geir Hågvar gir i boka Den samiske rettsdannelse i indre Finnmark: om nordsamenes rettsorden, grunnlovsvernet og selvbestemmelsen ein grundig gjennomgang av korleis rett til bruk av område oppstår på to måtar: Formelle lovvedtak og faktisk bruk. At faktisk bruk av eit område gjennom tidene er rettsdannande er også grunnlaget for opprettinga av offentlige utval som Samerettsutvalet og Kystfiskeutvalet, og ein masse dokumentasjon på denne bruken ligg i utgreiingane som er gjort for dei nemnde utvala.

Det har gjennom tidene kome ut mange bøker som dokumenterer lokale naturbrukstradisjonar i Finnmark, fra Lappiske rettsstudier i 1933 til årets Fiske, fangst og tradisjonell kunnskap i indre Varanger. Likevel er det mye som mangler på at bruken og rettsoppfatningene i de ulike deler av fylket er dokumentert. I utgangspunktet skulle Samerettsutvalget gjøre dette, men klarte bare å gjøre det et lite stykke på veg. Det er denne oppgåva Finnmarkskommisjonen no har fått, og som stadig blir forvrengt til at dei skal privatisere tidligare felleseigedom.

8. Er Finnmarkskommisjonen den beste løysinga?

Så kan ein spørre om metoden med innlevering av krav til ein juridisk kommisjon er beste måte å ta vare på bygdebruksområda på. Mye tyder på at dette ikkje er den beste løysinga, fordi forskjellige brukarar aktivt må reise krav, og desse blir da ståande mot kvarandre. I mesteparten av fylket har det vore fleire brukargrupper som alle ha erverva ein rett til bruk, og rettssystemet må ta omsyn til alle, ikkje bare gi retten til den som ropar høgast. Her deler eg mye av kritikken som tidligare medlem av Samerettsutvalget, Ulf T. Ballo, har kome med i fleire aviser i det siste. Han seier at Samerettsutvalet hadde ei mye betre løysing på dette enn den som blei vedtatt i Finnmarkslova, og at spørsmålet om rettar for fastbuande og reindriftssamar burde løysast gjennom samarbeid og ikkje gjennom rettsvesenet.

9. Kva dreidde Altakampen seg om?

Vaseli spør: "Hvor er fellesskapstanken og frihetsfølelsen fra Altakampen?" Etter 30 år er det framleis usemje om kva denne kampen handla om. Mi oppfatning er at kampen hadde to hovudelement: Han handla om naturvern og han handla om kven som skulle ha rett til å sette igang eller hindre naturinngrep. Det var naturvernet som heldt Folkeaksjonen og heile den breie fronten samla, alle var enige om at dette området var for verdifullt til å øydelegge. Samtidig var spørsmålet om retten til å avgjøre eit vesentlig element; skulle "lovlig fatta stortingsvedtak" kunne overkjøre alle lokale interesser eller skulle lokale og/eller samiske interesser kunne sette foten ned mot inngrep i eige område. Her var ikkje alle enige, verken i Folkeaksjonen eller i ettertid. På slutten av kampen blei samerettsspørsmålet stadig meir framtredande, særlig gjennom sultestreikane og demonstasjonane foran Stortinget. Desse var ein utløysande faktor i opprettinga av Samerettsutvalet. Argumentet som slo gjennom var nettopp at rettstilstanden var uklar, ein innrømte at samar og andre i Finnmark kunne ha rettar som til da ikkje var juridisk anerkjent, og at det derfor var nødvendig med utredningar og vurdering av forvaltningssystemet. Slik sett er både Finnmarkslova og Finnmarkskommisjonen barn av Alta-kampen, sjølv om ikkje alle er like nøgde med resultatet så langt.

"Fellesskapstanken" som eg opplevde i Alta-kampen var at folk med svært forskjellig bakgrunn fann kvarandre i kampen for eit felles mål, å redde elva, sjølv om både motiva kunne variere og også synet på korleis dette naturområdet og naturen i Finnmark forøvrig burde forvaltast. Dei aksjonistane som kom utafrå solidariserte seg med lokalbefolkninga sin rett til å verne sitt eige bruksområde. Eg oppfatta det aldri som ein tanke om at alle skulle ha samme rett til ein kvar form for naturbruk i Finnmark. Å ikkje hugse at sameretten var eit sentralt spørsmål i Altakampen viser eit svært avansert tilfelle av selektiv hukommelse.

10. Krav til sakligheitsnivå?

Det siste spørsmålet går til Klassekampens debattredaksjon: Finst det noko krav om eit minimum av sakligheit for å få kronikk på prent i avisa? Spørsmålet stiller eg på grunnlag av grunngivinga som Alvin Vaseli gir for å skrive denne kronikken: "Hvorfor skriver jeg dette? Jo, fordi partiet Rødt, media og statsviterne ved Universitetet i Tromsø ennå opprettholder mytene om et Finnmark der samene er undertrykt og plaget, bor i lavvo og gammer, jakter på rein og livnærer seg på reinkjøtt, multer og ferskvannsfisk." Eg må seie at eg har vanskelig for å forestille meg at Vaseli kan tru på dette sjølv. Dette er det grovaste eksempelet, men det er også ei rekke andre faktafeil i kronikken, fleire enn at det er plass til å gjengi og tilbakevise dei her.

Vaseli presenterer seg som "lærer og medlem av Hammerfest Rødt". Eg hadde innbilt meg at både av lærarar og Raudt-medlemmar skulle ein kunne forvente eit høgare sakligheitsnivå.

Svein Lund
tidligare lærar og tidligare medlem av Hammerfest RV.


Til hovudsida.