Innlegg i Finnmark Dagblad, 1994

Svein Lund:

Sett Postverket på plass!

Vi skriv 1994. FN sitt internasjonale urfolksår er nettopp avslutta og samisk språklov har vore i kraft i 2 år. Den norske staten har tilsett ein eigen konsulent for samiske og finske stadnamn i Norge.

Likevel erklærer den norske statsinstitusjonen Postverket at dei ikkje kan garantere at brev til Guovdageaidnu kjem fram dersom dei er merka med kommunen sitt offisielle namn. I staden sender dei denne posten like godt til utlandet, for riktig å straffe dei som måtte finne på noko så sjukt som å bruke samiske stadnamn i Kongeriket Norge.

I framtida vil leiinga i Postverket i lag med Statens Vegvesen stå omtalt i historiebøkene blant dei mest forstokka fornorskarane. I mellomtida bør vi gi dei ei lita påminning om ka dei gjør.

I dag har eg vore på posthuset som framleis bærer det forfinska namnet KAUTOKEINO: Der fikk eg heilt gratis ein masse adresseendringskort. Og kvar gong eg heretter får brev med adressa 9520 Kautokeino, fyller eg ut eit kort og sender tilbake med melding om at adressa mi er endra til N-9520 GUOVDAGEAIDNU. Om alle med adresse på 9520 gjør dette, vil det vere ein god start. Seinare kan ein jo ta opp ideen på andre stader, slik som i:
9730 Kárášjohka
9845 Deatnu
9800 Čáhcesuolu
9900 Girkonjárga
9700 Leavdnja
9710 Billávuotna

Og skulle vi få brev frå Postverket sjølv, kan vi jo sende dei i retur med melding om i at det er feil adresse. Lukke til!

Med helsing/dearvuođaiguin
Svein Lund,
N-9520 Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no