Debattinnlegg i Finnmark Dagblad 08.08.2008

Samepolitisk debatt og personangrep

Dei siste åra har debattsidene i finnmarksavisene vore sterkt prega av samerettsdiskusjonen. Det er bra, for det trengs å lufte dei forskjellige meiningane som finst i eit så samansett fylke som vårt. Men går det ikkje an å diskutere utan å gå til personangrep? Det har no blitt heilt forutsigbart at så snart noko vågar seg til å forsvare samiske rettar, går motstandarane til knallharde angrep, ikkje bare på meiningane, men også på personen. Eg kjem i farta på minst 6 personar som har vore utsatt for dette dei siste par åra. Avsendarane av personangrepa har i all hovudsak postadresse Hammerfest. Det siste ufine angrepet, som fikk meg til å skrive dette, sto i Altaposten 04.08. og Finnmark Dagblad 05.08. under tittelen "Laila Susanne Vars er uhyre nedlatende". Tittelen talar for seg sjølv og viser nivået. Det minner om det som i forballspråket kallast å ta mannen i staden for ballen. Hensikta synast å vere å skremme folk frå å delta i debatten med å henge dei ut offentlig. Det er kanskje forståelig at ein må ty til slike skitne knep når ein ikkje har bedre argument.

Svein Lund


Til hovudsida.