Debattinnlegg i Finnmark Dagblad mai 1996

Er Finnmark heilnorsk?

I Finnmark Dagblad 29.4. presenterer Jan Nervik frå Lakselv korfor Finnmark er heilnorsk og alltid har vore det, eller i alle fall dei siste 1496 åra. Formålet med innlegget uttrykker han slik sjølv: "å klemme inn et motangrep på sameaktivistene". For ikkje å sprenge all spalteplass må eg la dei fleste historieforfalskingane og logiske kortslutningane ligge, og konsentrere meg om kordan bruke historiske hendingar som argument for kem som har rett i dag?

Kjære lesarar, her får dokker servert første setninga i Nervik sitt innlegg på nytt. Les ho tre gonger og tenk over ka dette betyr: "Etter som Ottar reiste her forbi og skrev bok i England om oss, ca. 800, tør jeg kalle Finnmark til og med Kola for norsk område allerede år 500." Eit klarare forsvar for at kolonisering gir eigedomsrett med tilbakevirkande kraft har eg enno tilgode å sjå. La oss ta nokre parallellar:
1. Etter som Leiv Eirikson oppdaga Amerika rundt år 1000 og fortalde om dette på Grønland, kan vi rekne Amerika som norsk allereie frå år 700.
2. Ettersom Vasco da Gama fann sjøvegen til India i 1493 måtte Afrika og India reknas som gamal portugisisk eigedom og det var heilt rimelig at ein del av disse områda blei innlemma i det portugiske riket, i lag med Brasil og andre naturlige portugisiske provinsar.
Lista kunne gjøras mye lenger,

Nervik kjenner seg tydeligvis vel i gamal kolonialistisk ånd. Eg forstår bare ikkje korfor han ikkje trekker den naturlige konklusjon; at Noreg må få tilbake det gamle norske området Kola som russarane så skammelig har røva frå oss. Vi må og få tilbake Island, Grønland, Vinland, Shetland, Irland, Normandie, Jemtland og Herjedalen.

"Det samiske er helt uten dokumentasjon og altså uten bevis". Som indianarane før Columbus [I ettertid har eg funne ut at dette er ikkje heilt rett, nokre av dei innfødde eller "indianske" folka i Amerika hadde faktisk eigne skriftspråk.] og dei fleste innfødde folkeslag i Afrika, var samane eit folk utan eit skriftspråk før koloniseringa. Men beviser mangelen på runeinnskrifter på samisk frå vikingtida at her ikkje var samar?

Ottar er Nervik si hovudkjelde og hovudargument. Som samane han budde blant kunne han heller ikkje skrive og måtte heilt til England for å finne nokon som kunne notere ned historia om ferda hans til Kvitsjøen. Men la oss ta han på ordet og høre ka han fortalte: "Ottar sa til herren sin, Alfred konge, at han budde lengst mot nord av alle nordmenn. Han fortalde at han budde nord i landet ved Vesthavet. Han sa at landet likevel når mye lenger mot nord, men at det er heilt ubygt. Einast på nokre få stader her og der held finnar til. Om vinteren driv dei med jakt og om sommaren med fiske ved havet. ... Etter at Ottar for heimanfrå hadde han ikkje sett bygt land. Heile vegen var det ubygt land på styrbord side. Han hadde einast møtt fiskarar, fuglefangarar og veidemenn, og dei var alle finnar." (Dette siste fortalte han etter å ha reist heile strekninga frå Troms til Kvitsjøen.) Norsk land?

Det er ikkje grenser for kor bra vi norske er: "Vi norske har tuktet alle nabostatene, og også andre farer, så som tsjuder, bjarmer, kareler, kvener, mongoler, tartarer og det som ellers har kommet på røvertokt." Dette er virkelig stor fornying av norsk historieskriving. I ein periode da Norge ikkje ein gong var eit sjølvstendig land skal vi ha tukta folk heilt bort til Mongolia. For kem har før hørt at mongolar og tatarar nokon gong har nådd fram til område med norsk busetting?

I 1848 ga Finansdepartementet som grunn for at Staten hadde rett til jorda i Finnmark at området "oprindelig kun var beboet af et Nomadefolk, Lapperne uden faste boliger" . På dette grunnlaget slo ein fast at "Finnmarken har derfor fra de ældste tider været betraktet som en Colonie".

Eg må få med eit sitat til frå Nervik, virkelig eit glansnummer: "Min påstand om at Finnmark er norsk og ikke samisk støtter seg derfor på dokumenterte og beviselige hendelser, men kanskje først og fremst på det faktum at mens alle andre landområder på nordkalotten har skiftet eier flere ganger, så har Finnmark vært norsk sammenhengende i både ett og sannsynligvis i flere tusen år." Før 1619 skattla russarane ned til midt i Troms. Dei første kyrkjene i Indre Finnmark blei bygd av svenskar og prestane snakka finsk. Norge har vore under Danmark i 400 år og under Sverige i nesten hundre og Sør-Varanger var russiskdominert til 1826. Men Finnmark har ikkje skifta eigar i motsetning til "alle andre landområder på nordkalotten" som f.eks. Nord- Sverige, Troms og Nordland!!

Sjølv har eg vel kanskje ikkje rett til å uttale meg om saka, ettersom eg ikkje er fødd i Finnmark og ikkje har budd her meir enn eit par og tjue år. Men området som slekta mi kjem frå er i alle fall heilnorsk om noko slikt finst. Kanskje dei som meiner Finnmark er så heilnorsk skulle ta ein tur og samanlikne for å finne ut at Finnmark nok ikkje er så heilnorsk likevel. Trass all tvangsfornorsking er både det samiske og det kvenske enno sterke element i mesteparten av fylket.

Det er forståelig at nokre norske (og nokre som forsøker å tru dei er norske) i Finnmark reagerer mot ein del av forslaga som har kome fram i samerettsdebatten, som at Sametinget skal styre heile fylket. Vi må finne fram til forvaltningsmåtar som gjør at vi alle kan ha ein plass i fylket. Men vi når aldri fram ved å yppe til krig gjennom å fråkjenne "motparten" all historie og bakgrunn i Finnmark. Først må vi anerkjenne den samiske bakgrunnen til fylket (korfor heiter det Finnmark?), så kan vi hevde rettane som den norske og kvenske befolkninga sjølvsagt og må ha.

Svein Lund

heilnorsk nordmann

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
T
il startsida

sveilund@online.no