Artikkel i Klassekampen, 03.07.84

Nytt lys på samiske rettar

KAUTOKEINO, Landsmøtet i Norske Samers Riksforbund: I 1862 hogde ein reindriftssame i Nordland to friske bjørketre på privat grunn og trea laga han seg ski av. Lite ante han da at dette skulle bli brukt i diskusjonen om samiske rettar i 1984. Det blei nemlig reist straffesak mot reindriftssamen, men han blei frifunne i Høgsterett, grunngitt med «det historiske forhold mellom lappene som de opprindelige beboere av landet og de innvandrede norske eiendomsbesittere».

Tekst og foto: SVEIN LUND

Seinare har norske styresmakter med domstolar og politimakt til hjelp forsøkt å redusere samane sine rettar til såkalla «tålt bruk», dvs. til å bruke det området ingen andre i øyeblikket ser seg nytte av.

Sjølv om tvistar mellom nordmenn og samar alltid har blitt dømt etter storsamfunnet sine lover, så har rettsvernet til samane vore langt større i tidlegare tidar enn i dette hundreåret. Men denne historia har vore lite kjent. Formannen i Samerettsutvalget, Carsten Smith, foreleste på NSR-landsmøtet om «nytt lys over lappekodisillen av 1751». Der trakk han fram den omtalte dommen fra 1862, og andre dommar som er falt i medhold av lappekodisillen. Denne var eit vedlegg til grenseavtalen mellom Sverige og Noreg, og slår fast reindriftsamane sine rettar på tvers av grensa som da blei trukke opp gjennom Sameland. Men den har og blitt brukt til å dømme i tvistar mellom nordmenn og samar på norsk side av grensa, og i tvistar over grensa som ikkje gjaldt reindrift, så som fiske i Tana.

I lappekodisillene snakker ein om «den lappiske nasjons konservasjon», mens verken den norske eller svenske staten dei siste hundre åra har vore villig til å anerkjenne samane som eigen nasjon eller folk etter folkeretten.

Smith hevda at lappekodisillen aldri er blitt oppheva og derfor fortsatt er gyldig svensk og norsk lov, og han stilte spørsmålsteikn ved om ein av partane i det heile hadde rett til å seie den opp.

Det som den gang heitte lappekodisill ville i dagens språk heite samelov, og når nå Samerettsutvalet foreslår ein eigen samelov og grunnlovsfesta status for samane, er dette noko av det rettsgrunnlaget dei bygger på.

Materialet Smith presenterte er lagt fram av ei arbeidsgruppe under Samerettsutvalet, og om konklusjonane deira held vil det seie at mye av den rettspraksisen vi har sett i dette hundreåret bryt ikkje bare med samisk rettsoppfatning, men og med gjeldande norsk lov. Bl.a. gjeld dette Alta-dommen av 1980/81. Her trakk Leif Dunfjell frå Sámi Instituhta fram ein dom frå 1674 der striden sto mellom Kautokeino og Karasjok om retten til laksefiske i Sautso. Poenget her er at bøndene i Alta som i dag gjer krav på denne retten ikkje var aktuell part i saka i det heile. Men denne dommen var ikkje kjent for retten da Alta-dommen fall. Mange andre rettsavgjerder har og vore ukjente i vår tid. Sámi Instituhta i Guovdageaidnu har lagt mye arbeid i å grave fram denne historia som bl.a. viser at samane sin rett til naturressursane tidligare ble anerkjent ikkje berre som bruksrett, men som eigedomsrett. žpŽ Men instituttet er avhengig av løyvingar frå dei nordiske regjeringane og får ikkje nok til å forske grundig og til.å gjere resultata kjent. På det viset kan regjeringane bruke makta si over pengesekken for å hindre at det blir avslørt korleis dei urettmessig har tatt i frå samane urgamle rettar. žpŽ Dunfjell hevda at om ein får slått fast at samane gjennom reindrift, jordbruk, fiske og utmarksnæringar har erverva seg retten til eit område må denne retten i dag kunne overførast retten til anna bruk av naturen der, som gruvedrift og industri. Og da er ikkje dette lenger bare gamal historie, men høgst aktuell politikk. For samtidig med NSR-landsmøtet var det eit møte i Guovdageaidnu der resultatet av dei siste åras malmleiting i Finnmark blei lagt fram...


Til startsida

sveilund@online.no