Innlegg i aviser i Finnmark, 1997

To politiske sjølvmord

På kort tid har vi i Finnmark vore vitne til to tragiske politiske sjølvmord i Finnmark. Det første gjorde Finnmark Sosialistisk Venstreparti ved å velge ein stortingskandidat som i første rekke er kjent for å gå mot samiske rettar. Det neste gjorde Norske Samers Riksforbund ved å nominere ein EU-tilhengar som sametingspresidentkandidat.

I 1994 som i 1972 stemte omlag 3/4 av finnmarkingane mot norsk medlemskap i EU. I 1989-91 blei den hardaste miljøkamp i norsk historie utkjempa i Alta. Kystbefolkninga har kjempa for freding av fjordane mot fiske med aktive reidskapar, for utvida fiskerigrense osv. I 1994 protesterte sametingspresidenten i Ráitevárri i Káráójohka mot Rio Tinto Zink si diamantleiting. Dette er nokre eksempel på den kampen som folk i Finnmark har vore nøydd å føre for å beholde eller gjenvinne kontrollen over eigne naturressursar. Frå vikingtida og Hansa-tida har ressursane i Finnmark blittt rana utafrå, mens befolkninga i fylket har blitt sittande igjen med smulane og "finnmarkspakker" til trøst.

I denne kampen treng vi å stå sammen både kyst og innland, samar og nordmenn. Det er derfor trist at to av dei største og viktigaste organisasjonane i kampen for kontroll over ressursane no ser ut å ha meldt seg ut av denne, og på det viset begått sjølvmord i forhold til sitt eige politiske grunnlag.

SV Finnmark SV har tidligare vore ein forsvarar av Finnmarksbefolkninga sin rett til ressursane. Dei var konsekvente mot EU og EØS, dei har forsvart kystbefolkninga sin rett til fiske og gått mot fri mineralleiting osv. Men no fører Finnmark SV rein Høgrepolitikk i samepolitiske spørsmål. Det blei nylig bekrefta av Ole Martin Rønning frå Finnmark Høyre. Det ser faktisk ut som SV legg seg enno eit hakk lenger til høgre. Førstekandidaten til SV har gått så langt at han vil seie opp internasjonale avtalar fordi disse anerkjenner urfolk sin rett til land og vatn. No har dei tatt opp kampen med FrP om den mest samefiendtlige politikken. Vil FrP få støtte frå SV neste gang dei stiller forslag i Stortinget om å legge ned Sametinget?

Med å avskrive sameretten har SV dermed avskreve den viktigaste juridiske reiskapen vi har til å få ein lokal / regional forvaltning av ressursane i Finnmark. Resultatet er å overlate fylket til det statskapitalistiske Statskog, til Rio Tinto Zink, Kjell Inge Røkke og SAS.

NSR Norske Samers Riksforbund har gått i spissen for å reise kampen for samisk kultur og utdanning og snu fornorskinga. Dei har mye av æra for å ha satt spørsmålet om retten til land og vatn på dagsorden. NSR har betydd mye for samane, men og for den øvrige befolkninga i Finnmark. Dei sto saman med fleirtalet av lokalbefolkninga mot Alta-utbygginga og NSR har i Sametinget stått for ein plan for dei samiske kyst- og fjordområda som og vil komme den norske og kvenske kystbefolkninga til gode om han blir gjennomført. Det Sametinget gjør og det NSR gjør som "regjeringsparti" i Sametinget er viktig for heile befolkninga i Nord-Noreg. I åra før folkeavstemninga i 1994 var NSR ein viktig del av fronten mot EU i dei samiske områda. Vi, det store fleirtalet i Nord-Noreg som stemte nei, meinte vi kunne stole på NSR, der heile sametingsgruppa røysta mot både EU og EØS.

Midt oppe i alle angrep på samiske rettar frå SV sin førstekandidat og andre Fremskrittsparti-folk er vi faktisk ein del ikkje-samar i Finnmark som har sett Sametinget og sameretten som noko som kan vere med å berge Finnmark frå dei store mineralselskapa og anna rovdrift, som kan hindre at EØS / EU sin frie flyt skal legge ressursane i Finnmark open for all verda, som kan hjelpe til å skaffe fylket si befolkning, uavhengig av etnisitet, styring med fiskeressursane. For oss er det tragisk når NSR i dag legg seg politisk død på dette viset. Har virkelig NSR-medlemmane glømt at den nye presidentkandidaten deira i 1992 var sekretær for Kommunaldepartementet si utreiing "Samene og Europa", ei utreiing for å bagatellisere skadeverknadane av EU-medlemskap for samane, ei utreiing som seinare blei slakta i Sametinget. Har dei glømt at Sametingsrådet i 1994 samrøystes slo fast at sameprotokollen i EU-forhandlingane "innebærer et betydelig tilbakeskritt for norsk samepolitikk"? I Nordlys 24.3. står presidentkandidaten fram som "ja-mann med småbokstaver". Trur han eit det finst eit snillare "eu" ved sida av EU, eller låg han lågt for å kunne bli vald av ei forsamling der det store fleirtalet er nei-folk? Eg trur framleis det store fleirtalet av NSR sine medlemmar er EU-motstandarar. Eg trur ikkje dei ønsker at samiske område og Noreg skal styras frå Brussel. Eg trur ikkje dei ønsker at Noreg skal vere med i rikmannsklubben mot dei fattige landa. Eg trur ikkje dei ønsker at vi skal bli tvungen til ein politikk som skjærer ned på alle sosiale ordningar for å komme med i pengeunionen, som nektar miljøverntiltak fordi det hindrar den frie flyten av varer. Eg trur dei meiner alvor når dei snakkar om samisk sjølvråderett. Men korfor går dei da bort å velger ein leiar som vil gå i motsatt retning?

Dette er ikkje bare ei sak for NSR eller dei med stemmerett til sametingsvalet. Sametinget er for viktig for alle i Finnmark til at vi kan sitte tause og sjå på det tragiske som no skjer. Vi får bare vone at samiske EU-motstandarar våknar før det er for seint så EU- tilhengarane ikkje med dette legg også Sametinget dødt.

Svein Lund

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no