Reportasje i Klassekampen juli 1990, denne teksten er noko lenger enn den somkom på prent i avisa.
Opprettinga av Sametinget har endra heile det samepolitiske landskapet i Norge. Men kor blir så plassen til dei samiske organisasjonane? Norske Samers Riksforbund (NSR) som i helga avslutta sitt 22. landsmøte, klarte ikkje å samle seg om noko svar på dette.
Av SVEIN LUND, FINNFJORDBOTN
Skal NSR i framtida sjølv delta i Sametinget, eller halde seg utafor og overlate Sametinget til eit eige valforbund? Dette var det store spørsmålet som som i tre dagar splitta delegatane på landsmøtet, som blei avvikla i Finnfjordbotn i Troms. For å unngå kløyving av organisasjonen måtte ein utsette heile saka til neste år.
Sidan starten i 1968 har Norske Samers Riksforbund vore ei leiande kraft i samepolitikken i Norge. Det var NSR som sette opprettinga av eit folkevald samisk organ på dagsordenen. I dag er Sametinget etablert, og NSR har til og med fleirtal der. Men med at NSR vann denne viktige sigeren, fjerna dei samtidig mye av sin eigen funksjon. Heretter blir Sametinget det viktigaste organet for å fremme samiske interesser overfor den norske staten, og spørsmålet for NSR blir da korleis dei best skal organisere seg for å nå fram i denne situasjonen.
Innstillinga frå fleirtalet i styret gikk ut på at NSR for framtida bør vere uavhengig av Sametinget, og ikkje stille lister til vala, men istaden oppmode NSR-medlemmar til å ta initiativ til eit eige valforbund. Det vil virke splittande på organisasjonen dersom NSR sjølv skal fungere som eit politisk parti på Sametinget, hevda leiaren Ragnhild Nystad, og viste til dei problema som hadde vore ved sametingsvalet i fjor haust, der NSR-medlemmar i fleire valkretsar sto opp mot kvarandre, som kandidatar for forskjellige lister.
Etter innleiingane første dagen virka det heilt ope kem som ville få fleirtalet med seg, og mange av delegatane var sterkt i tvil ka som ville bli konsekvensen av dei to organisasjonsmodellane. Noko løysing kom heller ikkje i løpet av diskusjonen på fredag. Det blei heller ein holmgang mellom grupper med klare standpunkt, og det blei klart at ein del delegatar stilte med bunde mandat etter vedtak i lokalforeningane. Frå nokre av tilhengarane av styrefleirtalet blei det truga med kløyving og utmelding.
Styret blei skarpt kritisert for å ha tatt standpunkt før
diskusjonen starta i lokalforeningane. Blant dei som gikk inn for at NSR
sjølv skulle stille lister, var sametingspresident Ole Henrik Magga,
tidligare leiar i NSR.
- Vi vil miste politisk innflytelse om vi ikkje er
i Sametinget, hevda dei. NSR har alltid vore ein politisk organisasjon, set
vi oss utafor det viktigaste samepolitiske organet, blir vi redusert til
ein kulturorganisasjon. Vi har ikkje råd eller kapasitet til å
holde to organisasjonar med det samme politiske grunnlaget.
Dei som støtta
styrefleirtalet frykta at NSR som valorganisasjon vil føre til
kløyving. Det internasjonale arbeidet vil og lide, NSR vil ikkje ha
samme tillit i Nordisk Sameråd og Verdsrådet for urbefolkningar
om organisasjonen blir oppfatta som eit politisk parti.
Etter mange timars diskusjon blei heile saka med stort fleirtal utsett til neste landsmøte i 1991.
Fryktar EF
"Det er grunner til å frykte for at økt EF-innflytelse i våre områder vil kunne føre til sterkere sentralisering, mindre lokal innflytelse i beslutningsprosesser, dårligere vilkår for tradisjonelle samiske næringer og økt press på vår kultur. Landsmøtet er redd for at Norges nasjonale selvråderett vil bli svekket, og at Sametingets innflytelse reduseres."
Dette sa styret i sitt utkast til landsmøteresolusjon om "Samenes plass i Europa". Men trass i denne skarpe påvisinga av konsekvensane av EF-medlemskap eller tilpassing, la ein ikkje opp til nokon konklusjon mot medlemskap, men nøydde seg med å kreve at det blir satt ned eit offentlig utval for å "utrede mulighetene for å oppfylle de erklærte målsettinger for norsk samepolitikk ved en nærmere tilknytning til EF.
Trugsmål frå aust
Mens Vesten jublar over glasnost og perestrojka, er NSR meir opptatt av dei konkrete farene som trugar samiske område frå aust. Ein resolusjon tar opp miljøforureiningane frå Kolahalvøya og kritiserer norske myndigheter for ikkje å ta dei alvorlig nok. Ein anna resolusjon protesterer kraftig mot Sovjet sine planar om atomprøvesprengingar på Novaja Zemlja.
Ellers kravde landsmøtet lokal styring over turismen i Sameland, rehabiliteringssenter i Finnmark med samisktalende personell. og stans av planene om skytefelt på Nord-Fosen.
______________________________________________________________________
Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida