Reportasje frå landsmøtet i Norske Samers Riksforbund 1984, Klassekampen 04.07.1984
Svein Lund:
Frå norsk til samisk
KAUTOKEINO (Klassekampen): Kåfjord kommune i Nord-Troms var i 1930 Noregs største samekommune, altså den kommunen der det budde flest samar. Medan fleirtalet av innbyggarane rekna seg som samar i 1930, var det ved folketellinga i 1970 under 5 prosent som sa dei var samar i Kåfjord.
Tekst og foto: SVEIN LUND
Frå Biertavárri i Kåfjord, eller Gáivuotna som det heiter på samisk, kjem May
Lisbeth Myrhaug. Ho sit i styret i NSR og holdt foredrag på landsmøtet om
språk- og kultursituasjonen i samiske kystområder. Typisk for denne situasjonen i
dag er at dette foredragetvmåtte haldast på norsk, for deretter å bli tolka til samisk.
Til dagleg
Det er i dag ikkje så mange av den yngre generasjonen i kystområda som snakkar samisk til dagleg, sjølv om langt fleire forstår språket i større eller mindre grad. I
mange samiske kystkommunar har det vanlege vore at
foreldra snakka samisk med kvarandre, og norsk til ungane. Samisk kom dei likevel
ikkje langt med, og mange stader var det ein skam om
vere «finn». Ordtaket «Det er forskjell på folk og finn»,
skulle seie det meste.
NSR sitt mål
May Lisbeth Myrhaug tok
for seg folketellingane av
1930 og 1970 og synte korleis
talet på del som rekna seg
som samar og med samisk
som førstespråk, hadde gått
kraftig tilbake langs heile
kysten av Nord-Noreg. Denne utviklinga har NSR satt
seg som mål å snu. Og det er
inga lita oppgave. Ei folketelling i 1984 ville truleg gitt
høgare tal over både samar
og samisktalande i kystområda enn tellinga i 1970.
Dette fordi det i dag har blitt lettare
å stå fram med sin samiske identitet, noko ikkje
minst NSR og Alta-aksjonane har bidratt til. Men
samtidig fortsett det reelle talet
på samisktalande i kystområda å gå tilbake.
Krava
Det er den norske staten som
har ansvaret for fornorskinga, derfor krev og NSR at
staten skal betale for å bøte på
skadeverknadene. Det kan
dei blant anna gjøre ved at
alle samar blir gitt tilbod om vaksenopplæringskurs i
samisk språk og historie.
Deltakarane må få dekt tapt
arbeidsforteneste eller dagpengar etter
vaksenopplæringa sine satsar. Radio og
TV tilbod på samisk og om
samiske forhold må styrkast
kraftig. Og samiske ungar
må få førskoletilbod som
byggjer på samisk kultur og
tradisjonar. Dette må og
gjelde for dei ungane som
bare har lært norsk heime.
Kulturen til samane ved
kysten må oppvurderast, både
overfor det norske samfunnet og innafor det
samiske. Jo meir mangfoldig
kulturen er, jo sterkare står
den, sa May Lisbeth Myrhaug. «Skal ein ha eit
felles samisk kulturbegrep må alle
lokale variantar væra med.
Det må væra like naturleg
for oss å bruke sau og torsk
som symbol, som å bruke
rein.»
Men kulturen og språket
overlever ikkje utan eit næringsgrunnlag. Landsmøtet
var sterkt opptatt av
framtida for kombinasjonsnæringane. Kombinasjonar
med jordbruk, fiske, utmarksnæringar, reindrift er
langt vanlegare blant samar enn blant nordmenn. I dag
opplever vi ei utarming av næringsgrunnlaget, fraflytting og auka pendling. NSR
har lenge stilt krav om freding av fjordane mot fisking
med aktiv reiskap og begrensing av laksefiske med
drivgarn, men utan å få respons frå staten.
Mellom to stolar
Dei som driv i komblnasjonsnæringar fell mellom to stolar i forhold til støtteordningar og organisasjonar. Ikkje blir dei godkjend som
skikkelege bønder, ikkje
skikkelege fiskarar. Jakt, bærplukking og ferskvannsfiske blir gjerne ikkje
registrert i det heile. Derfor var det mange på landsmøtet
som var positive til ein idé frå Porsanger om ein eigen organisasjon for dei som jobbar i kombinasjonsnæringar.
Aktivistane i Porsanger Sámiid Searvi fortjener å nemnast spesielt. Ved sia av
at dei driv samisksendingane i Porsangers trespråklege nærradio har dei nå byrja å
jobbe med ein kalender med motiv frå kyst-samisk område,
der dei anna blandt anna vil trekke fram dei samiske
namna på reiskap i jordbruk og fiske.
Samenes Landsforbund
(SLF) har stått fram som
kystsamane sine representantar
men det har dei gjort på
eit grunnlag som fornektar
alle samiske rettar, og som
rettar seg langt meir mot
reindriftsamane enn mot
staten. Utfordringa for NSR
organisasjonen for alle samar og å bygge bru over
dei konfliktane innafor samefolket som den norske staten
lenge har nørt oppunder.
NSR sitt 16. landsmøte var
eit godt skritt på den vegen.
Støtte til Nils Somby
NSR må støtte Nils Somby!
Dette kravet blei
reist av Birger Nymo, formann i Oslo Sámiid Searvi på
NSRs landsmøte. I eit av dei mest engasjerte innlegga på møtet
fortalte han om eit enstemmig vedtak fra Oslo Sámiid
Searvi om å ønske Nils og familien tilbake til Sameland,
og eventuelt betale reisa for dei. Til landsmøtet sa han: «I
dei tre åra som har gått sidan smellet i Alta har NSR tidd,
mens massemedia har hetsa og hengt ut Nils som narkotikasmuglar. Vår tausheit har
blitt tolka som fordømming. Skal hetsen få fortsette utan at vi tar til motmæle?
Dette var tydeligvis ei litt
vel varm potet å kaste ut foran eit landsmøte som ellers
var preget av stor enighet og så godt som enstemmige
vedtak. Det var ikkje mange som ville følge dette opp. På
talarstolen fikk Nymo bare støtte av ein delegat, mens ein
annen snakkka om: «Fredsideologien som samane måtte følge i rettighetskampen».
Men seinare skreiv omtrent 3/4 av leiarane for lokale
sameforeningar under på
støtteopprop, vel og merke
som privatpersonar. Og ei
innsamling til støtte for Nils
og familien hans ga ca. 2 tusen kroner.
Til startsida
sveilund@online.no