Innlegg i Finnmark Dagblad, 11.03.1994.

Svein Lund:

«Vi norrøne som kom først»

I eit innlegg i Finnmarks-avisene sist i februar oppmodar Klaus Jacobsen «de av dere som stammer fra norrøn befolkning, om med stolthet å erklære: Vi var her først».
Ettersom eg hører til denne gruppa, vil eg gjerne gi eit svar, sjølv om det kanskje ikkje blir heilt slik han hadde håpa på.
«Poenget er det at det var norrøn befolkning som bosatte seg først ...Samene kom først 6000 år etter den norrøne befolkning til Finnmark».
Da eg las dette fann eg ut at eg aldri hadde hørt om norrøn befolkning verken her eller der så langt tilbake, og så sjekka eg ordboka, der det sto: «norrøn — som gjeld, høyrer til den gamle vestnordiske kulturen i Noreg, på Island og i dei norske utbygdene i vest i mellomalderen», (Kjelde: Nynorskordboka 1986). Og mellomalderen eller middelalderen, er definert til tida 500 — 1500 e. Kr. i europeisk historie.
I språkhistoria er norrønt eller gamalnorsk namnet på det vest-nordiske språket som seinare utvikla seg til norsk, islandsk og færøysk. Ordet norrønt brukas først etter at det unordiske språket hadde delt seg i vest-nordisk og austnordisk (dansk/svensk). Urnordisk stammar igjen frå urgermansk og vidare frå urindoeuropeisk. Dei indoeuropeiske språka spreidde seg først til Nord-Europa flere tusen år etter at dei første menneska slog seg ned langs norskekysten. Det er derfor komplett meiningslaust å hevde at det var norrøn befolkning som slo seg ned her for 10.000 år sidan. Vi kan heller ikkje seie at dei var samar, ettersom vi ikkje veit og aldri får vite ka slags språk dei snakka.
Først for 2-3000 år sidan har vi sikre teikn på at det var ei befolkning i Finnmark som har klare fellestrekk med dagens samiske befolkning. Denne blir først beskreve av den romerske historieskrivaren Tacitus i år 98 e. Kr. og kalla fenni, altså samme ordet som i dagens Finnmark. Den første kjente norrøne befolkning (og no kan vi virkelig snakke om norrøn) kom til Finnmark på 900-talet. Like før hadde Ottar reist frå Troms og langs heile Finnmarkskysten og Kola og fortalte at han ikkje traff anna enn samar før han nådde inst inn i Kvitsjøen. Den internasjonale definisjonen av urbefolkning er ikkje det folket som var først, da dette ofte er umogleg å fastslå. Ei urbefolkning er derimot eit folk som var einerådande før landet deira blei kolonisert av dei novarande makthavarane. Og da er samane klårt urfolk på linje med f.eks. indianarane i Amerika.
Jacobsen er ikkje aleine i korstoget sitt for å bevise det norrøne Finnmark. Det virkar som han har henta ammunisjon frå ein artikkel av Oddbjørn Gundersen i Finnmarken 7.2.94, som bygger på ei «seminaroppgave» av Jan Wengen. Denne blir påstått å bygge på historiske kjelder, men er så full av opplagte feil at to arkeologar frå Tromsø Museum skreiv eit halvsides avisinnlegg for å sette dei på plass. Eg skal ikkje gjenta det dei skreiv, bare legge til ein ting: Wengen skriv at på midten av 1500 talet var den norrøne befolkning 4 gonger større enn den finsk/samiske. Det han ikkje nemner er at på denne tida var ikkje meir enn omlag halve dagens Finnmark under den dansk-norske staten sin kontroll, befolkninga i dagens Guovdageaidnu, Kárášjohka og Sør-Varanger var nok ikkje rekna med i det heile.
Jacobsen oppgir ingen kjelder for påstandane sine, men dette synas ikkje å vere naudsynt når ein sjølv kan lage historia om for å bruke som politisk argument. Jacobsen underskriv med «Formann Fremskrittspartiets ungdom i Finnmark», samtidig som han understrekar at han ikkje talar på vegne av partiet. Likevel skin FrP-politikken klart gjennom her. Denne historieforfalskninga er tydelig del av ei politisk kampanje for einsretting av alle som bur i Norge. Vil dei ikkje vere norsk, skal dei heller ikkje ha nokon rettar. For Jacobsen er det tydeligvis likheitsteikn mellom innbyggar i staten Norge og norsk nasjonalitet og kultur. Eg er ellers ikkje så begeistra for pengesløseriet på Lillehammer, men om ikkje anna synte det at eit land kan ha fleire kulturar uten å trenge å skjems over det.
I Finnmark bur vi folk av tre folkeslag som har budd her i frå eit par hundre til nokre tusen år, i tillegg til nokre hundre innvandrarar frå andre delar av verda som har kome i dei siste åra.
Om vi skal kunne leve i fred med kvarandre i framtida er første føresetnaden at vi syner respekt for kvarandre, respekterer retten til ikkje å vere like, men til å dyrke og utvikle kva vår kultur og kvart vårt språk og samtidig forsøke å sette oss litt inn i ka dei andre sin kultur og språk går ut på.
Den andre føresetnaden er at vi ikkje forsøker å nekte for ka som har hendt gjennom historia. Der har vi som er av norsk eller norrøn avstamning ikkje mye å vere stolt over, med ein samling av overgrep på norske styresmaktar overfor både samar og kvænar som strekker seg frå vikingtida og fram til våre dagar. I dagliglivet kjenner eg det ikkje som noko problem å vere norsk i Finnmark, sjølv ikkje i ein kommune med klart samisk fleirtal. Men når eg les slikt som Jacobsen og Wengen presterer, da kjennast det ikkje godt å vere «norrøn».


Til hovudsida.

sveilund@online.no