.

Ingen fred på Nordfronten

Tankar rundt to bøker som i år har kome ut i Finnmark

Strid om ressursane på Nordkalotten har det vore i mange hundre år. Noko av den eldste kjente striden er skildra i filmen Ofelaš eller Veiviseren

Da staten planla å demme ned Máze demonstrerte lokalbefolkninga under parola "Vi kom først". Over 40 år seinare går striden framleis om kven som kom først.
(Foto: Vidar Knap/NTB)

10.10.1980 oppnemnde Regjeringa Samerettsutvalget, og sette igang ein juridisk og politisk prosess som på mange måtar skulle endre forholdet mellom den norske staten og den samiske befolkninga i landet.

Samerettsutvalet kom ikkje av seg sjølv. Det var fødd i strid, i ein av dei bitraste stridane som Noreg har sett, kampen om utbygginga av Alta-Guovdageaidnu-vassdraget. Det var både ein kamp mellom vekst og vern og ein kamp om råderetten over sentrale samiske bruksområde. Dei konkrete spørsmåla rundt utbygginga, om korleis det ville gå med laksen, reinen, rovfuglane, ferskvassfisken og vegetasjonen langs elva utvikla seg til ein kamp om prinsippa: Kven skulle ha rett til å bestemme slike naturinngrep? Kven skulle ha rett til å forvalte utmarka i Finnmark og andre område med tradisjonell samisk busetting?

Kva kom det ut av Samerettsutvalet?

Arbeidet til utvalget og den vidare politiske behandlinga skulle føre til at den samiske folkegruppa i Noreg fikk ein større plass i det norske lovverket og i forvaltninga. I løpet av dei 36 åra som har gått har vi fått Samelov og Sameting, sameparagraf i grunnlova, Finnmarkslova, forvaltningsområde for samisk språk og både i naturmangfaldlova og minerallova står det at ein skal ta omsyn til samisk kultur. Men kva er eigentlig endra i praksis? Har ein fått ei forvaltning som sikrar at samiske interesser ikkje blir overkjørt igjen? Kva skjer når den neste Altasaka kjem?

Mange hadde ei von om at med juridisk og politisk avklaring av sameretten, i første rekke i Finnmark, skulle ein skape fred og ro i fylket. I høve Finnmarkseiendommen sitt 10-års-jubileum uttalte tidligare justisminister Odd Einar Dørum at no har det gått seg til. Det tyder ikkje på at han følgjer debattspaltene i finnmarksavisene. Seinast mens eg skriv dette uttalar fylkesordføraren at han er «søkkforferda» over uttalar frå leiar i Norske Samers Riksforbund om kven som har og ikkje har retten til utmarka i Finnmark.

I år har det kome ut to bøker som frå kvar sin kant riv ned glansbildet til Dørum og andre rikspolitikarar. I dette skriveriet vil eg presentere og kommentere desse to bøkene og på det grunnlaget gi nokre eigne synspunkt på kampen om retten til land og vatn i Finnmark. Dette er altså ikkje ei tradisjonell bokmelding, men inneheld også tankar eg gjør meg ut frå det som blir lagt fram i bøkene kopla til andre kjelder og eigne røynsler. Dei avsnitta som ikkje direkte er kopla til bøkene har eg skilt ut med farga bakgrunn. Dette er heller ingen nøytral kommentar, han er prega av at eg i fleire tiår sjølv har deltatt i debatten.

Før eg går vidare skuldar eg å seie at eg er fullt klar over at striden om sameretten gjeld for område heilt ned til Hedmark, men sidan begge desse bøkene vesentlig handlar om Finnmark, avgrensar eg meg også her til dette fylket.

Stikk motsette bøker

Dei to bøkene er Jarl Hellesvik: Samer og samepolitikk og Niillas A. Somby: Gumppe diimmus. Vi skal gå 25 år tilbake i tida, til stortingsvalet i 1981. Da starta ei av vallistene i Finnmark slik:
Rød Valgallianse
1. Jarl Hellesvik, sveise- og platearbeider, Hammerfest
2. Nils A. Somby, fotograf, Tana

I 2016 kan ein knapt forestille seg at dei kunne stått på same valliste. I løpet av tida som har gått har dei utvikla seg til å bli blant dei fremste talspersonane for kvar si side i striden på Nordfronten. Begge bøkene handlar om samepolitikk, begge kritiserer Finnmarkslova og Sametinget. Men dei kritiserer frå stikk motsette posisjonar.


Ulvetimen

Ei bokstavelig omsetjing av tittelen på boka til Niillas A. Somby blir «I ulvens time» eller «I ulvetimen». Ulven er mye brukt som eit symbol på dei kreftene som trugar samane.

På den tida Somby stilte som stortingsval-kandidat hadde han allereie to år tidligare hatt eit møte med Stortinget, som deltakar i den første sultestreiken under Alta-kampen. Året etter skulle namnet hans blei enno meir kjent, da han deltok i den mislukka sprengingsaksjonen mot ei bru på anleggsvegen til kraftverket og sjølv fikk svi, med at han mista ein arm og mye av synet på eine auget, fikk 5 månadar i fengsel og eit par år i landflyktigheit.

Boka er bygd på dei røynslene han har gjort, i første rekke gjennom deltakinga i aksjonane under Altakampen 1979–82 og verknadane av desse. Innimellom får vi glimt tilbake til oppvekst i reindrifta og møte med fornorskingsskolen, forteljingar som kastar lys over noko av bakgrunnen til at han seinare engasjerte seg sterkt til forsvar av samiske bruksområde mot norske inngrep. I boka kastar Somby lys over noko av bakgrunnen for to av dei mest spesielle politiske aksjonane som har vore i Noreg, der samiske aktivistar sette eige liv i fare og i stor grad øydela eiga helse i aksjonar som gikk langt ut over det som har vore vanlig i både samisk og norsk samanhang.

For å forstå kvifor kampen om Alta-Guovdageaidnu-vassdraget blei så spesiell, må ein forstå begge sidene ved saka, som naturvern og som samerettskamp. For mange hang dette nær saman, dei såg det som spørsmål om å verne naturen i eit samisk bruksområde og dermed også samisk næringsliv og kultur. Andre engasjerte seg i første rekke for å verne laksen og laksefisket, eller for å verne eit spesielt naturområde med eit sjeldant rikt fugleliv og spesielle planter. Det var i første rekke som naturvern at saka engasjerte tusenvis av folk over heile landet og langt ut i utlandet, men ettersom saka utvikla seg, blei det samiske perspektivet meir framtredande. Dette var det ikkje alle som var like glade for. I boka skriv Niillas Somby tankar samiske aktivistar gjorde seg mens dei låg i protestleiren i Stilla hausten 1979: «Vi hadde allereie vore med i motstanden så lenge at vi hadde begynt å sjå at Alfred Nilsen, leiaren for Altaaksjonen, og gruppa hans ikkje riktig likte å snakke om samiske rettar meir enn dei blei tvunge til. Etter vår oppfatning hadde dei heller ikkje alltid klare planar om korleis dei skulle forsøke å stanse utbyggingsarbeidet. For oss var det begynt å bli klart at vi sjølve måtte gå i spissen, ikkje slik som samar alltid har gjort sidan kolonistane skaffa seg makt i Sápmi, skyve dei norske foran oss og stole på klokskapen deira.» (Mi omsetjing. SL)

Der og da oppsto ideen om å gjennomføre ein aksjon mot maktas kjerne. Sultestreik var noko ukjent i Noreg, men nokre av dei samiske aktivistane hadde truffe kurdarar som fortalte at dei hadde nytta denne aksjonsforma. Med dette flytta dei slaget til hovudstaden, på ein måte som verken riksmedia eller rikspolitikarane kunne oversjå, og retta press direkte mot Storting og Regjering. Folkeaksjonen i Alta hadde inga styring over det som skjedde. Utad kunne dei ikkje anna enn å støtte opp, men alle var nok ikkje like begeistra. I tillegg til dei sju sultestreikande var fleire samar med på turen til Oslo, og dei fikk støtte av andre som kom til eller heldt til i hovudstaden. Den sjølvoppnemnde «Samisk aksjonsgruppe» blei ein ny faktor i kampen, ikkje minst gjennom aksjonsavisa Charta 79, som både ga informasjon om Altasaka og aksjonen og om samiske spørsmål generelt. For første gong hadde samiske aktivistar ein direkte kanal til rikspolitikarar, riksmedia og ein stor del av befolkninga i Oslo.

Sultestreiken førte til ein midlertidig stans i anleggsarbeidet, men etter vel eit år blei arbeidet sett igang igjen, denne gongen med ein enorm politistyrke, som var kjørt opp frå Oslo og innkvartert i passasjerbåten Janina ved Nato-kaia i Alta. Mens demonstrantane sperra vegen i Stilla og venta på politiangrepet, var også andre aksjonar under planlegging. Ei veke etter politiaksjonen sette nye aktivistar igang ein ny sultestreik i Oslo. I boka avslører Niillas A. Somby at meir direkte aksjonar var under planlegging; å sprenge hol i Janina så båten skulle gå til botns ved kaia. At aksjonen ikkje blei gjennomført skuldast bare at utstyret for sprenginga ikkje kom fram i tide. Den andre sultestreiken skulle vare ein heil månad før regjeringa brukte kulturminnelova som påskot til ny anleggsstans. Stansen varte bare eit halvt år, før arbeidet igjen blei sett igang med ein stor politistyrke som sikring.

Avisoppslag etter sprengingsaksjonen

Frå sultestreik til sprengingsaksjon

Da Folkeaksjonen blei lagt ned 24.01.1982 var det klart at det ikkje ville bli fleire masseaksjonar for å stoppe utbygginga, og da Høgsterett 26.02.1982 dømde utbygginga som lovlig trass i ei rekke saksbehandlingsfeil, var også alle tenkelige lovlige metodar for å stoppe utbygginga brukt opp. Bare meir desperate aksjonsformer sto igjen. Nokre ville enno ikkje gi tapt mot overmakta. Blant dei var Niillas Somby, John-Reier Martinsen og ein eller fleire samarbeidspartnarar som politiet trass i intensiv etterforsking aldri klarte å finne.

I boka fortel Somby korleis han og Martinsen med gassbrennar på skuteren tok seg fram til Forsvaret sitt våpenlager i Tana og forsynte seg av sprengstoff, før dei dro til anleggsvegen i Alta for å sette igang sprenging ved ei bru. Sprenginga skulle vere ei åtvaring til norske styresmakter om kva som kunne hende om arbeidet med kraftverket heldt fram. Men i det Somby i vintermørke og kulde skulle fikse tenningsmekanismen, gikk alt galt, og i staden for brua var det han sjølv det gikk ut over. Med ein sterkt skada kamerat hadde ikkje Martinsen anna val enn å frakte han til sjukestua i Alta og dermed avsløre dei begge. Det endte med 5 månadar i varetektsfengsel for kvar av dei, i påvente av rettssak, mens trugsmålet om langt alvorligare straff hang over dei. I media blei dei hengt ut som terroristar, og det blei spekulert i at dei var del av ei hemmelig samisk aksjonsgruppe som var klar å bruke våpen mot norske styresmakter.

Etter påkjenninga ved fengselsopphaldet og trugsmålet om tiltale etter mordbrannparagrafen med ei strafferamme på 21 år, såg Somby ingen annan utveg enn å rømme landet. I lag med vener og slektningar la han plan for å flykte til Kanada, der urfolk hadde eit visst sjølvstyre. Han var sjølvsagt overvaka og kunne ikkje reise frå Noreg under eige namn og pass. Med nød og neppe kom han fram til Kanada over Finland, og etter kvart kom kona og dei to døtrene etter. Noreg kravde rømlingen utlevert, og resultatet blei ein strid mellom urfolk og den kanadiske staten om urfolka skulle ha retten til å adoptere det dei oppfatta som politiske flykningar. Det endte med at heile familien blei sendt til Noreg med politivakt. Like etter kom innkalling til rettssak, men Somby rømte enno ein gong, og blei da tatt i Sør-Noreg. Her fikk han den forferdelige meldinga at kameraten frå sprengingsaksjonen, John-Reier Martinsen var blitt drept.

Avisoppslag om drapet på John Reier Martinsen

Eit politisk drap?

John-Reier Martinsen hadde blanda norsk og samisk bakgrunn og vaks opp i Harstad, der han var med i forskjellige politiske aktivitetar, bl.a. i Raud Ungdom. Under Alta-kampen dro han til Alta for å delta i aksjonane, og slo seg deretter ned i Karasjok. Der jobba han som snikkar og var aktiv i samepolitisk arbeid og i AKP(m-l).

Etter sprengingsaksjonen blei det spekulert i kva rolle AKP(m-l) hadde i denne, men det blei ikkje funne nokre teikn på at andre medlemmar av partiet var innblanda eller at dei hadde visst om aksjonen før han var gjennomført. Snarare tvert om, partiet hadde støtta Folkeaksjonen sine aksjonar i Alta, men understreka at slike aksjonar som sprenginga i Alta ikkje var deira metodar. Dette blei ei vanskelig sak for AKP(m-l) både i Finnmark og på landsplan. På eine sida kunne dei ikkje støtte aksjonen, på andre sida var det vanskelig å ta avstand, særlig etter det tragiske resultatet. Ved nominasjonane for Raud Valallianse i Finnmark i 1983 blei det strid om partiet i det heile kunne ha John-Reier Martinsen på lista, og det endte med at han blei satt på en plass langt nede. Seinare blei han fullt «rehabilitert» av både RV og AKP(m-l). Ved stortingsvalget 1985 sto han på andreplass og han blei vald som fylkesleiar og medlem av sentralstyret i AKP(m-l). I 1983 gav han ut boka «Brua – Ei fengselsdagbok», der han fortel om sprengingsaksjonen og tida i fengsel etterpå. Boka blei skrive i samarbeid med daverande Klassekampen-journalist Lars M. Hjorthol.

Etter at John-Reier Martinsen flytta til Karasjok, starta han med hundekjøring, og i januar 1986 skulle han i lag med kameraten Hermann Hansen kjøre over vidda mellom Alta og Karasjok. Ved Joatkkajávri, ikkje langt frå der Alta Kraftverk da var under bygging, blei hundespanna deira etter tur kjørt ned av ein skuterkjørar frå Alta. Da Hansen kom fram til Martinsens hundespann, låg Martinsen og fleire av hundane hans døde ved løypa. Skuterkjøraren blei seinare dømt for uaktsomt drap, men mange, blant dei Hansen og Somby, stilte spørjeteikn ved etterforskninga og rettssaka, og spurte om det ikkje hadde vore eit overlagt drap, og at etterforskarane i praksis dekka over det. Saka er seinare tatt opp i fleire bøker og i 2011 gav rap-gruppa Gatas Parlament ut songen «I John-Reiers fravær», der dei stilte det same spørsmålet. (http://www.gatasp.no/category/john-reier-martinsen/)

<



Tilbake til kvardagen

Etter den andre rømminga måtte Niillas A. Somby likevel møte i retten, men domen blei langt mildare enn frykta. Styresmaktene hadde gått bort frå tiltale etter mordbrannparagrafen, og Somby blei dømt til eitt års fengsel, derav fem månadar ubetinga, noko som allereie var sona i varetekt.

Formelt var han ein fri mann, men vegen tilbake var ikkje den enklaste, verken økonomisk, sosialt eller politisk. Dette gir han nokre glimt av i boka, men vi sit igjen med ei bestemt kjensle av at her er det mange røynsler som ikkje har kome fram.

Å forsørge seg med bare ein arm var ikkje så lett. Likevel jobba han i mange år som journalist og fotograf i avisa Sámi Áigi. Som andre av sin generasjon fikk Niillas ikkje lære å lese og skrive på morsmålet sitt, og vegen fram til å bli journalist og forfattar av 4 samiskspråklige bøker kan ikkje ha vore den enklaste.

Sametinget – ein siger for aksjonen?

Eit av hovudkrava til dei samiske aksjonistane under Alta-kampen var oppretting av eit samisk folkevald organ. Utan aksjonane hadde dette knapt kome, i alle fall ikkje såpass raskt, men da Sametinget blei høgtidelig opna av Kong Olav i 1989, trakk NRK si reportasje klare linjer til sultestreikene ti år tidligere. Derimot blei aksjonane ikkje nemnd med eit ord verken av arrangørane av opningsseremonien eller nokon av dei fem samiske organisasjonane som helsa Sametinget, og ingen av dei som var mest aktive under aksjonane var invitert til opninga. Først heilt på slutten av opningsseremonien klarte Mari Boine å snike inn ei tileigning til dei sultestreikande før ho avslutta med ein song.

Niillas Somby var tilstades på opninga, men da som journalist i Sámi Áigi. I den jobben fikk han fleire gongar følge Sametinget sine møte, og han var ikkje imponert: «Eg er ofte og hører på når Sametinget har plenumsmøte og humøret synk når eg hører korleis dei der kranglar og fører vidare striden mellom dei norske politiske partia. Det er som å høre ei valsending på norsk radio, der partia kappast om å rakke ned på kvarandre. ... Når eg tenker på saker, som Sametinget har fått i stand, så er det sjølvsagt i første rekke Sametinget sin eigen administrasjon, som har svært mange gode arbeidsplassar, .... Når ein tenker på samiske rettar til land og vatn, så er kanskje situasjonen dårligare enn han var før Sametinget kom.»

Det tok 14 år fra Sametinget blei oppretta før aksjonistene fra Altakampen blei æra av Sametinget. Foran til høgre Niillas A. Somby og Nils Magnus Tornensis.
(Foto: Seija Guttorm)

Ingen heltar på heimebane

Deltakinga i sultestreikane var ei stor fysisk og psykisk påkjenning. I Oslo blei dei heltar, men når dei kom heim igjen til Finnmark var ikkje mottakinga alltid like god. Fleire hadde vanskelig for å få arbeid og blant deltakarane i den siste sultestreiken, som varte ein heil månad, fikk fleire helseproblem som dei aldri kom seg over. I slutten av boka si gir Niillas Somby ordet til ein av dei, Nils Magnus Tornensis, som døydde like før boka kom ut. I ein tale til landsmøtet i NSR stiller Tornensis spørsmålet om kvifor dei sultestreikande ikkje var invitert til opninga av Sametinget: «Hadde desse samepolitikarane samrådd seg om å gløyme oss? Eller hadde dei gjort avtale med Staten om at vi skulle gløymast?»

Tornensis heldt fram: «Mange gongar har eg tenkt at samepolitikarane bare ventar på at alle vi aksjonistane er døde og forsvunne. Og med tausheit kan dei på den måten for evigheit skjule sanninga, at det ikkje var parlamentarikarar og diplomatar, men aksjonistar som klarte å få snudd Noreg bort frå assimileringspolitikken.»

Stallo står fram i mange variantar – her ein moderne variant som animasjon laga av Karasiok.firmaet Miksapix.

Nye stalloar

I den samiske eventyrverda er ein Stallo eit slags troll som trugar samane på forskjellig vis, men ofte klarer samar å narre den store og sterke, men litt dumme Stallo. I meir moderne samiske forteljingar har Stallo blitt brukt som symbol på trugsmål frå storsamfunnet. I siste kapittel av boka si skriv Somby om Stallo i vår tid:
«Før den kjente Altasaka hadde vi ein stallo på kvar side av riksgrensene, og det var dei koloniserande statane sine leiarar i kvart land, som hadde delt Sápmi, nemlig Norge, Finland, Sverige og Russland. No når stalloane har byrja å formalisere koloniseringa, så har dei her i Noreg innstifta ein trehovuda stallo, der ein av desse hovuda ser ut som ein same, som blir pynta med kofte to gongar for året, nemlig på 17. mai og på samefolkets dag.

Det første hovudet er Sametinget, dit vi sjølv får velge folk. Det andre hovudet er FeFo, dit dei som er vald til Sametinget får velge sine beste. Det tredje hovudet er Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen, som har mest å seie, da det er dei som får juridisk slå fast det som Finnmarkskommisjonen har sagt. ....

Denne prosessen om eigedomsrett til område er i seg sjølv så gal som han kan bli, da det i samar og andre urfolk sin tradisjon ikkje er snakk om eigedomsrett til grunn. .... Det er kolonistane som har tvunge på Sápmi eigedomsrett over natur, og når sjølvsagt ingen samar har noko papirdokument på at dei har eigd noko, så går det som det må gå, at heile Sápmi blir dømt som FeFo-eigedom, og da blir ikkje lenger staten plaga med noko slags samiske rettskrav.»

Det kan eksplodere igjen

Boka er skrive rundt Niillas Somby sine personlige røynsler frå kampen om Alta-Guovdageaidnu-vassdraget. Ho peikar likevel langt vidare. I skildringa tar han òg med røynslene og skjebnene til andre som kjempa i denne kampen, og han spør kva dei har oppnådd. Sametinget ser han som eit barn av aksjonane, men liksom tinget har hatt vanskelig for å vedkjenne seg opphavet, kan han og andre aksjonistar vanskelig seie seg nøgde med avkomet. Det gjeld både den posisjonen Sametinget har, som eit hovudsakelig rådgivande organ som styresmaktene sjølve kan velje om dei vil høre på, og med sametingspolitikarane sine praksis som forvaltarar innafor det norske systemet.

Nokon klar konklusjon for vegen framover gir ikkje boka. Eit pek gir likevel omslaget. Det er laga av det samiske delvis underjordiske aktivistnettverket Suohpanterror, som med sine skarpe og ofte provoserande kunstverk og plakatar viser alvoret i situasjonen til det samiske folket i ei tid da levemåten deira er utsette for stadig nye naturinngrep og statlige reguleringar. Omslaget er ein collage av bilde frå aksjonane i Alta og det norske Stortinget med løvene på Løvebakken, og midt i bildet står Niillas A. Somby og hever armen, som delvis er skjult av ein kraftig eksplosjon. Som andre av Suohpanterror sine bilde, er det mye opp til mottakaren å tolke dei, men det er vel ikkje heilt galt å tolke verken omslaget eller boka til at kampen for samisk rett til land og vatn på ingen måte er over, og at det kan eksplodere igjen.

Konspirasjonsteori i bokform

Mens Somby klagar over at Sametinget har fått for lite makt, meiner derimot forfattaren av «Samer og samepolitikk» at Sametinget har fått for mye makt, og at sjølve eksistensen av Sametinget og samemanntalet er uttrykk for etnisk diskriminering av nordmenn. Han ser inga undertrykking eller diskriminering av samar verken i fortid eller notid, og den samiske rørsla kan dermed bare forklarast som ein konspirasjon med sikte på danning av ein eigen samisk stat.

Forfattaren har vore den mest aktive mediadebattanten om samepolitiske spørsmål dei siste 11 åra. Både han sjølv, tilhengarar og motstandarar har gjort poeng av bakgrunnen hans, og det er derfor naudsynt med nokre ord om denne.

Jarl Hellesvik i aksjonistleiren i Detsika, 1979
(Foto: Svein Lund)

Frå kommunist og naturvernar til samerettsmotstandar

Jarl Hellesvik voks opp i eit fiskarmiljø i Loppa kommune, i ein familie der dei eldre snakka samisk, men der dei yngre bare lærte norsk. Foreldre og besteforeldre hadde etter som Hellesvik framstiller det, innsett at samisk språk og kultur ikkje var framtidsretta, og valde frivillig å skifte språk, kultur og identitet.

I debatten har både Hellesvik sjølv og meiningsfellene hans tidligare forsøkt å gjøre eit nummer av at han er same. Men det vil han ikkje lenger ha på seg. I samband med lanseringa av boka uttaler han til ABC Nyheter: – Nei, nei, nei. Jeg betrakter meg ikke som same. Norsk språk er språket mitt, og jeg skiller meg ikke ut fra befolkninga for øvrig. Jeg mener det å definere et menneske etnisk ut fra avstamning, er feil.

Fra midt på 1970-tallet har Jarl Hellesvik budd i Hammerfest, der han har arbeidd som sveise- og platearbeidar på slippen og seinare faglærar i vidaregåande skole fram til han pensjonerte seg for få år sidan.

Hellesvik starta den politiske aktiviteten sin i AUF, men blei etter kvart «radikalisert» og gikk inn i AKP(m-l), der han raskt blei ei leiande kraft i Hammerfest og Finnmark. I 1979–83 var han den første representanten for Rød Valgallianse i Hammerfest kommunestyre, og som nemnd var han førstekandidat til Stortingsvalg i 1981. I AKP(m-l) markerte han seg som sterk motstandar av den udemokratiske tradisjonen i den kommunistiske rørsla og forkjempar for fleirpartisystem og parlamentarisme. Da han følte at han ikkje nådde fram med dette, meldte han seg i 1984 ut av partiet, og har sidan ikkje vore tilslutta noko politisk parti. I 1989 var han førstekandidat til Stortinget for den tverrpolitiske Finnmarkslista. I 1987–91 sat han i fiskeriutvalet i Hammerfest kommune, der han var vald frå RV, sjøl om han da ikke var medlem. På 1980-talet blei Hellesvik kjent som ein ivrig debattant i fiskerispørsmål, både gjennom aviser og møter. Han var med i Barentsutvalget i Naturvernforbundet, starta lokallag for Naturvernforbundet i Hammerfest og var og ei kort tid leiar for fylkeslaget. Den siste tida før folkerøystinga i 1994 var han leiar av Finnmark Nei til EU.

I dei første tiåra av Jarl Hellesvik sin politiske aktivitet er det lite å spore av engasjement i samepolitiske spørsmål. Snarare blei det i RV-miljøet etterlyst at han med sin samiske bakgrunn skulle ha engasjert seg meir her. Under Alta-kampen hadde han inga framtredande rolle, men støtta Folkeaksjonen og besøkte i alle fall aksjonsleiren i Detsika (foto).

Dei første innlegga hans som eg har funne om samiske spørsmål, er frå slutten på 1980-talet. 14.09.1988 hadde han, da som leiar for Naturvernforbundet i Hammerfest, eit innlegg der han angrip reindrifta for å øydelegge vidda med overbeite og motorisert ferdsel. Dette følgjer han seinare opp med kritikk av Sametinget sitt forsvar for reindrifta og krav om at reintalet må skjærast ned straks.

Verken da Noreg i 1991 ratifiserte ILO-konvensjonen om urfolk eller da Samerettsutvalget si innstilling blei lagt fram i 1997 er det spor å sjå etter noko offentlig engasjement frå Hellesvik si side. Sjølv skriv han i boka si: «Fram til våren 2005 hadde jeg knapt brydd meg om samepolitiske spørsmål.» Ei interessant innrømming av ein som da hadde drive aktivt politisk arbeid gjennom ei rekke organisasjonar på lokal- og fylkesplan i Finnmark gjennom over 30 år, og bl. a. to gonger vore førstekandidat ved Stortingsval.


Interessen for samepolitikk kom altså i mars 2005. To månadar seinare sette han så på eiga hand i gong ein underskriftsaksjon mot Finnmarkslova ut frå si eiga tolking av denne. Til gjengjeld må det seiast at han seinare har gjort sitt beste for å ta igjen det tidligare manglande engasjementet, med å produsere tusenvis av innlegg som nesten alle har konsentrert seg om samepolitikk.

Når han så engasjerte seg, var det den første tida i form av ein kritikk frå venstre. Han frykta at Finnmarkslova og opprettinga av Finnmarkskommisjonen skulle føre til ei oppdeling og privatisering av Finnmark, «et lappeteppe av private eiendommer». Mye av kritikken retta seg mot Norske Samers Riksforbund (NSR), og daverande sametingspresident Sven-Roald Nystø. Nystø skal ha uttalt at han ikkje såg noko galt i om Finnmark blei delt i private eigedomar, slik som resten av landet. Dette blei kopla til Nystø sine generelt ganske høgrevridde synspunkt, bl.a. at han var EU-tilhengar (i motsetning til det aller meste av NSR), og til høgrekreftene sin offensiv for privatisering av offentlige institusjonar og offentlig eigedom. Hellesvik konkluderte da at NSR var eit høgreparti, fordi dei ønska å privatisere «Finnmarksallmenningen».

Underskriftskampanja mot Finnmarkslova

Foran Stortingsbehandlinga av Finnmarkslova i 2005 tok Hellesvik initiativ til ei underskriftskampanje som kravde folkeavstemning om lova. Heile teksten som finnmarkingar blei inviterte til å skrive under på var som så:

«Talsmenn for forslagene til Finnmarkslov, har gitt klart uttrykk for at de ønsker å bruke Finnmarksloven til å legge til rette for privatisering av Finnmarksallmenningen.
Jeg er imot privatisering av Finnmarksallmenningen.
Derfor krever jeg:
1. Forslagene til Finnmarkslov trekkes tilbake.
2. Befolkningen i Finnmark er aldri blitt spurt om vi mener at det er greit at Finnmarksallmenningen privatiseres. Dersom forslagene til Finnmarkslov ikke trekkes, krever jeg derfor at det avholdes en folkeavstemning i Finnmark om dette før saken behandles i Stortinget.»

Kritikken av lova går altså bare på spørsmålet om privatisering. Likevel er ikkje kravd ei endring av dei punkta som ein meiner kan føre til privatisering, nemlig Finnmarkskommisjonen, men ei full tilbaketrekking av lova. På grunn av det påståtte privatiseringstrugsmålet fikk underskriftsaksjonen tilslutning langt ut på venstresida. Samtidig fikk han tilslutning blant mange langt ut på høgresida, som ikkje hadde noko mot privatisering, men var mot Finnmarkslova fordi denne ga representasjon til Sametinget. Aksjonen fikk over 11000 underskrifter, noko som er ganske imponerande i Finnmark. Sjølv om det ikkje står i underskriftsgrunnlaget, er det ingen tvil om at motstand mot samerett var sentralt for mange av underskrivarane, og at dette sto sentralt i argumentasjonen til mange av underskriftssamlarane.

Så lenge underskriftskampanja pågikk, argumenterte Hellesvik sjølv hovudsakelig med privatiseringa. Angrepa hans på samiske organisasjonar og leiarar var også i hovudsak knytta til dette. Etter underskriftskampanja skjedde det raskt ei merkbar utviding av kritikken hans av statens samepolitikk; han hevda at ILO-konvensjonen er feil omsett, ikkje gjeld samane, at samar ikkje er urfolk osv. NSR og andre samiske organisasjonar stempla han som "ekstreme etniske sjåvinistar". Samtidig gikk han til knallhard offentlige uthenging av alle som skreiv mot han, dette ramma særlig samerettstilhengarar på venstresida. Seinare utvida han oppgjøret med samepolitikken til å fornekte tvangsfornorskinga og hevde at det er å fornærme dei norsktalande samane å hevde at dei er fornorska ved tvang. I 2006 laga han eit 7-siders notat med tittelen «Urfolk, ILO 169 og samer». Notatet startar slik: «To vrangforestillinger er sterkt utbredt i Norge. Den ene er at samer er urfolk/urbefolkning i Norge. Den andre er at ILO-169 er relevant for forholdene i Norge.»

Da hadde Jarl Hellesvik i hovudtrekka utvikla den politiske plattforma han sidan har stått på i samepolitiske spørsmål, og sidan har han fyllt avisspalter og debattforum på nettet med variantar av dette.

EDL i Bakvendtland

Det neste store framstøtet var organiseringa av organisasjonen Etnisk og demokratisk likeverd, EDL. Hovudsaka deira er å reversere Finnmarkslova og fjerne all representasjon for Sametinget. Men materialet dei gir ut viser ein agenda ut over det, dei forsøker bl.a. å trekke tilbake ILO-konvensjonen, og omskrive historia til at samar aldri har vore undertrykte, men at det derimot no er ikkje-samar som er diskriminerte.

Organisasjonen har klart satt seg som mål å reversere ikkje bare Finnmarkslova, men heile den statlige samepolitikken. I EDL si vervebrosjyre blir det skrive: Er du en av de over 11000 som deltok i underskriftskampanjen mot Finnmarksloven? Ønsker du fortsatt å støtte opp om dette arbeidet? Med andre ord: Alle som skreiv under på eit opprop mot privatisering skal no takast til inntekt for eit heilt anna politisk grunnlag. Ein av dei som tok til motmæle var Yngve Hågensen i Alta, som skreiv:

«For tiden foregår en storstilt antisamisk kampanje i fylket, i kjølvannet av Finnmarksloven. En rettighetsdebatt i revers, der sentrale politikere og andre aktivister prøver å rulle samenes historie tilbake. Tre av de mest rabiate kommer fra den såkalte venstresida: En "avsjelet" AKPer, en AP-politiker og en stortingsrepresentant fra Sosialistisk Venstreparti. ....

Krefter som misliker endring i maktforholdene prøver gjerne å omskrive historien. en nystiftede organisasjonen Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL) jobber etter denne strategien, og reduserer dessuten demokrati til tull om tall. Kommentator i Dagbladet, John Olav Egeland, satte nylig fingeren på dette fenomenet: "I dag kommer rasismen forkledd som krav om likebehandling. Den bygger på en totalt falsk forestilling om at det er majoriteten som er ofre." Det er mørketid i Finnmark.»

Frå starten i 2007 var Jarl Hellesvik «fagråd» for EDL og ein slags ideologisk førar. Det var han fram til 2016, da han også formelt overtok som leiar av organisasjonen.

EDL sine historiske røter

EDL er som organisasjon fortsatt bare 9 år gamal, men har røter langt tilbake. Organisasjonen har sjølv ikkje gjort noko særlig for å trekke linjer til forgjengarane sine, så da må vi hjelpe dei litt.

Frå vikingtida tok norske stormenn og seinare staten seg retten til å krevje skatt av samane, som gradvis blei dei underlagt statlig jurisdiksjon, fram til Finansdepartementet i 1848 slo fast at Staten hadde rett til jorda i Finnmark fordi fylket "oprindelig kun var beboet af et Nomadefolk, Lapperne uden faste boliger". (Det er verdt å merke seg at da Staten tok seg retten som jordeigar i Finnmark, skjedde det med ei grunngiving som dagens EDL aldri ville godtatt, nemlig at fylket bare bare var bebodd av samar.) Tre år etter vedtok Stortinget ei målsetting for gradvis fornorsking av samane, noko som etter kvart skulle føre til at samisk språk blei bannlyst i all offentlig verksemd. Fornorskingspolitikken førte til motstand, men hadde også stor støtte, først i den norske befolkninga, men etterkvart også blant samar, som ikkje såg anna veg ut av den diskriminerte situasjonen dei var i enn å gå over på den herskande sida gjennom å bli mest mogleg norske.

Frå tidlig på 1700-talet kjenner vi til strid innafor det norske maktapparatet, ikkje minst i kyrkja, om samane skal kristnast på norsk eller samisk, og om samisk språk og kultur skulle utryddast aktivt eller få leve til det døydde ut av seg sjølv. Samane sine synspunkt kjem meir indirekte fram, først frå heilt på slutten av 1800-talet har vi kjelder som samar sjølv har skrive. Desse må og ofte lesast i lys av den samanhengen dei har oppstått i, fordi ein i brev til styresmaktene måtte uttrykke seg langt på veg innafor dei herskande premissa.

Den første samiske organiseringa i moderne forstand skjedde i perioden 1900–25. Denne møtte så stor motstand at det endte med at all organisering gikk i oppløysing og vi fikk den såkalla «samiske fimbulvinteren» med vel 20 år utan noko form for sjølvstendig samisk organisering. Nokre røyster var det likevel heile tida som sto i mot, dels samiske, dels norske, men dei drukna i det totale hegemoniet som sa at det samiske ikkje var noko å ta vare på og at samar ikkje hadde noko rett til å styre over eigne liv, bruksområde og næringar. Fornorskingspolitikken hadde heile tida sine ivrige propagandistar. Desse fann ein både blant folk med nær tilknyting til makta i Oslo, og blant nordmenn som levde i samiske område. Frå tida fram til 1940 er det verd spesielt å trekke fram fire sterke røyster: forfattaren Nils Collett Vogt, skoledirektørane Bernt Thomassen og Christen Brygfjeld og finnmarkspolitikaren Bjarne Hofseth. Dei danna aldri nokon organisasjon eller aksjon, det var ikkje nødvendig, ettersom dei hadde stort sett heile statsapparatet med seg og nesten samstemmig støtte i organisasjonen til den viktigaste gruppa som skulle sette fornorskinga ut i livet, Norsk lærarlag.

Arbeidarpartipolitikaren Hans Rønbeck i Karasjok var ein av dei historiske forgjengarane til EDL.
(Foto: Ságat)

2. verdskrigen utgjorde eit skilje. Det blei ikkje slutt på fornorskinga, men det blei slutt på den massive semja i statsapparatet og det politiske miljøet om at det var staten si oppgåve å utrydde samisk språk og kultur. I motsetning til mellomkrigstida si mistenkeliggjøring av kvenar og samar som moglege indre fiendar og agentar for utanlandske makter, kjempa begge folkegruppene under krigen for Noreg, og førekomsten av nazi-vennlige var heller mindre blant dei nasjonale minoritetane enn blant etniske nordmenn. Nedkjempinga av nazismen sette tidligare tider sine rasistiske og sosialdarwinistiske haldningar i eit dårlig lys. Dette opna for ei forsiktig nyvurdering av politikken overfor samane, gjennom Samordningsutvalget for skoleverket 1946–49, Samisk råd for Finnmark frå 1953 og Samekomiteen 1956-59. Frå desse utvala kom det ganske forsiktige og avgrensa forslag til endringar. I første rekke ville dei sleppe til samisk språk i skoleverket, og samekomiteen ville i tillegg sette igang eigne tiltak for å styrke næringslivet i Indre Finnmark. Likevel blei forslaga møtt med ein massiv motstand, i form av uttalar frå kommunestyre og skolestyre, med støtte frå lærarar som hadde gjort ein innsats i fornorskinga. Mest kjent er «Påskeopprøret» i Karasjok 1960, der eit massemøte av samar vedtok å fordømme innstillinga til Samekomiteen og krevje at fornorskinga skulle halde fram. Den fremste representanten for motstanden her var den norske kommunepolitikaren Hans Rønbeck, men det er ikkje tvil om at han hadde støtte frå ein stor del av den samiske lokalbefolkninga. I boka gir Hellesvik klart uttrykk for sympati med «påskeopprøret», så det er klare linjer frå dette til dagens EDL.

Utover i etterkrigstida fikk vi igjen ei samisk organisering, først reindriftssamane som organiserte si landsforening i 1948, så utover 1950-talet sameforeiningar som samla seg til Norske Samers Riksforbund i 1968. Igjen blei samisk organisering og krav møtt med motstand, frå samiske og norske forsvararar av fornorskinga, frå bønder som gikk mot reindrift, og frå Fiskarlaget som slo ned på samiske fiskarbønder og fjordfiskarar sine forsøk på å forsvare ressursane i fjordane.

I store delar av etterkrigstida pågikk ein iherdig avisdebatt, i første rekke i Finnmarks-avisene, dels også i hovudstadspressa. Blant dei mest markerte debattantane var Henrik Ravna frå Tana, som oppsummerte synet sitt slik: «Det beste er derfor at samene fortsetter assimilasjonen som er kommet så godt i gang.» Han var trulig den første debattant av utvilsom samisk bakgrunn som aktivt forsvarte fornorsking og assimilering, og skal ha vore den første som brukte ordet «supersame» om motstandarane sine. Andre debattanter utover 1970-tallet var bl.a. Oscar Hansen i Hammerfest og Marensius Arild i Kvalsund, den første av norsk, den andre av blanda bakgrunn.

I samband med Alta-kampen blei det danna borgarvern som skulle forsvare utbygginga mot demonstrantane.

Samerettsutvalget kom med si første innstilling i 1984. Det blei bl.a. innstilt på oppretting av Sameting og samisk grunnlovsparagraf. Utover 1980- og 90-talet var det fleire markerte avisdebattantar mot samiske krav, blant dei Jan Nervik i Lakselv, Bjørn E. Hansen (Oslomann, da busett i Karasjok, fortsatt svært aktiv med http://bjornhansen.com), Per Olov Trosell (svensk kommunelege i Havøysund), Trygve Andersen (offiser og FrP, Alta)

1997 blei året da motstanden mot samiske krav virkelig skulle ta av. Ei utløysande årsak var Samerettsutvalget si innstilling om retten til land og vatn i Finnmark, som blei lagt fram i januar. Deretter kom regjeringa sitt vedtak om å gjøre samiske læreplanar gjeldande for alle elevar i forvaltningsområdet for samisk språk. Dette førte bl.a. til oppretting av organisasjonen «Nei til Sameland» i Tana. Også i andre kommunar var det motstand mot dei samiske læreplanane, særlig i Kåfjord og Porsanger. Nei til Sameland gikk etter kvart i oppløysing, og i dei andre kommunane blei det bare kortvarige aksjonar, og motstand mot sameretten blei fram til danninga av EDL i første rekke fronta av einskildpersonar i avisdebatten i tillegg til det einaste heilt konsekvente og konsoliderte antisamerettspartiet, FrP.

Nyskriving av historia

Det lengste av dei 44 kapitla i boka har tittelen «Historieskrivningen om samene». Her går Hellesvik til åtak på store delar av det som er skrive av samisk historie og på seinare tolking av eldre skrifter. Ein gjengangar frå avisdebatten dei siste par tiåra er spørsmålet om Ottar si forteljing frå 800-talet. Ottar var ein nordnorsk høvding som budde «lengst nord av alle nordmenn», og nord for han budde bare «fennas», som det heiter i original språkdrakt. Det har vore vanlig å tolke «fennas» som samar, men Hellesvik nøyer seg ikkje med å sette spørjeteikn ved det, men kallar like godt den vanlige omsetjinga for sitatfusk. I tillegg flyttar han Ottar sin heimstad frå midt på kysten av Troms til midt på kysten av Finnmark, og dermed grensa for norsk busetting på 800-talet tilsvarande.

Også tolkinga av namnet «Finnmark» som «Samane sitt land» avviser han og hevdar at det er ein politisk motivert konstruksjon av samepolitiske aktivistar. Vidare går han laus på ei rekke hendingar og fenomen gjennom tidene, eg kan i denne omgang ikkje ta opp alle desse. Eg skal ikkje her gi meg inn i debatten om desse påstandane, slik både faghistorikarar og andre har gjort i media. Det er mye som er uklart i eldre historie, og eg skal ikkje utelukke at Hellesvik har nokre poeng. Blant anna kan han ha rett i at norsk busetting på Finnmarkskysten kan ha vore undervurdert og at det er lite forska på denne. Men når han hevdar at all påvising av samisk dominans i Finnmark i eldre tid er konstruert av samepolitiske aktivistar, må ein samtidig stille spørreteikn ved hans eigne motiv. I kritikken hans av tidligare historieskriving er det eit klart fellestrekk: Hellesvik gjør konsekvent tolkingar som reduserer det samiske og aukar det norske og kvenske. Det kan vel knapt vere tilfeldig.

I Hellesvik si historieskriving er det to sentrale perspektiv som manglar fullstendig. Det eine er kampen om ressursane i Finnmark og Sápmi. Frå håløyghøvdingane sine finneferder, birkarlane si skattlegging for svenskekongen og forskjellige røvarbandar austfrå har andre folkeslag sikra seg inntekter av naturressursar i samiske busettingsområde, anten ved å skattlegge/røve samane som jakta og fiska her, eller ved sjølv å sette i gang næringsaktivitet som gruver, fiske og jordbruk. I tidligare samiskdominerte område i Noreg, Sverige og Finland har det pågått ei jordbrukskolonisering av andre folkegrupper, tildels aktivt fremja av statane. Denne har skjedd på kostnad av samisk reindrift, utmarkshausting og fiskarbondetilpasningar. Krona på verket i koloniseringa var jordlova av 1902 som stilte krav om å vere norsktalande for å få utmålt jord. Historia om inntrenging og inngrep i samiske bruksområde er ei ubrote historie fram til dagens strid om gruveetableringar og vindkraftanlegg i Finnmark.

Det andre perspektivet som manglar er den bevisste politikken som statane har ført for å assimilere den samiske befolkninga i dei respektive majoritetsbefolkningane. Det har skjedd gjennom misjon, skole, offentlig forvaltning, helsestell og næringspolitikk. Resultatet av kombinasjonen av ressurserobring og assimilering er at samisk språk og kultur i stor grad har blitt borte og at det som er igjen er sterkt truga. Utan ei forståing av dette blir det også umogleg å forstå kvifor omsynet til samisk kultur er skrive inn både i grunnlova og finnmarkslova.


Kong Harald på besøk hos Yanomami-folket i Amazonas. Er det bare slike folkegrupper som ILO-konvensjonen er meint for?
(Foto: Regnskogfondet)

Marginaliserte og avsondrede urfolk

Ei kjerne i argumentasjonen til Hellesvik og EDL er å hevde at samane ikkje er urfolk, og derfor ikkje kan gjøre krav på vern av ILO-konvensjonen om urfolk. Allereie på første side i boka serverer han følgande kraftsalve: «ILO konvensjon nr. 169 gjelder ikke for integrerte mennesker. Den gjelder for marginaliserte og avsondrete innfødte stammefolk.» Verken i konvensjonen eller i FN si seinare behandling av urfolksspørsmål finst det grunnlag for denne påstanden. Det har da også Hellesvik vanskelig for å finne, så han tyr til den tidligare konvensjonen av 1957 for å finne formuleringar som tyder i den retning, og så gjør han det kunststykket å hevde at noverande konvensjon bare er ei revidering av den førre og at innretninga på den gamle framleis gjeld. Den gamle konvensjonen brukar han og for å «bevise» at ILO 169 bare gjeld for stammefolk og derfor ikkje for samar. I tillegg hevdar han at det er galt å omsetje «indigenous peoples» til urfolk, og at dette er ei forfalsking som norske styresmakter har gjort etter påverknad frå sameaktivistar. Den rette omsetjinga skulle i følgje Hellesvik vere «innfødte folk», som betyr folk som er født i det landet dei bur i. (Dersom dette skulle stemme blir det vanskelig å forstå kvifor nokon har sett behovet for ein slik konvensjon.) «Urfolk» betyr derimot, stadig ifølge Hellesvik sin etymologi, den folkegruppa som kom først, og sidan ingen kan vite etnisiteten til dei som kom først til Noreg etter istida, kan det dermed ikkje vere urfolk i Noreg (og knapt andre stadar).

Gong på gong gjentar Hellesvik at det i samemanntallet er fullt av «velintegrerte, velutdannede, veltilpassede og urbane» mennesker, og brukar dette som argument for at samane ikkje er urfolk. Men det er faktisk ikkje noko krav om at heile urfolket skal bestå av folk som er fattige, marginaliserte, utan utdanning og busett langt ute på vidda. Da Stortinget i 1990 samrøystes vedtok å ratifisere ILO-konvensjonen og gjøre denne gjeldande for samane i Noreg, gjorde dei det ut frå denne definisjonen: «folk i selvstendige stater som er ansett som opprinnelige fordi de nedstammer fra de folk som bebodde landet eller en geografisk region som landet tilhører, på det tidspunkt da erobring eller kolonisering fant sted eller de nåværende statsgrenser ble fastlagt og som, uavhengig av sin rettslige stilling, har beholdt noen eller alle av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner.» Det er heller ingen krav om å vere den historisk første folkegruppe i landet/regionen. Definisjonen av urfolk gjeld for folket som heilskap, det er ikkje krav om at kvar og ein som hører til dette folket skal f.eks. snakke urfolket sitt opprinnelige språk eller drive med opprinnelige næringar.

På regjeringa sine nettsider skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Typiske kjennetegn for urfolk er at de ikke er det dominerende folket i det større samfunnet de er en del av, selv om de er den av folkegruppene som bebodde området først. De har også som regel en egenartet kultur basert på naturressursene, og de har en felles kultur som sosialt, kulturelt og/eller språklig skiller seg fra den majoritetsbefolkningen.» Sjølv om både lokalsamfunn og einskildpersonar med samisk bakgrunn av forskjellige årsakar kan ha fjerna seg frå det samiske og blitt meir eller mindre assimilert i det norske, eksisterer det framleis ein samisk kultur og eit samisk språk og mange som (i motsetning til Hellesvik) kjenner ei tilknytning til dette sjølv om dagliglivet deira er meir prega av det norske enn det samiske.

Samiske særrettar?

Ein gjengangar frå EDL&Co er at samane har ei rekke særrettar. Så også her: «En rekke samepolitiske særrettigheter er blitt innført i Norge med den begrunnelsen at dette er «folkerettslig nødvendig» Den ikkje-samiske befolkninga i Finnmark er i følgje Hellesvik til og med utsett for rasediskriminering, og han viser her til FN-konvensjonen mot rasediskriminering. Han skuldar til og med Antirasistisk senter, Likestillingsombodet og Regjeringa for å vere blinde som ikkje slår ned på dette. Kva er så desse samiske særrettane som det er så mye snakk om? I likskap med andre samerettsmotstandarar er Hellesvik ganske uklar på dette. Bortsett frå retten til å røyste ved sametingsval er det lite han har å vise til av individuelle rettar. Derimot har han innført omgrepet «samepolitiske særrettar», som han brukar om alt Sametinget har rett til å bestemme eller bare uttale seg om.

Samerett = privatisering?

Grunnlaget for underskriftsaksjonen mot Finnmarkslova var som sagt påstanden om at denne ville bety ei privatisering av tidligare offentlig felles eigedom. Det same går igjen når Hellesvik går til angrep på krava frå samiske organisasjonar, der han tar med alt frå Elsa Laula Renbergs Lapparnas Centralförbund av 1904 til krava til Finnmarkskommisjonen. Han framstiller dette som ein kamp mellom dei som vil forsvare «Finnmarksallmenningen» og allemannsretten, som da blir venstresida, og dei som vil privatisere, som dermed blir høgresida. Sidan NSR går inn for samisk eigedomsrett, er det eit høgreparti, og SV- og Raudt-sympatisørar som stiller seg på NSR sine lister ved sametingsval, kan derfor ikkje reknast å høre til venstresida. (Når Hellesvik og EDL har svært samanfallande samepolitikk med FrP, gjør det da dette partiet til eit venstresideparti?)

I boka skriv Hellesvik at da han laga underskriftsaksjonen, var det mye han ikkje visste. «Da jeg laget denne teksten visste jeg for eksempel ikke noe om alle de paragrafene om Finnmarkskommisjonen og prosedyrene for «identifisering» av private eiendommer, som var blitt foreslått under de lukkede forhandlingene.» Med dette innrømmer han da indirekte at aksjonen blei reist på sviktande grunnlag, Finnmarkskommisjonen skulle altså ikkje skape ny rett med å dele ut eller selge ut offentlig eigedom til «hvilken som helst lykkejeger», som Hellesvik skreiv seinare i debattinnlegg, men identifisere dei bruks- og eigedomsrettane som allereie var, men som tidligare ikkje hadde blitt registrert og anerkjent av den norske staten.

Dei mange utgreiingane som er gjort av rettsforhold i Finnmark blir i det heile ikkje nemnd av Hellesvik, frå Erik Solem: Lappiske rettsstudier (1933), via Sverre Tønnesen: Retten til jorden i Finnmark (1970), Otto Jebens: Om eiendomsretten til grunnen i Indre Finnmark, Geir Hågvar: Den samiske rettsdannelse i Indre Finnmark eller Samerettsutvalget sine utgreiingar. Her kjem det klart fram på den eine sida at det heile tida har eksistert ei uskreve samisk rettsoppfatning av kven som har rett til å bruke forskjellige naturressursar på forskjellige stadar, og på andre sida at norsk og internasjonal rett gir eit rettslig vern om bruk som har pågått gjennom generasjonar.

Hellesvik framstiller det som utnyttinga av utmarka alltid har vore fri for alle: «Utmarka i Finnmark har aldri vært et lappeteppe av private eiendommer. Dette har vært en velsignelse for oss som har bodd her. Vi har ikke vært nødt til å knegå private eiendomsbesittere om å få lov, når vi har benyttet utmarka og høstet av de ressurser som fantes og finnes her.»

Om ein spør lokale bygdefolk, særlig i indre strøk av fylket, kan ein få ein ganske forskjellig framstilling av denne historia. Det følgande er uttalt av daverande leiar for den samiske utmarksforeininga i Guovdageaidnu, forøvrig det året Finnmarkslova blei innført: «Da eg vaks opp, da utnytta vi utmarka. Det var heimen vår og vi brukte henne som vår eigen eigedom. Kvar familie hadde område som dei utnytta – myrer, hogstfelt, vatn, enger osv. Fordelinga av desse ressursane var ein godkjent skikk oss i mellom, det var som ein uskrive lov i samfunnet vårt. Transporten vår var med kjørerein og hest. Så kom bilvegane og med dei kom folk utafrå som konkurrerte med oss om ressursane. Slik blei lokalbefolkninga skyve vekk og måtte dra lenger av garde for å få vårt daglige levebrød.» (Mi omsetjing frå samisk. SL)

I Hellesvik si verd blir det å forsvare dei gamle rettane til at privatiseringsforkjemparar skal ta rettar frå allmennheita, og dei som hevdar rettar ut frå alders tids bruk omtalar han også i denne boka som «lykkejegere».

På eit punkt skal eg gi Hellesvik rett: Påstanden frå daverande visepresident i Sametinget, Ragnhild Nystad, om at underskriftskampanja var samehets, var høgst usaklig. Det var ein reaksjon som heller førte til større oppslutning om kampanja, fordi alle kunne sjå at denne kritikken ikkje heldt mål. Det var i det heile lite kritikk av kampanja, og ingen som offentlig plukka frå kvarandre underskriftsgrunnlaget. Sjølv gjorde eg det heller ikkje den gongen. Eg trudde faktisk på at det var ein reell fare for privatisering, men ville ikkje skrive under fordi eg oppfatta Finnmarkslova som eit spørsmål om samerett, og meinte at samane sine rettar ikkje kunne røystast ned av eit ikkje-samisk fleirtal i ei folkerøysting. Først i ettertid såg eg at heile grunnlaget for underskriftsaksjonen var feil, og før eg fikk sagt det offentlig var kampanja over.

En som derimot fikk sagt fra, var den første leiaren for Samerettsutvalet, Carsten Smith, i ein kronikk i Aftenposten 13.04.2005: "Når man foreslår en folkeavstemning om loven i Finnmark, er man kommet helt galt av sted. Et slikt krav synes nå å gripe om seg i Finnmark gjennom underskriftslister. Men et flertall i befolkningen kan ikke gripe inn i de rettigheter et mindretall allerede har ervervet gjennom sin bruk i alders tid. Det kan selv ikke et flertall på Stortinget gjøre, uten å gå veien om ekspropriasjon. ... Antagelig ville en slik folkeavstemning - som i så fall skal skje i forhold til et forslag med minoritetsrettigheter - også være rettsstridig som illojal overfor de internasjonale menneskerettigheter Norge er bundet av. I alle tilfeller ville en folkeavstemning om samiske rettigheter i et område der samene er i klart mindretall, som i Finnmark, være i strid med statsmoralske grunntanker om vern av mindretall."

Fornorskingsinstruksen av 1898. Tyder denne på at språkskiftet var frivillig?

Fornorsking som integrering

Eit kapittel i boka heiter «Fornorskning» og skolepolitikk. Det er Hellesvik som sjølv set «Fornorskning» i hermeteikn, som eit teikn på at han set spørreteikn ved heile omgrepet. «Det var i sin tid norske myndigheter som begynte å ta i bruk begrepet fornorskning. Med det mente de at de samisktalende og de finsktalende barna i Norge skulle lære seg å snakke, skrive og lese norsk, verken mer eller mindre.» Dette samanliknar han så med norskundervisning for nye innvandrarar til Noreg, og slår fast at fornorskinga ikkje var noko anna enn det vi no kallar integrering.

Hellesvik fortel at i den tida da ein enno ønska undervisning på samisk, var det problem med å få nok samisktalande lærarar. Det er sant nok, men det var ikkje årsaka til omlegging av politikken. Ikkje med eit ord nemner han fornorskingsinstruksane, som ga ordre om at all undervisning skulle vere på norsk, at undervisninga i samisk i lærarskolen blei lagt ned, at lærarar fikk lønstillegg for å følgje instruksen og gjøre ein god innsats for å fornorske barna. Ikkje med eit ord nemner han den påverknaden skolen hadde for å få foreldra til å skifte til norsk som heimespråk.

Kapitlet minner svært om artikkelen «Samepolitiske utfordringer» som sidan starten har lege på EDL sine nettsider, og som hevdar at det ikkje pågikk noko språklig undertrykking i skolen. Begge artiklane opererer med ei kjelde til skolehistoria, Helge Dahl: Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905. Utanom denne bygger Hellesvik på eigne røynsler frå internatliv i Loppa og Lakselv på 1950- og 60-talet og konkluderer at han kan «ikke slutte meg til propagandaen fra Sametinget og en del av dets støttespillere om at skoleinternatene som sådan, er et bevis på at den samiske befolkning hadde det fælt og ble utsatt for urett i skolesituasjonen.»

Ikkje eit vondt ord om Helge Dahl si bok frå 1957. Til å vere skrive midt i fornorskingstida er det ei god bok, men ho går trass alt ikkje lenger fram enn til 1905, da internata enno ikkje var meir enn ein plan. Nyare kjelder har Hellesvik ikkje brydd seg om å leite fram. Det er etter kvart kome ei rekke bøker og andre kjelder som både analyserer fornorskingspolitikken sine motiv, virkemiddel og verknadar, bl.a. historikaren Henry Minde sin artikkel Fornorskninga av samene – hvorfor, hvordan og hvilke følger? Vi har pedagogane Eivind Bråstad Jensen og Anton Hoëm sine bøker om fornorskingstida og vi har 6-bindsverket Samisk skolehistorie. I alle desse kjem det klart fram at fornorskinga ikkje bare var ein politikk for at alle skulle kunne norsk, det var ein politikk for at samisk språk og kultur skulle utryddast i Noreg, eller som diktaren Nils Collett Vogt skreiv i 1918: «Ett sprog i Finmarken. Det er maalet.»


Sjøsamisk kultur på utstillinga til Sjøsamisk tun i Smørfjord. Verdt å ta vare på eller best å glømme?
(Foto: Svein Lund)



Samar – finst dei?

Jarl Hellesvik definerer ikkje bare seg sjølv som ikkje-same. Argumentasjonen han brukar vil og gjelde for andre som «skiller seg ikke fra den øvrige befolkning i Norge når det gjelder slikt som språk, levesett og livsanskuelse». Gener kan ikkje avgjøre etnisitet, hevdar han.

I boka hevdar han at sjøsamane ikkje finst. Argumenta er at dei samiskætta fiskarane fiskar med same type båtar og reiskapar som norske fiskarar, at dei aller fleste av dei har norsk som morsmål og at dei ikkje skiljer seg ut med eigen religion og kultur. Å i det heile snakke om sjøsamar er bare ein «samepolitisk motivert besvergelse» ifølgje Hellesvik. Det er ikkje første gongen han hevdar dette. Det same har han sagt i atskillige avisinnlegg. Eit av dei blei forøvrig besvart av fetteren hans frå Loppa, som underteikna med «Sjøsame i all evighet».

I andre avisinnlegg har han også stilt spørsmål ved den samiske identiteten til mange av dei som i dag er samisktalande, blant dei fleire leiande samepolitikar – fordi dei har finske etternamn og kvenske forfedre.


Reinflokk på beite. Kan ein sjå dette også i neste generasjon?
(Foto: Svein Lund)


Reindrifta – ei plage

Etter å ha avskrive sjøsamane går Hellesvik til angrep på reindrifta. Her hentar han fram igjen håløyghøvdingen Ottar sine 600 rein, som bevis på at den første kjente reindrifta ikkje var samisk, men norrøn. Deretter var det svensk/finsk reindrift som frå 1600-talet blei ein plage for kystbefolkninga, og fram til i dag har reindrifta stått som eit hinder for utvikling. Heile reindrifta produserer ifølge Hellesvik mindre verdi enn ei båtlast med gass frå Melkøya. Ikkje eit einaste positivt ord har Hellesvik å seie om reindrifta, i alle konflikter mellom reindrift og andre interesser tar han parti mot reindrifta, som står som eit hinder for utbygginga av gruver, kraftverk, og anna "utvikling". Er det virkelig nødvendig i denne debatten å fortelje kva reindrifta betyr som leverandør av mat til husholdningar og restaurantar, skinn til klede, vesker og ei rekke andre formål, horn til duodjimateriale, kjelde til naturkunnskap, samisk kultur og språk, og ikkje minst for turistnæringa. Men for Hellesvik er visst ikkje reindrifta verdt å ta vare på.

Når reindriftslova i dag reserverer reindriftsretten til samar, får vi i boka vite at dette er ikkje mindre enn «lovfestet statlig rasediskriminering» Ein får inntrykk av at dette er eit av dei mange privilegia som samiske "avstamningsaktivister" har narra godtruande norske politikarar med på. Men når blei regelen om at bare samar kan eige rein innført? Jo, i reindriftslova av 1933, innført i den verste fornorskingstida, da det ikkje fantest noko form for samisk organisering. Kvifor kom denne regelen da? Eg har ikkje funne noko grunngiving, om nokon lesarar kan svare er det fint. Kanskje var både denne regelen og forbodet mot sytingsrein for fastbuande samar i 1978 tiltak for å isolere reindrifta og bryte ned samarbeidet mellom reindrifta og andre næringar?

Samisk i norske lover

I kapitlet «Samer og lover» har Hellesvik laga ei oversikt over lover som «setter samer og «det samiske» i en særstilling». Det er grunnlova, samelova, finnmarkslova, reindriftslova, plan- og bygningslova, offentligheitslova. naturmangfoldlova, kulturminnelova, deltakarlova, kringkastingslova, lakselova, minerallova og tanalova. Ut frå dette konkluderer han med at det norske lovverket har blitt etnifisert. Han siterer frå alle lovane og gir kommentarar som viser at han ønsker alle formuleringar om samisk språk, kultur og representasjon fjerna.

Kvifor tar da desse lovene opp samiske forhold spesielt? I dei fleste eller alle lovene er det samiske føydd til i nyare tid, etter Samerettsutvalet si første innstilling av 1984. Bakgrunnen er at tidligare har samiske interesser ofte vore gløymd eller overkjørt i f.eks. naturforvaltning og utbyggingssaker. Derfor har det blitt tatt inn spesielle paragrafar om at verknadane for samisk kultur skal vurderast særskilt der dette er aktuelt. Denne bakgrunnen nemner ikkje Hellesvik, han oppfattar ei kvar tilvising til det samiske som ei favorisering av ei etnisk gruppe og dermed diskriminering av andre. Av dei 13 lovene er det bare to som kan seiast å gi forskjellsbehandling av einskildpersonar ut frå om dei er samar eller ikkje. Det er samelova om røysterett til Sametinget og reindriftslova om retten til reindrift. Dei øvrige går vesentlig ut på å ta omsyn til verknadar for samisk kultur, slik at denne ikkje blir skadelidande.

Hellesvik skriv at det er mogleg han ikkje har fått med seg alle lovene. I alle fall har han uteglømt ein, nemlig opplæringslova. Og dette er virkelig ein av dei få lovene som på individuelt nivå skiljer mellom samar og ikkje-samar:
§ 6-2: Utanfor samiske distrikt har samar i grunnskolealder rett til opplæring i samisk.
§ 6-3: Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk.

Her kan ein virkelig snakke om diskriminering, og dette er heilt reelt. I ei rekke tilfelle har denne paragrafen blitt brukt til å nekte elevar opplæring i samisk, fordi dei hadde feil etnisitet. Men slik diskriminering interesserer visst ikkje leiaren for «Etnisk og Demokratisk Likeverd».

Utan tillit

Fleire undersøkingar viser at store delar av befolkninga i Finnmark har liten tillit både til Finnmarkseiendommen og til Sametinget. Hellesvik tar sjølvsagt dette til inntekt for sitt syn, og eit stykke på veg har han nok rett i det. Men han går ikkje nærare inn på årsakane til denne misnøyen. Her er det slåande at desse to organa ikkje bare blir kritisert av Hellesvik og hans meiningsfeller i EDL og FrP, men også frå motsett side, frå radikale sameaktivistar som nettopp Niillas A. Somby.

Ein del av misnøya skuldast nok at mange hadde forventa at FeFo og Sametinget skulle klare å påverke politikken i større grad enn dei har gjort. FeFo skulle føre til at finnmarkingane blei «herrer i eget hus» og styre utnyttinga av utmarka i større grad til fordel for befolkninga i fylket. Når ein så opplever at det motsette skjer, at grensa for utlendingar sitt fiske blir oppheva, at rypejegarar sørfrå får oversvømme fylket sjølv om det knapt er rype igjen og at vedteigar som tidligare var gratis no må betalast for, vil også mange som var positive til opprettinga av FeFo stille spørreteikn ved om dette er noko betre enn Statskog. Når så FeFo i tillegg støttar Nussir sine gruveplanar i Kvalsund og engasjerer seg i Finnmark Kraft som vil bygge vindkraftanlegg i reinbeiteområde, kan ein spørje om eigentlig samiske interesser har blitt styrka ved opprettinga av FeFo, trass i den formelle representasjonen gjennom Sametinget. Noko av misnøyen skuldast avgrensingar på FeFo si makt gjennom Finnmarkslova og anna lovverk, men anna skuldast utvilsamt vedtak som FeFo-styret eller administrasjonen har gjort heilt frivillig.

Sametinget kan heller ikkje seiast å ha levd opp til forventningane. Trass i dei nemnde lovane som påbyr å ta omsyn til samisk kultur i all statsforvaltning, har ein i praksis ikkje klart å hindre verken nedgangen i fiske og jordbruk og fråflytting i samiske område eller inngrep i reinbeiteområde. I dei to store største sakene med direkte konfrontasjon mellom Sametinget og Stortinget det siste tiåret, Kystfiskeutvalet og Minerallova, tapte Sametinget begge. Sametinget har fått forvalte statlige støtteordningar for læremiddel, språk og kultur, men ikkje fått nokon auke i desse og sett frå dei som treng støtte er ein dermed like langt. Samtidig har alle statlige og fylkeskommunale organ kunna seie frå seg ansvaret for samiske spørsmål med å vise til at det er Sametinget sitt ansvar. Resultatet er at for samiske kulturinstitusjonar som museum og teater er stoda dårligare enn for tilsvarande norske. For å gå tilbake til Niillas A. Somby er det fristande å gi han rett i at det viktigaste Sametinget har oppnådd ein rekke godt betalte arbeidsplassar i eigen administrasjon.

Både FeFo og Sametinget har altså kome i skotlinja frå to kantar. Først frå dei som meiner desse organa gir samane for stor makt på kostnad av ikkje-samar, så frå dei som hevdar at dei i praksis slett ikkje gir samar meir makt, men bare er norske forvaltningsorgan i samisk drakt. Når så Sametinget i tillegg har blitt eit organ for partipolitisk kjekling og posisjonering etter mønster frå Stortinget, er det ikkje mange igjen som er nøgde med det.

Her fell eg for freistinga til å sitere ein tidligare sametingsrepresentant, til og med frå NSR, som ikkje stilte til gjenval etter ein periode:
«I den tida da eg var sametingsrepresentant mista eg mange illusjonar som eg hadde hatt om Sametinget. Eg oppdaga at mange der ikkje først og fremst tenkte på kva som er bra for samane. Personlig ære og trong til å vere i media virka mange gongar å vere viktigare enn sakene. Eg likar ikkje slikt maktspel.

Det var også svært strenge grenser mellom partia. Det virka på meg som mye tid og krefter gikk til indre maktkamp i staden for å samle krefter og menneskelige ressursar for å klare seg betre overfor norske styresmakter og fremme samiske saker overfor dei. Det er bare motstandarane våre som har nytte av det når vi sjølve kranglar og slåss om bagatellar.

Sametinget har rett og slett adoptert stortingssystemet utan å spørje om det fremmer ei felles ånd blant samane. Eg er ikkje sikker på at Sametinget sin organisasjonsmodell er den beste løysinga for samane. Sametinget har blitt ein kjempestor arbeidsplass, men eg undrar om ein ikkje kunne bruke ressursane betre.» (Synnøve Solbakken-Härkönen i Samisk skolehistorie 5)

Naturvernet som blei vekk

Som fortalt var Jarl Hellesvik ein gong leiar for Naturvernforbundet både i Hammerfest og Finnmark. Det var da det – og itte no, som Prøysen seier. No avviser han alle protestar frå reindrifta og Sametinget mot naturinngrep og i praksis støttar han opp om inngrep som gruver, vindkraft og kraftleidningar gjennom reinbeiteområde, inngrep som Naturvernforbundet i Finnmark står sammen med reindrifta om å gå imot. I dag står altså Naturvernforbundet sin tidligare fylkesleiar opp som forsvarar av alle dei viktigaste naturinngrep i Finnmark, og hevdar at reindrifta vil stanse utviklinga og gjøre Finnmark til eit museum. Naturvernforbundet kan i alle fall prise seg lukkelig over at han ikkje lenger er medlem.

Ein gigantisk konspirasjon?

I vår tid er det mye snakk om konspirasjonsteoriar. I sluttkapitlet i boka samanfattar Hellesvik heile den samiske rørsla gjennom tidene til ein einaste stor konspirasjon, som utan grunnlag har bygd opp ei forteljing om dei undertrykte samane og fått politikarane å tru på denne og dermed rana seg til makt. «I denne her boka har jeg ... prøvd å påvise at det samepolitisk, begrunnede narrativet ikke er holdbart. Og faller dette narrativet eller denne fortellingen sammen, så faller også de forestillinger som er blitt brukt som begrunnelser for innføring av en rekke samepolitiske særretter og privilegier.»

Dette «narrativet» samanfattar Hellesvik kort som «vi kom først og vi har hatt det så fælt». Gjennom heile boka forsøker han å rive ned dette. Ikkje kom samane først, ikkje er dei urfolk og aldri har dei vore diskriminerte eller undertrykte. Men dersom dette stemmer, korleis kan ein da forklare at samar gjentatte gongar i historia har reist seg til kamp mot assimilering og til forsvar av landområda og naturressursane dei har levd av? Da gjenstår bare den reine konspirasjonen, ei ondsinna samansverging for å sikre seg makt på etnisk grunnlag og kunne undertrykke og diskriminere nordmenn og kvenar.

Hellesvik har rett i at det er ein klar samanheng mellom korleis ein oppfattar historia og korleis ein forholder seg til samepolitiske krav. Nettopp derfor har samepolitikarar på eine sida lagt stor vekt på å trekke fram samisk historie, både å dokumentere kor og korleis samane har levd, korleis storsamfunnet har fortrengt eller assimilert samane og strider som har vore om ressursar, språkbruk og kulturutøving. EDL og andre samerettsmotstandarar har på si side fornekta at samar har vore undertrykt og diskriminert, og framstilt det som alt var fred og fordrageligheit heilt til sameaktivistane kom og laga bråk. Kampen om dagens samerett har blitt ein kamp om historia, frå dei eldste tider fram til i dag, der begge sider har ein tendens til å tolke historiske kjelder slik det passar dei og oversjå eller fornekte historiske fakta som kan telle i motsett retning. Framleis er mye uklart i nordnorsk og samisk historie, og det er stort behov for forsking utan forutinntatte konklusjonar. Hellesvik skuldar samepolitikarane for å ha bygd opp ei historie for å grunngi sin eigen politikk. Det same kan i minst like stor grad seiast om EDL. Her verkar det som konklusjonane var gitt først, så har ein etterpå leita i historia for å forsøke å få denne til å stemme.

Sámi duodji på salgsutstilling. Verdt å ta vare på?
(Foto: Svein Lund)


Samisk verd å ta vare på?

Boka med tittelen «Samer og samepolitikk» er på 218 sider, og forfattaren har gitt uttrykk for sitt heilskapelige syn på emnet. Han har hatt god plass til å få fram alle sider ved saka. Likevel har eg etter å ha lese heile boka ikkje funne ein einaste stad
– at samar på nokon måte har vore undertrykt i Noreg.
– at samisk kultur og språk er truga.
– at samisk kultur og språk er verdt å ta vare på.
Dette har eg peika på tidligare i forhold til avisinnlegga hans, utan nokon gong å få svar. Når synspunkta hans no blir samla i ei bok, blir dette bare enno klårare.

For hundre år sidan hadde styresmaktene i lengre tid prenta inn i samar og nordmenn at samisk kultur og språk bare var i vegen for «utviklinga» og måtte erstattast med norsk. Da fann nokon at det var naudsynt å gi ut ei bok med tittelen «Kulturverdier hos Norges finner», for å vise at den samiske kulturen har verdiar som er verdt å ta vare på. Det kan sjå ut til at det trengst ei nyutgåve tilpassa vår tid.

Eg vil og driste meg til å nemne ei anna bok eller rettare bokverk. I ti år var eg med å samle historie og historier til bokserien Samisk skolehistorie. Der får både fornorskarane og ofra for fornorskinga ordet, samtidig som den offisielle politikken blir dokumentert. Derfor tør eg påstå at når Hellesvik kan hevde at fornorskinga var frivillig, viser det bare at han ikkje kjenner historia, og det virkar som han heller ikkje ønsker å kjenne henne.



Hellesvik ønsker boka skal vere til evig plage for dei som har eit anna syn enn han sjølv. I kristendommens historie er det ei rekke skildringar av den evige plage som rammar dei som ikkje har den rette trua. Her er dommens dag skildra av målaren Hans Memling. Måleriet kan studerast på det gamle rådhuset i Gdansk.
(Foto: Wikipedia)


Til evig plage

Hellesvik kallar boka si «et første forsøk på et helhetlig oppgjør med samepolitikken» og ønsker at ho skal bli «til evig plage for mine meningsmotstandere». Hellesvik ønsker altså at dei som ikkje er samde med han skal li av plager til evig tid. Det er omtrent like tolerant som fanatiske kristne og muslimar som har dømt dei vantru til helvetes ild og evig fortaping.

Likevel gir boka ei mengde utfordringar som er verdt å tenke over. Det er eit faktum at mange støttar synet hans, heilt eller delvis, og at dagens samepolitikarar slit med å ha legitimitet både i den samiske og den norske befolkninga. Dette er ei utfordring samepolitikarar og dei som har støtta Sametinget ikkje lenger kan sjå bort frå. Utan å auke legitimiteten og den folkelige støtta kan ein heller ikkje rekne med å få gjennomslag for sitt syn. Det er eit ufråkomelig faktum at det ofte har vore lettare å få gjennomslag for samiske krav i Oslo enn i Finnmark. Og utan gjennomslag i Finnmark står Sametinget på usikker grunn.

Noko snarlig løysing er kanskje ikkje i sikte, men vi bør snarast forsøke å gjøre noko for å løyse opp i fastlåste frontlinjer. Dessverre er ikkje boka til Hellesvik noko bidrag til dette, snarare grev han seg sjølv og EDL enno djupare ned i eiga skyttargrav.

All makt i denne sal??
(Foto: Ane Helga Lykka)

Er løysinga meir makt til Sametinget?

Fleire urfolk og andre etniske minoritetar har rundt om i verda utvikla forskjellige former for sjølvstyre eller eigen representasjon. Det finst fleire måtar å gjøre det på, og det er ikkje gitt at den ordninga med sameting som blei utvikla i Noreg på 1980-talet er den beste for all framtid. Frå starten har det vore omstridd kven som skal få delta i Sametingsval, og regelverket er heller ikkje det same for norsk, svensk og finsk sameting. Her peikar Hellesvik på eit problem som ikkje er til å komme unna. Det er ikkje bare motstandarar av Sametinget som har peika på det problematiske at ein som har vakse opp og levd heile livet på Vestlandet, men som ved slektsforsking finn ei oldemor frå Tana, kan skrive seg inn i samemanntalet, mens ein som er vakse opp i Guovdageaidnu med norske foreldre ikkje kan det. Ein innvandrar til Noreg kan få statsborgarskap etter 7 år og alle rettar og plikter. For ein innvandrar til Sápmi finst det ikkje noko tilsvarande. Som eksempel kan nemnast at forfattaren av dette skrivet etter 43 år i gamalt samisk busettingsområde, derav 29 år i det samiske «kjerneområdet» i Guovdageaidnu framleis ikkje har nokon sjanse til å komme med i samemanntalet, sjølv med samisk grunnfag og medlemskap i Sámi fágagirjjálaš čálliid- ja jorgaleddjiidsearvi.

Opprettinga av Sametinget har ført til at andre offentlige organ har avskrive seg ansvar for samiske spørsmål. Resultatet er at Sametinget krev meir og meir makt til seg sjølv, fordi det synest å vere einaste måten å sikre at samiske saker blir tatt alvorlig. Kva om vi klarte å snu dette, om norske forvaltningsorgan, skolar, bedrifter og media tok ansvar for samisk språk og kultur på linje med den norske, helst utan at det var naudsynt å skrive ein paragraf i kvar lov om at dei er forplikta til det? Om dei tok på alvor grunnlova §108: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.» I såfall ville ansvaret for det samiske bli eit felles ansvar, og vi kunne tømme Sametinget for mange av dei oppgåvene det har i dag, som det ikkje har verken makt eller ressursar til å løyse. Dette er ikkje tilfelle i dag, og så lenge staten snarare går i motsett retning, vil Sametinget måtte svare med krav om meir makt til seg sjølv. Og ei slik løysing ville vel aldri EDL og Hellesvik gå inn for?

Er sameretten kollektiv eller privat?

Frå Hellesvik og EDL har krav om «samisk rett til land og vatn» blitt framstilt som eit krav om privatisering. Dei framstiller det som Finnmarkslova og Finnmarkskommisjonen vil gi «enhver lykkejeger» eit stykke av «Finnmarksallmenningen» og dermed gjøre Finnmark til eit lappeteppe av private eigedomar. Er det grunnlag for denne frykta? På eine sida er faren atskillig overdrive frå EDL si side, fordi krav bare kan reisast på grunnlag av alders tids bruk. På andre sida kan ein ikkje seie at krava om «samisk rett til land og vatn» har vore spesielt presise på kven som skal forvalte denne retten, og både tilhengarar og motstandarar har derfor kunna tolke denne på mange vis.

I alle fall frå 1848 har den norske staten gjort krav på eigedomsretten i Finnmark. Både historikarar, juristar og politikarar har forlengst stilt spørsmål ved grunnlaget for denne. Sjølve opprettinga av Samerettsutvalet bygde på ei erkjenning av at staten sin eigedomsrett var tvilsam. Dei 17 åra som utvalet sat blei ein einaste lang dragkamp om kven som eigentlig hadde retten til land og vatn i Finnmark. Eit underutval, Rettsgruppa, blei kløyva mellom eit fleirtal som meinte Staten hadde eigedomsretten og eit mindretal som meinte han ikkje hadde det, mens sjølve utvalet vrei seg å gjøre ein klar konklusjon. Til slutt gikk ein utanom kjernespørsmålet og laga eit kompromiss som overførte utmarka i Finnmark til eit nytt organ leia av Fylkestinget og Sametinget, samtidig som Finnmarkskommisjonen blei sett ned for å behandle lokale rettskrav. Sjølve konstruksjonen med deling mellom Fylkestinget og Sametinget er eit uttrykk for at ein ønska å unngå å ta standpunkt til om det var snakk om ein samisk rett eller ein lokalbefolkningsrett. Samtidig har ein klart det kunststykket å la vere å ta standpunkt til hovudspørsmålet: Var staten sin eigedomsrett lovlig?

Framleis hadde verken dei samiske organisasjonane eller Samerettsutvalet svart på spørsmålet: Kva betyr samisk rett til land og vatn? Er det snakk om ein kollektiv rett eller ein individuell rett? Og kven er rettssubjektet? Er det enkeltpersonar, familiar, bygdelag, siidaar, reinbeitedistrikt, kommunar eller den samiske befolkninga som heilskap eller innafor eit avgrensa område?

Den juridiske tanken bak samiske krav ligger i prinsippet om «alders tids bruk», eller at dei som brukar eit område samanhengande over lang tid opparbeidar ein eigedomsrett til området. I «Den samiske rettsdannelse i Indre Finnmark» viste juristen Geir Hågvar at mindre bygder på Finnmarksvidda har hatt ein bruk som har vore heilt dominerande og som juridisk kan gi grunnlag for tilkjenning av eigedomsrett. Han bygde på at juridisk rett oppstår på to måtar, gjennom lovvedtak og gjennom bruk, og tok til orde for at rettsvesenet og forvaltninga i større grad må ta omsyn til den retten som oppstår gjennom bruk. Men sjølv om det skjer, vil det skje innafor rammene av storsamfunnet sitt lovverk, som bygger på den private eigedomsretten.

Frå samepolitikarar har det ofte blitt sagt at samar og andre urfolk ikkje har tenkt eigedomsrett på same måte som storsamfunna. Dei har sett retten sin som ein førsterett til å bruke eit område, ikkje som ein eigedom som kan seljast til kven som helst. Her har to rettsoppfatningar stått mot kvarandre, men sidan det bare er storsamfunnet som har nedskrive lover, må samane kjempe på storsamfunnet sine vilkår. Når reindrifta for å forsvare seg mot inngrep ser seg pressa til å kreve eigedomsrett, har ein sett igang ein kamp som er tapt i utgangspunktet. Det har vi sett i den tragiske saka på Stjernøya der reindrifta oppskriftsmessig har tapt gjennom heile rettssystemet. Det er tragisk både for dei som (pga. dårlige juridiske råd?) har satsa på denne håplause saka, og for alle langt rimeligare samiske rettskrav som vil følge etter.

Dersom utgangspunktet er at bruk gir rett, vil retten gå til dei som har hatt bruken, eller til etterkommarane deira. Men da kan ein knapt snakke om ein allmenn kollektiv samisk rett, for sørsamar har aldri brukt utmarka i Finnmark eller omvendt, og folk frå Aust-Finnmark har heller ikkje brukt naturressursar i vest. Som regel er bruken av f.eks. eit fiskevatn knytta til ein bestemt familie eller eit bygdelag, ofte med tillegg av ein reindriftssiida. Kven er så rettssubjektet for krav om eigedomsrett eller bruksrett? Frå dei som har snakka høgt om «samisk rett til land og vatn» har det ikkje vore noko klart svar på dette. I arbeidet til Finnmarkskommisjonen er det reist krav på svært forskjellige nivå, frå einskildpersonar, bygdelag, reindriftssiidaar og reinbeitedistrikt. Det er også sett fram forslag om å krevje eigedomsrett på kommunenivå.

Ei anna sak er om eigedomsrett er svaret på spørsmålet om vern av bruksområde. Røynsler frå utbyggingssaker viser nemlig at eigedomsrett ikkje gir noko rett til å hindre inngrep, det gir bare rett til erstatning. Om målet er å verne samiske bruksområde mot inngrep utafrå, kan derfor krav om eigedomsrett vere eit bomskot.

Den første juridiske utgreiinga som sette spørreteikn ved «Statens umatrikulerte grunn i Finnmark» var Sverre Tønnesen si «Retten til jorden i Finnmark» frå 1972. Her forsøker han også å gi eit forslag til løysing: Lokale allmenningsstyre valgt av «bruksberettigede» skal styre utmarka lokalt og velje eit hovudallmenningsstyre som skal ta seg av felles spørsmål. Samtidig understrekar han at reindrifta må sikrast ein representasjon så ho ikkje kan bli overkjørt. Kanskje det er på tide å børste støvet av desse ideane igjen?

Er forsoning mogleg?

Etter fleire tiår står debattantane lengre frå kvarandre enn nokon gong. Det har blitt ein skyttargravskrig der ingen av partane har vore villige til å høre på den andre. Kor lenge kan vi halde fram slik? Finst det nokon annan veg ut? Eg veit ikkje, men om det skal vere mogleg å komme frå skyttargravskrig til dialog ser eg nokre vilkår som må oppfyllast:

Ein må frå begge sider innsjå at det finst nokre uløyste spørsmål i historia og leve med at både lærde og ulærde har forskjellige oppfatningar av dei. Vi treng ikkje bli samde om kor Ottar budde eller kor Lyngstuva låg. Derimot trur eg det er naudsynt at: Motstandarane av sameretten må innsjå at vi har ei befolkning av samar som vil vere samar og ta vare på samisk språk og samisk kultur. Dei må få vilkår for å gjøre dette, noko som gjør det naudsynt med særlig støtte til samisk språk og kultur. Om dei held fram å vere negative til alt av samiske kulturuttrykk, vil det aldri bli fred. Dei må også innsjå at grunnlaget for samisk kultur er at naturbaserte næringar har eit vern mot inngrep som vil kunne øydelegge naturgrunnlaget for næringane.

Tilhengarane av sameretten må på si side innsjå at vi i område der det bur samar også bur mange som anten ikkje har samisk bakgrunn eller som trass i meir eller mindre samisk bakgrunn reknar seg som ikkje-samar (dážat). I store delar av området har dei lange historiske tradisjonar. Sametinget var i utgangspunkt eit rådgivande organ, men har etter kvart fått større makt og overtatt ein del statlige forvaltningsoppgåver. Og jo meir makt Sametinget får over saker som også gjeld den ikkje-samiske befolkninga, jo meir problematisk blir det at ikkje-samar i dei berørte lokalsamfunna ikkje har påverknad på Sametinget. , og det er rimelig at dei har demokratiske rettar til å delta i bestemmande organ.

Den siste tida har det frå fleire kantar, både i Noreg og Sverige, reist seg røyster for å få oppretta ein sannings- og forsoningskommisjon som skal få fram resultata av fornorskingspolitikken og foreslå tiltak for å rette opp skadeverknadane. Ein slik kommisjon vil nok ikkje vere eit vidundermiddel som kan løyse konfliktane ein gong for alle. Men han vil kunne vere eit sted i rett retning, til å bygge større forståing for historia og dermed for dagens situasjon.

Dessverre er det ingen ting som tyder på at EDL vil vere med i noko forsoning. Dei har si eiga sanning, og alle forteljingar om urett og undertrykking av samar avviser dei som propaganda frå den samepolitiske samansverginga, med mål å bygge ein samisk stat på Nordkalotten. For fem månadar sidan skreiv eg ein kronikk med tittelen «Ope brev til politiske parti i Noreg: Sanningskommisjon om fornorsking og overgrep mot samar» (http://sveinlund.info/sami/vekk.htm). Eg sendte han til fleire aviser, men så vidt eg veit blei han ikkje prenta nokon stad. Det opne brevet sendte eg til alle politiske parti i Noreg, av dei svarte to positivt, to svarte dei skulle svare seinare, men det har dei ikkje gjort, og resten er tause som i grava.


Dei to bøkene som no har kome viser at det på ingen måte har «gått seg til», som Dørum hevda. Historia om forholdet mellom samane og det norske storsamfunnet er framleis eit ope, verkande sår, og dessverre er det lite som tyder på at politikarar og media tør å ta tak i det. Jo lenger dei lar det vere, jo større er faren for at det ein dag eksploderer igjen.

Svein Lund

Kritikk frå Jarl Hellesvik og svar frå meg

Etter at eg 13.10.2016 la ut artikkelen «Ingen fred på Nordkalotten», med utgangspunkt i bøkene til Niillas A. Somby og Jarl Hellesvik, har det kome nokre kommentarar, både positive og negative. Dei lengste kommentarane er frå Jarl Hellesvik. Sidan det som kjem på Facebook er døgnfluger som etter kort tid er vanskelig å finne igjen, har eg klipt ut dei tre første innlegga hans etter artikkelen min, og mine svar.

Frå Jarl Hellesvik 13.10.2016 og mitt svar av 17.10.2016

Eg tar her for meg kritikken hans, som han sjølv har sett opp i punkt, og svarar punkt for punkt. (Han har to pkt. 3, eg kallar desse 3a og 3b)

1. Svein kaller boka mi for en konspirasjonsteori. Dette på tross av at jeg ikke en eneste gang har spekulert i mulige hemmelige samepolitiske planer. De betraktninger og konklusjoner jeg har trukket er alle knyttet til åpne og offentlige kilder. Påstanden faller derfor på sin egen urimelighet.

Både i boka og i andre samanhengar har JH hevda at samepolitikarar (NSR, Samerådet m.fl.) eigentlig ønsker ein samisk stat, samtidig som dei sjølv nektar for dette. Det er dette eg kallar ein konspirasjonsteori. I staden for å spørre kva er dei verkelige årsakane til at vi har fått ei samisk rørsle (fornorsking, ran av ressursar, diskriminering av samisk språk og kultur m.m.) blir denne rørsla i JH si forklaring til ein konspirasjon for å sikre seg makt.

2. Det er ikke EDL som har gitt ut denne boka, som ble skrevet før jeg ble leder i EDL. Det finnes garantert forskjellige synspunkter blant EDL-medlemmene, omkring temaer som jeg er inne på i boka. Så når han trekker EDL inn sin omtale av boka, så må hans "anmeldelse" først og fremst oppfattes som et generelt politisk motivet angrep, rettet mot alle som er kritisk til deler av den samepolitikken som NSR og co fører og forfekter, og som Svein Lund i all hovedsak har støttet og støtter.

Det er umogleg å skilje denne boka frå EDL. JH har vore ein sentral person i EDL frå starten og det som står i boka er i all hovudsak i samsvar med grunnlaget for EDL, sjølv om nok organisasjonen ikkje har vedtatt alle synspunkta til JH i detalj. Når no JH også formelt har blitt leiar i EDL viser det kor nær denne samanhengen er. Han fortel da også i boka om korleis han har arbeida gjennom EDL for å påverke stortingspolitikarar. Å seie at boka ikkje har med EDL å gjøre er som om ein i samband med ei bok om Jens Stoltenberg sa at bland no ikkje Arbeiderpartiet inn i denne saka.

Eg har kritisert EDL og JH, ikkje «alle som er kritisk til deler av samepolitikken som NSR og co fører». Vi kan vere usamde om gjennomføringa, men når det gjeld hovudprinsippa bak norsk samepolitikk, slik denne er fastsett i lovverk, partiprogram og ratifisering av internasjonale konvensjonar, står eg faktisk i lag med samtlige norske parti utanom FrP, mens EDL og JH står i lag med FrP. Eg er ikkje den første som undrar om ikkje dette må kjennast noko beklemt av folk som sjølv omtaler seg som tilhørande venstresida.

3A. Når Svein Lund klager over at jeg i boka, ikke vier oppmerksomhet mot positive sider ved den samiske kulturen, så minner det meg om den gangen jeg var leder av Nei til EU i Finnmark, før folkeavstemminga i 1994. Da ble det klaget fra Ja-siden over at vi som var motstandere av norsk medlemsap i EU aldri sa noe politivt om EU. Svein Lund forlanger at vi som er kritiske til visse sider av den poltikken som NSR og co fører og forfekter alltid skal begynne med en obligatorisk knebøyning ovenfor han, som går ut på at skal ytre at vi er for samisk språk og kultur, før vi får lov til å føre fram vår kritikk. Gjør vi ikke det så er vi mot samisk språk og kultur eller det som værre er. Den slags retorikk - som han til stadighet har benyttet opp igjennom tiårene - faller på sin egen urimelighet. For øvrig så er jeg en av dem som flere gange har kritisert Sametinget offentlig for at de bruker alt for mye penger på maktuøvelse og på lønninger til seg selv, og for lite til språk og kulturutvikling. slikt er tydeligvis ikke godt nok for svein Lund. Min formulering om Sametinget er slik: Penger og makt til seg selv, resten er det ikke så nøye med.

Her er ikkje spørsmål om ei obligatoriske knebøying kvar gong, men om JH og EDL (eg slår dei framleis i hartkorn) nokon gong har ytra eit positivt ord om samisk kultur. Kanskje eg skal moderere meg, for eg meiner at EDL ein gong skreiv at reindrifta er bra for turismen. Det står fast at med slike moglege minimale unnatak har dei aldri skrive eit positivt ord. Når nokon av dei ein sjeldan gong skriv at dei er for samisk språk og kultur, blir det nettopp ei rituell knebøying for så å skyte vidare frå kneståande. I den tida JH har engasjert seg og EDL eksistert har det kome ei rekke åtak på samisk kultur og språk. (Treng eg å ramse opp åtaka på reindrifta, kystfisket, kraftutbygging, gruver, nedlegging av sameskole, kommunesamanslåing, nedskjæring av løyvingar til samiske institusjonar osv.) Ikkje ein gong har verken JH eller EDL engasjert seg for samisk kultur i nokon av desse sakene. Men tusenvis av innlegg som på ein eller annan måte går til angrep på samisk politikk og samiske institusjonar, organisasjonar osv., det har har tid til.

Alle som har budd i samisk-norske blandingsområde veit at det ikkje alltid har vore lett å vere same i Noreg. (Med unnatak av nokre som nektar å sjå det.) Det finst eit utal av forteljinga om kvifor samar har fornekta eigen bakgrunn, mange av dei er frå JH sine eigne heimkommunar Loppa og Hammerfest. På 1970-80-talet skjedde det viktige endringar, som det blei sagt under Alta-kampen, blei det «født nye voksne samar kvar dag». Samar våga å stå fram og leite etter den kulturen og språket som dei i stor grad hadde tapt / blitt fråtatt. Det blei lettare å vere same. Det ga seg utslag som auka oppslutning om samiske organisasjonar, og auka interesse for samisk andrespråk i skolen. På slutten av 1990-talet kom det eit tilbakeslag, særlig etter framlegginga av Samerettsutvalet si andre innstilling og striden om samisk læreplan i skolen. Aviser og etter kvart nettdebattar blei fulle av åtak ikkje bare på samepolitikarar, men på samar generelt og ikkje minst på reindrifta. Frå mange hald blei det meldt om at det blei vanskeligare å vere same. Ungar ville ikkje lenger ha samisk på skolen, for dei blei erta for det. Mange samar i byane slutta å bruke kofte i det offentlige romet. osv. osv. Det var ikkje einskilde synspunkt som gjorde dette, anti-samiske krefter hadde det alltid vore. Det var det massive einsidige åtaket i media og alle offentlige samanhengar som gjorde det akseptabelt å hetse det samiske. Spesielt stort var dette tilbakeslaget fordi Finnmark SV med Olav Gunnar Ballo i spissen gjorde det legalt på venstresida å vere mot Sametinget og sameretten. I denne perioden skriv så JH at han ikkje brydde seg om samepolitikk. Han valde altså å lukke auga for kva samanheng han seinare kom inn i da han starta sin offensiv, som formelt var mot privatisering, men som raskt blei omfamna av alle anti-samiske krefter. Mens Ballo har trukke seg meir tilbake og Finnmark SV heldigvis har kome på betre tankar, er det JH og EDL som har overtatt som fanebærarar for den einsidige offensiven mot alt samisk som stikk opp hovudet. Eg seier ikkje at han ikkje kan ha nokre gode poeng i kritikken, eg kritiserer at einsidigheita gjør at heile arbeidet hans i praksis virkar som eit slag mot samisk språk og kultur. Ei av dei få sakene der eg meiner JH har eit poeng er at Sametinget brukar for mye pengar på eigne lønningar. Her er ikkje Sametinget betre enn andre offentlige organ, som Stortinget, fylkesting, kommunestyre osv. Eg hadde gjerne sett at ALLE folkevalde blei lønna f.eks. etter gjennomsnittlig industriarbeidarløn. Og eg trur at om Sametinget hadde gått foran her, hadde det tjent på det og fått stor respekt blant både samar og nordmenn. Likevel blir det feil å kople det til eit angrep på dei politiske måla for Sametinget, samtidig som at ein ikkje seier at det Sametinget her gjør faktisk er det same som heile det norske politiske systemet gjør.

Men sjølv om eg og er samd i at sametingsrådet får for mye løn, kan eg ikkje fråta dei at dei har eit ærlig engasjement for det samiske folket, og eg syns det er svært grovt å skulde dei for bare å vere ute etter makt og rikdom for seg sjølv – særlig frå ein som aldri har gjort eit slag for å styrke samisk språk og kultur, snarare tvert om.

3B. Jeg vier i boka en betydlig oppmerksomhet mot det forholdet at Sametinget og finnmarksloven har liten legitimitet også blant samene. Dette underslår Svein Lund. Jeg viser i boka til en NORUT-undersøkelse om dette og til boka "Den samiske medborgeren" som kilder for mine opplysninger og betraktninger. Boka "Den samiske medborgeren" er for øvrig en mye sterkere mytedreper ovenfor de myter som blant annet Svein Lund sprer om samenes nåsituasjon, enn den boka jeg har skrevet. Dette pga bokas omfattende empirisike materiale.

I artikkelen min skriv eg: «Fleire undersøkingar viser at store delar av befolkninga i Finnmark har liten tillit både til Finnmarkseiendommen og til Sametinget. Hellesvik tar sjølvsagt dette til inntekt for sitt syn, og eit stykke på veg har han nok rett i det.» Eg har altså ikkje underslått dette. Det er eit faktum at mange samar av forskjellige grunnar er skeptiske til Sametinget. Etter langvarig fornorsking ønsker framleis svært mange av samisk bakgrunn at det samiske blir glømt for alltid, og dei irriterer seg kvar gong noko samisk blir nemnd i offentligheita. For dei vil bare eksistensen av Sametinget vere eit verkande sår som ikkje vil gro i den norske identiteten deira. For andre kan det vere at dei prinsipielt at ein er usamd i den ordninga som er vald for samisk representasjon, at dei ønska at det samiske heller skulle bli ivaretatt gjennom f.eks. ei ordning som tidligare Norsk Sameråd eller gjennom kommunane. Eller dei er misnøgde med at for få – eller for mange – eller feil folk – får skrive seg inn i samemanntalet. I tillegg kjem dei mange som ønsker eit Sameting, men er misnøgde med dei vedtaka som Sametinget gjør. Dei kan bl.a. meine at Sametinget går for langt eller for kort i å kreve samisk sjølvråderett, er for negative eller for positive til reindrifta osv. Mye av det same kan seiast om Finnmarkseiendommen, og eg har stor forståing for at mange, både samar og ikkje-samar har mye å sette fingeren på i den forvaltninga som dei har utført så langt.

4. Svein Lund gjør det til en sak at jeg har skrevet mange innlegg knyttet til samepolitiske spørsmål. Dette er en smule komisk, for sjøl har jo Svein Lund ivrig, bedrevet slikt fra 1970-tallet og fram til i dag. Jeg begynte ikke å skrive innlegg knyttet til samepolitikk før i 2005. Jeg tror ikke at jeg klarer å ta han igjen her, om jeg så blir over nitti år.

Det stemmer at eg har skrive om samepolitiske spørsmål sidan 1970-talet, i omlag 30 år der JH i offenligheita meinte ingenting. Det er vanskelig å seie akkurat kor mye eg har skrive, fordi eg ikkje ser det samiske isolert, men som samanvevd med andre saker på Nordkalotten, skolespørsmål, naturvernsaker osv. Men trulig har det blitt rundt 300 artiklar / innlegg der samiske spørsmål er sentralt. Likevel trur eg ikkje eg kjem i nærheiten av dei tusenvis av innlegga som JH har skrive i aviser og på nettet. Og dei siste 11 åra har dei langt over 90% handla om samepolitikk og dei har vore 100% negative til det samiske.

5. Svein Lund prøver på slutten av sin omtale, å opptre som en politisk nøytral iaktaker, noe han alldeles ikke er.

Det har eg aldri forsøkt å framstille meg sjølv som, men av og til forsøker eg også å forsøke å sjå korleis saker kan sjå ut frå andre synsvinklar. I motsetning til dei som bare har ein synsvinkel.

6. Jeg oppfordrer til slutt enhver som er interessert i temaet, til å lese boka "Samer og samepolitikk" sjøl og dømme sjøl. De som har lest Svein Lund sin omtale, vil da ved selvsyn kunne bedømme om hans omtale er i tråd med innholdet i boka, om den er en skjeiv framstilling eller om den er helt bort i natta.

Det kan eg slutte meg til, men den som skal gi seg ut på denne boka, bør også bruke litt tid på å lese samisk historie og nåtidig situasjon sett frå andre synsvinklar.

7. Jeg kunne kommet inn på mange enkeltpunkter i hans omtale, som jeg anser for å være gale eller uholdbare. Det lar jeg ligge. Jeg kommer ikke til å komme med ytterligere kommentarer til Svein Lund sin omtale. Og nok en gang til Svein Lund: Takk for oppmerksomheten!

Her var det visst ikkje noko eg treng å kommentere. Det får halde frå mi side.

Frå Jarl Hellesvik 18.10.2016 med mitt svar av same dagen

A. Svein Lund har alltid skygget unna det å diskutere spørsmålet om politisk makt og myndighet til Sametinget eller ikke. Han er for at Sametinget skal ha bestemmende og besluttende myndighet og helst få politisk hegemoni nord for Dovre, men det vil han ikek fortelle om. Hans taktikk er å skrive og snakke om samisk språk og kultur med store bokstaver når spølrsmåler om makt kommer opp. Det er dette som er mitt anliggende. Jeg er imot at Sametinget skal ha politisk og forvaltningsmessig makt. Sett i denne sammenhengen er alt det andre underordnet eller uvesentlig for meg. Og jeg er ikke alene om å være mot at Sametinget skal inneha politisk makt. For å ta et eksempel på det: Også mange av de som er innmeldt i sametingets valgmanntall er enig med meg der. Dette går så langt at omkring 10% av de innmeldte i sametingets valgmanntall, er for å legge ned Sametinget. Jeg kan jo også fortelle at Samenes Landforbund, som var den største samepolitiske organisasjonen på 1980 tallet, var imot at Sametinget skulle opprettes. Ja, de var så sterkt imot dette at de valgte å la være å stille til valg til sametingsvalgene. Var de samefiendtlig av den grunn? Var de mot samisk språk og kultur av den grunn? Nei, selvsagt ikke. B. Det som er mitt anliggende skriver jeg om i boka "Samer og samepolitikk". Jeg avslutter boka slik: "Hva er så mitt alternativ? Mitt alternativ tar utgangspunkt i virkeligheten slik den er i dag. Hva er så den ?

Den er som tidligere påpekt, at den samiske befolkningen, eller den delen av befolkningen i Norge som er av samisk avstamming, er velintegrert i det øvrige samfunnet i Norge, at de aller fleste av disse menneskene også er assimilert inn i den dominerende kulturen i Norge. I tillegg så er det slik at samene, eller de som er av samisk avstamming, ikke er en marginalisert og politisk svak gruppe i Norge.

Mitt andre utgangspunkt er verdipolitisk. Jeg mener at vi alle er uforskyldt når det gjelder hvem vi nedstammer ifra. Vi kan som kjent ikke velge våre foreldre. Det er forkastelig at et menneske skal straffes politisk, eller premieres politisk med utgangspunkt i avstamming.

Jeg mener derfor at det er etisk forkastelig at mennesker skal bli tildelt permanente, avstammingsrelaterte, politiske særrettigheter. Jeg kan godta eksistensen av midlertidige, etnopolitisk- eller avstammingsrelaterte, begrunnede, politisk særrettigheter. I så tilfelle må dette kunne begrunnes i at en etnisk populasjon, eller mennesker av en bestem avstamming, har sakket etter i utviklingen eller lever i en marginalisert tilværelse. Men så snart disse midlertidige særrettighetene, eller denne «positive diskrimineringen», har ført til at disse skjevhetene eller denne marginaliseringen er borte, så må slike særordninger opphøre. Denne holdningen min er helt i overenstemmelse med innholdet i «FNs konvensjon mor alle former for rasediskriminering».

Her må jeg opplyse om at jeg ikke går inn for å legge ned Sametinget. Jeg mener at Sametinget skal ha den rollen som det opprinnelig var tiltenkt: Å være et rådgivende organ for myndighetene innen området samisk språk og kultur. Dette innebærer at Sametinget må fratas sine politiske privilegier og sin besluttende- og bestemmende myndighet.

Av disse grunnene mener jeg at de permanente, avstammingsrelaterte, samepolitiske særordningene som har gitt Sametinget både reell- og formell politisk makt og forvaltningsmyndighet i Norge må avvikles. Verre er det ikke."

Svar frå meg:

Eg treng altså ikkje skrive meir i denne diskusjonen, da Jarl Hellesvik veit betre kva eg meiner enn eg veit sjølv. For han er alt enkelt og klart. Han veit alt best sjølv, inkludert kva andre meiner. Eg har faktisk ikkje svar på alt, og eg tør å innrømme det.

I artikkelen min har eg forsøkt å problematisere dette i avsnittet "Er løysinga meir makt til Sametinget", der eg peikar på at det kan vere ei betre løysing at ordinære offentlige organ tar meir ansvar for samiske spørsmål, enn å overføre alt til Sametinget.

At Sametinget er vald på etnisk grunnlag ut frå eit samemanntal er ikkje problematisk så lenge det i første rekke skal uttrykke samane sitt syn på forskjellige spørsmål som gjeld dei, både slike som bare gjeld samar og generelle samfunnsspørsmål. Eg ser heller ikkje noko problem med at eit slikt Sameting får avgjøre "interne" samiske spørsmål som språknormering og kven som skal få tilskot til samiske kulturtiltak.

Om alt var fred og glede kunne vi stoppa der. Men det er ikkje situasjonen, Den er at det minst frå vikingtida har vore ein strid om ressursane i Sápmi. Mens fornorskinga er forlatt som offisiell politikk og staten i prinsippet har gitt tilslutning til målsettinga om å styrke samisk språk og kultur, så har striden om ressursane på ingen måte blitt mindre med åra. Det ser vi av striden om retten til kystfiske, av planar om gruvedrift, vind- og vasskraftutbygging osv. Om alle eksisterande planar om inngrep hadde blitt gjennomført, ville reindrifta som næring vere borte om eit tiår eller to. Dette er derfor eit grunnleggande spørsmål om "Naturgrunnlaget for samisk kultur" (Jfr. Samerettsutvalet si innstilling.) I den situasjonen meiner eg at Sametinget, som representant for det samiske folket, må ha ein rett til å sette foten ned, dvs. vetorett mot inngrep.

På andre sida meiner eg at så lenge Sametinget er vald på etnisk (og ikkje f.eks. geografisk) grunnlag, bør det vere grenser for kor stor makt makt og forvaltningsansvar tinget bør ha i saker som også gjeld den ikkje-samiske befolkninga i Finnmark, og at ein må forsøke å finne løysingar som ivaretar interessene til begge sider. Modellen til FeFo kan i prinsippet vere ein slik modell. Men løysinga ligg likevel ikkje i modellar og organisering, konflikten mellom folkegruppene i Finnmark lar seg ikkje løyse utan at vi viser større respekt for kvarandre og kvarandre sine behov. Så lenge samiske interesser og særlig reindrifta heile tida blir angripe, må dei forsvare seg.

EDL og Jarl Hellesvik sitt bidrag til konflikten er ikkje eit bidrag til ei løysing, men til å skjerpe konfliktane og gjøre dei uløyselige.


Til hovudsida.