Debattinnlegg i Finnmarks-avisene, sendt 30.05.97

Nei til Finnmark!

I Tana har ein gjeng heilnorske patriotar starta ei kampanje under namnet "Nei til Sameland - Finnmark for alle". Men dette må da vere inkonsekvent. For kor kjem namnet Finnmark frå? "Mark" er det samme som "land" og kjent ellers frå namn som Danmark, Hedmark, Telemark osv. Som Danmark var danane sit land og Telemark telane sitt land er opphavet til Finnmark finnane sitt land. Og sjølv Jan Olsen må no vite ka ein finn er. Han er sikkert kjent med både fjellfinnar, elvefinnar, sjøfinnar, slogfinnar og tjyvfinnar. Finn er det gode gamle norske ordet for den folkegruppa som budde i Finnmark, på Finnsnes, i Finnfjordbotn, på Finnkongkeila, i Finnvikdalen osv, som på finsk blei kalla lappalaiset, på russisk lopary og som sjølve kalla seg sámit. Finnane er og kjent frå norsk folketradisjon gjennom gode ordtak som "Det er forskjell på folk og finn", "Først folk, sia finna" osv. osv. Korfor forderve det norske språket med samiske låneord? Nei la oss vere reine og norske og ta konsekvensen av meiningane våre. Døp aksjonen om til "Nei til Finnmark!"

Svein Lund, telemarking i Finnmark

PS. Korfor skal vi plagas med ord av samisk opphav som vi bare har tilpassa til norsk. La oss kvitte oss med Tana, ka med "Storelva" eller "Floden"? I disse flomtider kunne vi kanskje bruke eit godt namn frå ein gamal Professor-Drøvel-serie: "Overfloden". Kommunen har i alle fall overflod av fordommar.

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no