I sitt siste innlegg følger Hellesvik opp samanlikninga mellom dagens samepolitiske organisasjonar og rasistar. Det gjør han med å likestille den siste strofa i Isak Sabas Sámisoga lávlla (I norsk oversetting: Sameland for samene) med «Norge for nordmenn», som i dag er ei parole for nynazistar og andre rasistar. Det er omtrent like saklig som om vi skulle sammenligne den norske nasjonalsangen eller nasjonalsalma med dei tyske nazistane sitt «Gott mit uns» fordi dei antyder at Gud held si hand over landet.
«Sámisoga lávlla» blei skrive i 1906, fire år etter at Stortinget vedtok at jord i Finnmark bare kunne selgast til dei som brukte norsk språk til daglig, i ein situasjon der samane var fullstendig umyndiggjort og norske styresmakter hadde som mål å utrydde alt av samisk språk og kultur. I denne situasjonen var «Sameland for samene» ei heilt rimelig parole. Å synge denne sangen i dag er i følge Hellesvik uttrykk for ekstrem sjåvinisme. Eg vil sitere frå markeringa av Samefolkets dag i Oslo for tre år sidan: «Statsflagget og samiske flagg ble kl. 9.00 heist på Løvebakken foran Stortinget. Samtidig lød «Samisoga lavlla» fra Rådhusets klokkespill. Det var taler av stortingspresident Jørgen Kosmo (Ap), sametingspresident Sven-Roald Nystø og kommunalministeren.» Ekstreme sjåvinistar?
Dei som er ekstreme i denne saka er dei som konsekvent kjempar mot all samisk organisering og alle samiske rettar. Dei tre nemnde debattantane har alle vore aktive på venstresida i Finnmark i fleire tiår. Dei har produsert hundrevis av innlegg i aviser i og utafor Finnmark. Men eg har enno tilgode å sjå nokon av dei skrive eit ord offentlig til forsvar for samisk kultur, språk eller næringsliv, trass i at dei er, eller har vore, medlemmar av parti som har programfesta å arbeide for ikkje bare samisk språk og kultur, men også samisk rett til land og vatn i samiske område. I staden nyttar dei no eit kvart høve til å gå til angrep på alt av samisk organisering, Sametinget og reindrifta.
Det skal vere så ekstremt
sjåvinistisk å snakke om ein
samisk nasjon. I 1751 blei
Lappecodisillen mellom
Danmark/Noreg og Sverige/
Finland grunngitt med «Den
lappiske nations conservation». Sjølv midt under fornor
skingstida oppga lærarar i
Hammerfest (!) at dei hadde
elevar av «lappisk nationalitet».
Ekstreme samiske sjåvinistar?
Svein Lund
Norsk nordmann