Baksideartikkel i Klassekampen, 29.05.95

Svein Lund:

Nasjonaldag?

Over heile Kongeriket har vi feira 17. mai. Så og i Guovdageaidnu.
I dag er det det norske flagget som valår over Guovdageaidnu. Over heile bygda vaiar det i raudt, kvitt og blått. At det ikkje blei kvitt og blått eller blått og gult kan vi skrive tilbake til 1752. Da blei grensa trukke 4 mil herifra og det var blått og gult på andre sida. På denne sida var det raudt og kvitt. Men forresten var det knapt nokon som hadde flaggstang, og bortsett frå presten og lensmannen var det få som kjente noko trang å feire ka for flagg ein for tida var under.
Ingen ting tyder på at det endra seg med 1814. 38 år etter slo folket sin motstand mot kolonimakta ut i full blomst her i Guovdageaidnu, og ni av lokalbefolkninga måtte bøte med livet.
88 år etter vi fikk Grunnlov og Norsk Storting fikk vi «Reglement af 7.juli 1902 om afhændelse eller bortforpaktning af Statens Jord m.v. i Finnmarkens Amts Landdistrikt» der det heiter: «Afhændelse maa kun skje til norske Statsborgere og under særligt Hensyn til at fremme Besettelsen af en for Distriktet, dets Opdyrkning og øvrige Nyttiggjørelse skikket Befolkning som kan tale, lese og skrive det norske Sprog og benytter dette til dagligt Brug.»
Seinare har Finnemisjonen/Samemisjonen, skolen/internata, staten og fylket jobba hardt for å gjøre finnan til gangns menneskje. «Det er forskjell på folk og finn», sa dei på kysten før i tida. Men etter kvart har det blitt folk av finnan og. Nå går dei i 17.maitog. Nokre av dei i alle fall. Mesteparten i den lokale varianten av norsk bunad, som er til forveksling lik den lokale varianten av finsk bunad som dei brukar i nabokommunen Eanudat (Enontekiö, for dei som ønsker det forfinska). Men finlendarane feirar nå ein gong ikkje 6. desember som vi feirar 17.mai.
I Guovdageaidnu går folketoget til kyrkja på 17. mai, der presten sørgar for nokre oppbyggelige ord i høve dagen.
— I dag kan vi takke Gud for at vi får feire vår nasjonaldag, messar presten.
— Odne mii sáhttit giitit Ipmila go sáhttit ávvudit min riikavuođabeaivvi, kjem det kontant og monotont frå kyrkjetolken.
— I år har vi ein spesiell grunn til å være glade.
— Dan jagi mis lea sierra sivva illudit.

Ka er det i år? Kanskje han skal seie noko om at den norske staten har gitt frå seg ein ørliten flik av makta i Sápmi med oppretting av Sametinget?
Å, nei;
— I år feirer vi at det er 175 år siden vi fikk vår egen Grunnlov.
— Dan jagi mii ávvudit ahte lea 175 jagi dassá go oaččuimet min iežamet Vuođđolága.
Fem dagar før nasjonaldagen måtte russiske samekvinner møte de nordiske samekvinnene på brua over Anárjohka, grenseelva mellom Finland og Norge. Den norske nasjonalstaten ved politimeistaren i Vadsø nekta dei farlege sovjetiske statsborgarane adgang til Riket.
Samme år fann Norsk Rikskringkasting ut at ein måtte kunne kutte ut stillingane til program på sørsamisk og lulesamisk, fordi «lyttargrunnlaget var så lite», m.a.o. fornorskinga var kome så langt.
Så la oss feire nasjonaldagen.
For tre år sidan blei det samiske flagget vedtatt av Nordisk Samekonferanse. Der diskuterte ein og ein eigen samisk nasjonaldag, men blei ikkje samde. I år er det igjen Nordisk Samekonferanse. Måtte dei einast i år!


Til hovudsida.

sveilund@online.no