Debattinnlegg i Klassekampen, 15.06.1990

For mye rein - kem har skylda?

Sametinget si behandling av reindrifta har ført til store diskusjonar både før, under og etter møtet. (Referert i Klassekampen 1.6.) Naturvernforbundet i Finnmark kom rett før sametingsmøtet ut med ein skarp kritikk av forslaget til vedtak, ein kritikk som ganske sikkert bidro til at Sametinget sitt endelige vedtak blei klarare enn sametingsstyret først gikk inn for. I Klassekampen 7.6. går ein av dei leiande naturvernarane i Finnmark, Jarl Hellesvik, ut med ny kritikk av Sametinget og rår styresmaktene til å gjennomfre harde nedskjæringar av reintalet straks.

Frå eit reint naturvernsynspunkt er det ikkje vanskelig å vere enig med Hellesvik. Men saka har og ei anna side, som han ikkje kjem inn på. Reindrifta har vore og er fortsatt ein viktig samisk kulturbærar, og fornorskingspolitikken er alt anna enn slutt i praksis. Indre Finnmark har lenge hatt ei arbeidsløyse på nivå med det resten av Nord-Norge no har fått. Reindrifta har blitt ein stad å klamre seg fast. Det er for mye folk i reindrifta, blir det sagt frå mange hald. Ut frå kor mange som trengs for å drive effektiv reindrift innafor det reintalet det er beitegrunnlag for, er nok det sant. Men så lenge det ikkje fins noko anna å gå til, går det ikkje an å seie at det er for mange folk i reindrifta. Hellesvik sitt krav om nedskjæring er økologisk rett, men politisk heilt utilstrekkelig. Det må kombineras med å sikre alternative arbeidsplassar innafor det samiske samfunnet, og inntil det fins subsidiere ei viss overbemanning i reindrifta. (Etter som reintalet må ned, vil det seie ordningar som gjør det mogleg å leve av færre rein.)

Styresmaktene bør lytte mindre til representantene for reindriftsnæringa, seier Hellesvik. Han gir "griskheten og kortsyntheten» hos reineigarane skylda for dei problema reindriftsnæringa og naturen har kome opp i fordi reintalet er større enn det er beitegrunnlag for. Eg er heilt samd i at ingen av reindriftsorganisasjonane har kome med forslag som tar vare på både naturen og arbeidsplassane i reindrifta. Snarare tvert om. Likevel meiner eg det blir feil å legge hovudskylda for problema få reindriftssamane.

Kem er det som har bestemt reindriftspolitikken i Norge? Jo, som all anna næringspolitikk er det dei sentrale styresmaktene, i dette tilfellet Landbruksdepartementet og Stortinget gjennom reindriftsloven. Da den noverande reindriftsloven blei vedtatt, skjedde det mot kraftige protestar frå reineigarane. Om styringa av reindrifta seier Sametinget bl.a. dette i vedtaket frå 29.6. "Det er først gjennom reindriftsloven av 1978 og det økonomiske avtaleverket fra samme tid, at myndigheter og næringsorganisasjoner fikk muligheter til å regulere reindriften innenfra. At man har oppfattet reindriften som et økonomisk anliggende, har også ført til problemer etterhvert som lov- og avtaleverket tok til å virke. Tilskuddsordningene har f.eks. vært en sterkt medvirkende årsak til at reinbestanden har økt kraftig det siste tiåret.»

I følge forskarane har reintalet i Finnmark auka frå 90000 i 1976 til 210000 i 1988, mens det optimale talet ligg rundt 150000. Disse tala kan sjølvsagt diskuteras, men det synas klart at presset på reinbeita har kome etter at reindriftsloven og reindriftsavtalen kom. Satelittbilete frå Finnmarksvidda syner at dei største endringane har skjedd etter 1980. I denne tida har og bruken av motoriserte kjørety auka kraftig, noko som både har auka slitasjen på naturen og ført til strre driftsutgifter, og dermed større behov for inntekter, altså fleire rein. Det har vore ein uttalt politikk frå styresmaktene å auke mekaniseringa og effektiviseringa, og dermed reintalet. Støtteordningane har premiert stordrift. (Ikkje heilt ulikt det som har skjedd i jordbruk og fiskeri.) Dette blir og innrømt av det såkalla »Protokoll 1-utvalget», oppnemnt av Landbruksdepartementet for å vurdere reindrifta. I innstilinga si i 1987 sa dei bl.a.: "I Finnmark har de fleste driftsenheter økt sitt reintall, men økninga er størst hos de som har mest fra før. Det en legger spesielt merke til , er den store økninga i reintallet. Dette har bl.a. sammenheng med den store økninga i antall driftsenheter, relativt gode drifts- og beiteforhold de siste 10 år, reindriftsavtalens økonomiske virkning og mangelfull planlegging og veiledning.»

Ut ifrå dei store motsetningane som er i og rundt reindrifta, er Sametinget sitt vedtak etter mi meining eit stort skritt framover. Sametinget si vilje til å ta ansvar for reindrifta og ressursane peikar fram mot å kunne få ei styring av reindrifta på samiske istaden for norske premiss, noko eg trur både reindrifta og Finnmarksnaturen vil vere tjent med.

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no