Svein Lund

Artikkel i Mål og Makt 1-98

"Aldeles ubrukt og uvandt til aandelige ideer"

I 1856 skreiv fogd Drejer i Senjens og Tromsø Fogderi (det seinare Troms fylke) eit brev til seminariebestyrer Hvoslef ved Tromsø seminar (lærarskole), der han kravde at bare lærarar med norsk som morsmål måtte slippe til som lærarar for samiske elevar. I dette brevet samanliknar han arbeidet med "Finnernes Fornorskelse" med "den Stilling som det norske Folks Skrift eller Kultursprog indtager til det i Landsbygderne brugelige Talesprog." ... "Om disse Sprog er der nu ... paabegynt en Strid", skriv han, ".. som neppe vil ende uden med dets Død og Undergang."

Forkjemparane for dansken som einaste riksmål i landet såg ein klar samanhang mellom kampen mot samisken og kampen mot dialektane og målet var klart uttalt å utrydde begge. Dessverre har ikkje alltid verken forkjemparane for samisk på eine sida eller forkjemparane for norske dialektar og nynorsk skriftmål på andre sida sett denne samanhangen like klart. Da den første samiske rørsla vaks fram i byrjinga av dette hundreåret, var det få målfolk som såg parallellen mellom to folk sin kamp for rett til eige språk. Derimot diskuterte målfolk og riksmålsfolk blant lærarane i Finnmark kva for målform som var best eigna til å fornorske samar og kvenar.

I 1966 ga Noregs mållag ut boka Målsak og framtidssamfunn, der den samiske pioneren Per Fokstad har fått plass med eit kapittel om "Det samiske nasjonalproblemet sett innanfrå", ein artikkel som absolutt er leseverdig den dag i dag. I prinsippfråsegnene frå mållaget kom det etter kvart med nokre ord om at ein stør samisk målreising. Men så vidt eg har sett fikk disse orda ikkje vidare praktisk betydning. Ein gjorde lite for å sette seg inn i den samiske språkstoda. Ein nytta i liten grad målfolk i posisjonar til å kjempe for samisken sine rettar. Kor var f.eks. målfolka på Stortinget, det såkalla Løvebakken mållag i kampen for samisken?

Mållaget vurderte knapt kordan dei generelle krava ein stilte ville virke i samiske område. For eksempel har ein kravd at ingen skal fritakas for norsk sidemål med unnatak av dei som har samisk som førstespråk. Innafor dagens skoleordning vil konsekvensen vere at det ikkje vil vere mogleg å oppretthalde undervisninga i samisk og finsk som andrespråk. I praksis vil dette føre til avskaffing av finskundervisninga og halvering av samiskundervisninga i Noreg. Eg vil på ingen måte mistenke Mållaget for å ønske dette, men dette viser kor ille ein kan komme ut å kjøre om ein ikkje set seg skikkelig inn i sakene. No er det likevel visse positive teikn i tida, som at leiaren i Noregs Mållag i vinter drog til Finnmark og utveksla synspunkt med nokre av dei fremste samiske og kvenske leiarane. For samane står likevel ikkje mållaget fram som nokon sikker støttespelar. Eg skulle gjerne fortalt meir om forholdet mellom samisk og nynorsk målstrev gjennom tidene, men dette har vore svært vanskelig å finne ut noko om. Her ligg det spanande forskningsoppgåver og ventar på at nokon skal gå laus på denne historia.

Derfor syns eg det er svært gledelig at bladstyraren for Mål og Makt har ønska seg ein artikkel om den samiske språkstoda. Dette blir bare nokre glimt, men kanskje det kan inspirere lesarane til å sette seg grundigare inn i saka.

Ein gong i fjerne tider...

Samane er omtalte i skriftlige kjelder frå like etter Kr.f. Romerske, greske, seinare nordiske kjelder fortel om samane gjennom over tusen år. Språket deira blir nemnt av Ottar på 890-talet, men ingen har brydd seg med å forsøke å skrive det ned før ein engelsk sjømann forliste på Kola-kysten i 1557. Der måtte han overvintre blant samane og lærte seg ein del av språket deira. Ei liste på 95 ord som han skreiv ned blei trykt i boka "The Principall Navigations Voiages and Discoveries of the English Nation". Sjølv om trasnkripsjonen er uvant og dialektskilnadane i dag er store mellom Finnmark og Kola, er eit fleirtal av disse orda ganske lett gjenkjennelig for folk med rimelig kjennskap til moderne nordsamisk. Med unnatak av moglege samiske einskildord i gamle runeinnskrifter, var dette første skriftlige dokumentasjon på det samiske språket. På denne tida hadde det gamle norske språket måtta vike for dansken, men vi hadde allereie over 1000 års skriftlig dokumentasjon på norsk språkutvikling.

Dei første forsøka på å gi ut bøker på samisk fortel dessverre meir om dei som skreiv eller omsette dei enn dei fortel om kordan det levande samiske språket var på denne tida. Det var ein svensk prest som i 1619 skreiv ei ABC-bok og omsette ei messebok. Språket var ei krysning av fleire samiske dialektar med store innslag av finske og svenske låneord, og knapt lesandes for nokon verken på den tida eller i dag.

I dei neste tre hundreåra er praktisk talt alt som er skreve på samisk skreve av folk som sjølv ikkje hadde språket som morsmål. Ut førre hundreåret var det og nesten bare religiøs litteratur som kom ut ved sida av ordbøker og andre språkvitskapelige verk. Den ekte samiske litteraturen var i denne tida ein munnlig litteratur som gikk i arv som joiketekstar, eventyr og sagn, ein litteratur som i stor grad var integrert med den gamle samiske trua. Denne blei på det strengaste fordømt som djevelen sitt verk frå misjonærane som herja samiske område frå 15-1600-talet av, og dei samiske noaidane (sjamanane) kunne bli brent på bålet i lag med runebommene sine. Men misjonærane var samtidig dei første skrivekyndige som studerte samane sin religion og kultur. Dei eldre skriftlige kjeldene vi har om samisk litteratur, kultur og språk er derfor i stor grad skreve av folk med eit negativt syn på mye av den samme kulturen. Ettersom kyrkja fordømte joiken og med det den samiske kulturen som syndig, har svært mye av dei eldre joiketekstane gått tapt. Dei aller fleste av dei som forsøkte å skrive ned den munnlige samiske litteraturen var folk utafrå som samtidig var knytta til kyrkja. Kor mye som av den grunn blei forvrengt eller holdt unna får vi aldri vite. Men dei brokkene som er bevart vitnar om ein rik tradisjon med lange episke joikar, ein tradisjon som bare i delar av det austsamiske området er blitt ført vidare opp mot vår tid. For dei som vil lese meir er denne skildra i Harald Gaski si bok "Med ord skal tyvene fordrives".

Når ein skulle kristne samane, måtte ein kjenne språket, og misjonærane arbeida derfor med å dokumentere grammatikk og ordforråd, samtidig som dei brukte dette til å omsette religiøse skrifter. Blant dei viktigaste pionerane var misjonæren Knud Leem som på 1700-talet skreiv ei stor ordbok og en grammatikk, presten Stockfledth (som spela ei sentral rolle i å slå ned opprøret i Guovdageaidnu i 1852) og den første samisk-professoren J.A. Friis (og kjent som forfattar av romanen Laila). Friis sin skriftnormal var grunnlaget for omsettinga av Bibelen sist på 1800-talet og har derfor overlevd alle seinare skriftreformer med at han har vore brukt i religiøs litteratur. Først i år kom omsettinga av Det nye testamantet til moderne samisk, og for Det gamle testamentet er omsettinga frå 1895 framleis den einaste.

Samane har aldri hatt nokon Ivar Aasen. Samiske språkvitskapsfolk fikk vi først med Israel Ruong på svensk side, som i lag med den norske professoren Knut Bergsland laga den første samiske rettskrivinga som samar sjølv var med å lage. Denne kom i 1948 og blei brukt i Sverige og Noreg fram til 1978. Da kom den første rettskrivinga som og omfatta Finland, og samtidig den første som var laga bare av samar og vedtatt av Nordisk Sameråd. Med nokre få justeringar er det denne som gjeld i dag. Liksom alle andre rettskrivingsreformer har denne og vore omdiskutert. Mange meiner det skulle vere mogleg å transkribere samisk på ein enklare måte, og at rettskrivingsreglane er med å halde folk borte frå å skrive samisk.

Dataalderen

Det har og vore forslag om å fjerne dei særskilte samiske bokstavane áçðñóýþ for lettare å kunne skrive samisk på datamaskin. Men er det språket eller dataprogramma som må tilpassas?. Er det f.eks. nokon som trur at tysk vil gi avkall på ä, ü og ö av omsyn til datamaskinane? Allereie i skrivemaskintida var det problem med å skrive samisk, bare ein bestemt kulehovudmaskin blei produsert med samisk teiknsett. Da dei første datamaskinane kom til Noreg, var det heller ikkje bare å skrive æøå med dei. Men ettersom dei norskskrivande er mange og rike nok til å utgjøre ein viktig marknad for dei store dataselskapa, kom det snart i orden. Den samiskskrivande manrknaden var derimot ikkje like interessant, og det blei opp til det private initiativ i samiske område å finne løysingar på problemet. Det private intitiativ førte til eit kaos av forskjellige nødløysingar for forskjellige program og forskjellige datamaskinar, først for WordPerfect, seinare for Windows.

Den norske staten, som etter Grunnlova er forplikta til "at lægge Forholdene til rette for at den Samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sitt Sprog, sin Kultur og sitt Samfundsliv", har derimot fråskreve seg eit kvart ansvar i denne saka. Rekninga har derfor blitt belasta samiske databrukarar. Ei tid kosta det opptil 12000 kr. pr datamaskin å få skrive samisk, i dag er prisen nede på omlag 3000.-. For to år sidan sette Sametinget ned Samisk datautval som skulle forsøke å rydde opp i kaoset. Dei har fått laga ein ny felles standard og tanken er å legge denne ut på Internett til gratis bruk for alle. Samisk næringsråd måtte ta av eigne pengar etter at sentrale styresmakter ikkje klarte å vere av med ein halv million. Men i mai 1998 er det framleis ingen som kan seie når dei nye samiske teiknsetta vil vere tilgjengelig. I mellomtida må ein ved sida av blodprisar som gjør at få har råd å skrive samisk privat slite med eit virvar av løysingar som gjør det omtrent umogleg å kommunisere på samisk på data.

Dei som har kikka på internettsidene til samiske institusjonar vil kanskje ha undra seg over at fleire av disse har heimesidene bare på norsk, evt. på engelsk. Men dette er ikkje utan grunn. For så langt har det ikkje vore bare-bare å skrive samiske web-sider. Det finst nokre få samiskspråklige sider, men skal ein lese dei må ein ha akkurat dei samme fontane på sin eigen maskin. Nokre har lagt ut fontane til nedhenting slik at du kan hente ned dei, installere dei på maskinen og så lese det du var ute etter. Å skrive e-post på samisk er heller ikkje bare, men det fungerer om mottakaren har dei samme samiske fontane, og ein sender sender brevet som vedlegg eller stiller inn fontane i e-post-programmet. Ein skal ikkje ha mye fantasi for å forstå at det hender titt og ofte at ein velger norsk istaden for samisk for å gå utanom disse problema.

Eitt eller fleire språk?

Til no har eg skreve som om samisk skulle vere eit språk, bare med litt dialektvariasjon. Men når ein nordsame og ein sørsame treffast, vil praten i 9 av 10 tilfelle gå på norsk eller svensk, liksom islendingar helst kommuniserer med nordmenn på engelsk. For avstanden er omtrent like stor mellom sør- og nordsamisk som mellom norsk og islandsk. I alt reknar ein med 10 hovuddialektar som er så forskjellige at dei kan reknas som eigne språk. Dialektane dannar likevel ei samanhangande kjede, der den eine hovuddialekten glir gradvis over i den andre, slik at alle forstår nabodialektane. Her er eit unnatak og det er den nokså brå overgangen mellom nord- og enaresamisk. Trulig har her vore ei mellomdialekt som har forsvunne da den finske skogssamekulturen i Kemi Lappmark blei utrydda på 1700-talet. I vår tid er noko liknande i ferd med å skje mellom sør- og lulesamisk. Ume- og pitesamisk er utdøydd på norsk side, og på svensk side er det bare nokre få eldre folk som snakkar disse dialektane. Når dei blir borte vil det vere eit tomrom mellom lulesamisk og sørsamisk, som er så forskjellige at dei ikkje er gjensidig forståelig utan vidare.

Også på russisk side er hovuddialektane akkalasamisk og tersamisk i ferd med å forsvinne. Av ti hovuddialektar er det trulig bare seks som enno snakkas av folk under 50 år. Det er dei samme dialektane som har eigne skriftnormer: sørsamisk og lulesamisk (Noreg og Sverige), nordsamisk (Noreg, Sverige og Finland), austsamisk eller skoltesamisk (Finland, utdøydd i Noreg og Russland), enaresamisk (Finland) og kildinsamisk (Russland).

Av disse dialektane er det trulig bare nordsamisk som snakkas av over 1000 menneske, og der meir enn 50 i alderen under 30 år har språket som førstespråk. Skal disse dialektane eller språka kunne bergas for ettertida trengs det ein kraftinnsats som det ikkje er noko som tyder på at styresmaktene i nokre av disse landa er villig til å gjøre. Derimot brukas tilbakegangen til dei små samespråka som argument for å skjære ned på løyvingar, f.eks. til radioprogram. Dei små språka har i beste fall lærebøker i samiskfaget for delar av grunnskolen, for andre fag eller for vidaregåande skole finst det ingenting. Mengden av litteratur er og så liten at ein som har f.eks. lulesamisk i skolen vil ha lese gjennom alt som finst av litteratur lenge før ho er ferdig med vidaregåande.

Nordsamisk er den suverent største dialekten, både i utstrekning og i folketal. Innafor denne er det igjen nesten like stor dialektvariasjon som i norsk. Skriftspråket bygger i hovudsak på dialektane i Guovdageaidnu og Káráójohka. Mellom dei går det igjen eit viktig dialektskilje, men begge disse bygdene har vore sterke nok til å få sine former inn i skriftspråket. Ein treng som regel ikkje lese meir enn eit par linjer av ein samisk tekst for å sjå om forfattaren kjem frå vest eller aust om dette dialektskiljet. Dei nordsamiske dialektane i Troms og Sverige har på si side kome mindre fram i skriftspråket enn dialektane i Finnmark og Finland, noko som skaper vanskar for samiskopplæringa i skolen. Mange eldre reagerer på at den samisken barna eller barnebarna lærer på skolen ikkje er "vår samisk", noko som blir forsterka av at samisklærarane ofte og kjem frå Finnmark.

Rasismen

Bak politikken til styresmaktene på Nordkalotten låg alltid ønsket om å utnytte dei store naturrikdomane i samiske område til eige beste. Eit par sitat frå svensk side illustrerer dette tydelig: "Vi har ett Indien i norr" (1600-talet) og "Lappmarkens rikedomar tilhör inte lapparna" (1800-talet). Som ved koloniseringa av Afrika og Amerika måtte ein lage ein ideologisk grunngiing: "Lappfolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt. Dette er et stort og varigt mål å arbeide for." Prost Gjølme, Sør-Varanger 1886 Er det nokon som kjenner igjen "The white man's burden"?

Ein rein rasistisk ideologi blei aktivt spreidd, ofte innpakka i vitskapelige fraser:

"Finnerne (samene) synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ... finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ... Kvænene er gjennomgaaende slanke og velbyggede..., men man savner hos dem det kraftige, mandige træk som i saa høi grad udmerker nordmændene og med en gang stempler dem som den herskende race." Professor Amund Helland: Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt, 1906

Eit underlegent folk snakka sjølvsagt og eit underlegent språk. Omlag år 1800 sa biskop J.C. Schønheyder om samisk språk at det var: "aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer" og "indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uopdragne Mennesker i deres indskrænkede Brug av Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behjelpe sig".

Samisk i skolen: Frå forbod til individuell rett.

Gjennom eit einspråklig norsk miljø i skolen skulle ein ta frå samane språket sitt, kulturen sin og trua på seg sjølv. Striden om opplæringsmålet i skolen gikk fram og tilbake i vel eit hundreår før fornorskarane slo gjennom for fullt rundt 1880, da det blei forbode å bruke samisk eller kvensk "mer enn det er uomgjengelig fornødent for at forklare det der ellers er ubegripeligt for børnene".

Først i1967 kom samisken igjen inn i skolen som fag og opplæringsmål. Likevel var det først midt på 1980-talet at språket blei anerkjent som hovudmål i heile grunnskolen. Enno i dag er det langt ifrå alle som ønsker samiskopplæring i skolen som får det. I framlegget til ny opplæringslov er det no foreslått individuell rett til å få samiskopplæring i grunnskole og vidaregåande skole. Derimot er det ikkje foreslått rett til undervisning på samisk utafor dei 6 kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk, utan at det er minst10 elevar som krev det. Og sjølv i dei mest samiskdominerte områda får elevar med samisk hovudmål i praksis inn langt meir norsk enn samisk på skolen.

Mens nynorskelevane kjempar for at alle lærebøker skal komme på nynorsk, er lærebokdekning på samisk fortsatt minimal. Departementet har ikkje vore villig til å lovfeste retten til lærebøker på samisk, men samtidig har dei vedtatt at ein har full lærebokdekning i vidaregåande skole i dag og på det grunnlaget fjerna den ekstra tidsressursen lærarane hadde for å gi undervisning utan lærebøker på undervisningsspråket. Frå generasjon til generasjon?

For 500 år sida blei samisk snakka over nesten heile området sør til Trøndelag i Noreg og omtrent like langt sør både i Sverige, Finland og Russland. Sjølv om norsk, svensk, kvensk, karelsk og russisk og blei snakka i det samme området, var samisk eit dominerande språk i store delar av området og det einaste språket som gikk over heile dette området som var større enn det vi i dag kallar Nordkalotten.

Kordan kan det ha seg at språket seinare har måtta vike over nesten heile dette området, slik at samane i dag er i mindretal i mesteparten av Sápmi, at dei fleste samar ikkje kan samisk, og dei fleste samar som kan samisk brukar meir norsk enn samisk?

Det er ikkje mogleg å snakke om språkutviklinga uavhengig av koloniseringa. Koloniseringa var frå først av trulig ein spontan prosess. Dei jordbrukande folka sør om samane søkte seg ny dyrkingsjord og trakk inn på område som samane brukte, men ikkje så intensivt at det ikkje var plass for dei første rydningsmennene. Men etter kvart som dei blei fleire, trengte dei samane unna, eller samane blei tvungne til å ta etter den nye levemåten, og gikk etter nokre genersjonar meir og meir opp i innvandrarbefolkninga. Denne prosessen har vi sett f.eks. oppover nordlandskysten og i dei svenske, finske og karelske skogane.

På den tida da vi byrjar å få detaljerte historiske kjelder i nord, dvs. på midten av 1500-talet, var denne prosessen allereie igang, i fjord etter fjord ser ein at den befolkninga som er registrert som samisk går tilbake, ikkje bare relativt, men også i absolutte tal. Det er ingen grunn til å tru at dei flytta ut, dei fleste blei, men skifta etterkvart språk og oppfatninga av eigen etnisitet. Rundt århundreskiftet samla Just Knud Qvigstad samiske eventyr og sagn frå Salten til Varanger. Han skreiv dei ned slik han fikk dei fortalt og på den måten blei det dokumentert dialektar som var borte ein generasjon etterpå, slik som samisken på øyane utafor Tromsø.

Fornorskinga har ikkje kome samtidig over alt, men ofte har det gått relativt raskt i nokre bygder, så raskt at ein kan tidfeste ganske nøyaktig når foreldregenerasjonen gikk over til å snakke norsk til barna sine. Svært mange stader i kyst-Finnmark og Nord-Troms var krigen og ikkje minst evakueringa ei avgjørande hending som stoppa overleveringa av språket frå generasjon til generasjon. Gjennom evakueringa kom ein til eit heilt norsktalande miljø. Mange av dei evakuerte blei plassert på gardar der dei måtte bu tett innpå folk, og det blei eit sterkt press mot å snakke saman på eit språk dei andre ikkje forsto. Mange stader var samane sett så ned på at dei forsøkte å skjule bakgrunnen sin med å snakke norsk. Ofte ser ein i søskenflokkar at dei som var store nok til å ha lært skikkelig samisk før evakueringa beholdt språket, mens dei yngre søskena blei einspråklig norsktalande.

I dei siste par tiåra har fornorskingstrenden snudd. Om ein ser på samisk i skolen, samiske media, litteratur osv. kan ein notere ein stor statistisk framgang. Likevel er det ikkje dette som avgjør framtida til eit levande språk. Det er om språket på naturlig vis blir overlevert frå generasjon til generasjon, om ungar veks opp med samisk som naturlig talemål. Og sjølv om det i stor grad er slutt på at samisktalande foreldre snakkar norsk til ungane sine, har ein i størstedelen av det samiske området tapt ein generasjon eller to. Dei besteforeldra som enno snakkar samisk, men har lært barna sine norsk, vil sjeldan snakke samisk til barnebarna som har samisk som andrespråk på skolen. Vi har kome i den paradoksale situasjon at aldri har så mange kunna meir eller mindre samisk, men aldri har så få brukt det til daglig. Gáivuotna - eit eksempel på samisk revitalisering

"I Lyngen, næmlig i Kaafjorden, hvis Beboere, paa Undtagelsen nær, ere Finner, og hvor de Nordmænd, der bo iblandt dem ligesaagjerne tale finsk som norsk, er det bleven en Skam at kunde tale norsk." Slik skriv fogd Drejer i det omtalte brevet av 1856. Hundre år seinare hadde likevel fornorskinga slått gjennom her og, slik at ein hadde slutta å snakke samisk til ungane. No var det snarare blitt ein skam å snakke samisk, i alle fall offentlig. Frå da blei dei samisktalande bare eldre og færre for kvart år som gikk, det virka som bare eit tidsspørsmål når språket ville vere heilt utdøydd.

Likevel var her ein del yngre folk som ikkje ville sjå på at språket og kulturen døydde bort. Dei starta ei aktiv sameforening og fikk på slutten av 70-talet inn samisk som valfag i skolen i Manndalen, det området der samisken har holdt seg best. Seinare blei det utvida år for år og frå 1992 har samisk som andrespråk vore eit tilbod ved alle fem skolane i kommunen. Det har ikkje vore lett å få ei stabil samiskundervisning. Ofte har ein måtte bruke lærarar utan anna kvalifikasjon enn det å ha samisk som morsmål. Ein stor del av lærarane har og vore frå Finnmark og har hatt liten kjennskap til den lokale dialekten. Sjølv om ein no er oppe i eit titall samisklærarar i kommunen er det vanskelig å gi eit godt tilbod for alle som ønsker det. Fleire og fleire velger samisk og med Reform 97 blir det to ekstra årskull som skal ha samisk.

Da forvaltningsområdet for samisk språk blei oppretta frå 1.1.1993 var Kåfjord kommune den einaste kommunen i Troms som kom med i dette området, og kommunen fikk offisielt namnet Gáivuona suohkan - Kåfjord kommune. Kommunen fikk statsmidler til arbeid med tospråklig administrasjon og språkutvikling, og det blei tilsett språkkonsulent i kommunen. Det blei oppretta eit samisk språksenter, der ein bl.a. har forsøkt å bringe generasjonane saman i eit samisk språkmiljø. Språksenteret har og dreve med innsamling av lokale ord og uttrykk, f.eks. om fjordfiske. I fjor starta Samisk høgskole ein filial i kommunen, der studentane no tar samisk semesteremne for så evt. å fortsette med samisk grunnfag.

Men revitaliseringa av samisken har ikkje skjedd utan motstand. Skilt med samisk tekst blei reve ned, mala over eller til og med skote i stykker. Innafor kommuneadministrasjonen var og er det framleis stor motvilje mot det samiske. Dette kom fram da fagforeningane til dei kommunetilsette i vinter skulle uttale seg om den kommunale språkplanen. Heile tre kommunale foreningar uttalte at det ikkje var behov for samisk i kommunen, dei uttalte at dei lei under det samiske og ville ha kommunen ut av forvaltningsområdet for samisk språk. .

Dårlig dárogiella

To språk i dagleg kontakt vil påvirke kvarandre i ordtilfang, grammatikk og lydverk. Slik har samisk gjennom hundreåra påvirka nord-norske dialektar i forskjellig grad. Ein kan f.eks. skille ut dialekttrekk som bare finst i dei områda som er eller har vore samisktalande, men som manglar heilt der norsken har vore einerådande i mange hundreår bakover. Dei fleste av dei norsktalande som har tatt opp denne påvirkninga, snakkar sjølv ikkje samisk og er ikkje klar over kor dialekttrekka deira kjem i frå.

Men norsk innverknad på samisk har vore atskillig større. Nokre låneord kan ein spore tilbake til norrønt og vel så det. Dei forskjellige samiske dialektane har tatt opp norsk påverknad i varierande grad, slik at ei dialekt kan bruke eit norsk låneord, mens ei anna kan ha holdt på det opphavelige samiske ordet. Grammatikken og måten å bygge opp setningar på har og blitt påverka i forskjellig grad. Mens ein på Finnmarkssamisk ikkje har noko eige verb for å ha, men brukar ein konstruksjon for "eg har" som direkte omsett betyr "hos meg er", har dialektar i Sør-Troms og Nordland "eg har", men med eit ord for å ha som i Finnmark betyr å bruke. Nordsamisk har i tillegg til eintal og fleirtal også total av pronomen og verb. Men dette er no i ferd med å bli borte i nokre dialektar.

Tusenvis av ord har blitt lånt og blitt tilpassa språket slik at ein ofte ikkje tvert ser kor dei kjem i frå. Det er ikkje noko problem at samisken har tatt opp ord som "biila" for bil eller "bábir" for papir. Verre er det når gamle grammatiske former heilt må vike for konstruksjonar henta frå norsk og norske ord kjem i staden for gode samiske ord. Den tidligare fornorskingsskolen har saman med norskdominans i arbeidsliv og organisasjonsliv ført til at samisktalande brukar norske ord eller går heilt over til norsk når dei snakkar om visse emne. Ei historie frå Unjárga / Nesseby på 70-talet kan illustrere dette: To godt vaksne brør snakka til daglig alltid samisk med kvarandre. Men dei heldt med kvar sitt parti, og kvar gong dei råka til å diskutere politikk så slo dei tvert over på norsk.

I dag er det få kommunar igjen der det veks opp ungdom med samisk som naturlig talespråk seg i mellom. Samisken held seg godt som munnlig hovudspråk blant ungdommen i indre Finnmark. Derimot et norske og engelske ord og uttrykk seg inn i samisken i så stor grad at samar frå finsk side som godt kan kommunisere med den eldre generasjonen her, får problem med å forstå dei yngre fordi norskinnblandinga blir så stor. Vi får eit blandingsspråk som populært kallas for "dårlig dárogiella" (dárogiella = norsk språk).

Kampen fortsetter

Kampen for samisk språk er ikkje vunne, men heller ikkje tapt. Dei sigrane som er vunne dei siste åra er viktige, men ikkje nok til å stoppe tilbakegangen. Styresmaktene brukte mange år på å legge eit juridisk og ideologisk grunnlag for fornorskingspolitikken. No er det juridiske i stor grad fjerna, det ideologiske trykket har letna, men prosessen har likevel gått så langt at han held fram av seg sjølv. Det er ikkje lenger tilstrekkelig å aller nådigast tillate samisk språk. Etter at ein har iherdig forsøkt å ta livet av samisken med utsulting, kvelning, forgifting og amputering er pasienten såpass ille medfaren at han treng både intravenøs næring og god pleie. Ikkje minst treng han å få igjen trua på at han kan bli frisk og stor og sterk igjen. Ein må sette igang ein medveten prosess som tospråkligheitsforskaren Joshua Fishman har kalla "Reversing language shift" eller på norsk snu språkskiftet. Dette ansvaret "tilligger Statens Myndigheder" som det heiter i Grunnlova, gjennom lovverket (særlig Opplæringslova) og gjennom statsbudsjettet. Det ligg og på samane sjølve, det er dei som må utvikle språket, det er dei som må bruke det. Og det er dei som må utforme ein samla plan for samisk språkutvikling, noko som manglar i dag.

Og eg vil påstå at ein del av ansvaret ligg på oss norske, vi som arbeider i mållag og andre frivillige organisasjonar, i poliske parti osv. Du som les dette kan kanskje spørre deg sjølv før du legg bort bladet: Ka har min organisasjon (evt.kommune, arbeidsplass, skole, avis) gjort for samisk språk? Går vi inn for likestilling mellom norsk og samisk i praksis?
Og ka kan eg gjøre?

 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no