Artikkel i Klassekampen, 07.08.1978

Svein Lund:

Samfunnet burde sette mer pris på reindrifta

I god fart kjører vi innover Kvaløya frå Hammerfest, og aner fred og ingen fare. Vi er på veg til Hammernes (Veažirnjárga) for å selge Sámiid Hilat. Så plutselig rundt ein sving er det ein heil reinflokk langs vegen. Vi sakker ned på farta, men brått er det ein rein som skjenar ut i vegen. Vi står på bremsene, det kvin i asfalten og vi er omlag 10 cm frå å redusere reinbestanden på Kvaløya.

På Hammernes treff vi Johan Anders Isaksen Buljo og familien. Når dei har kjøpt avis fortel vi at vi nesten kjørte ihjel ein rein for dei.

- Ja, det er ikkje første gangen det har hendt, seier Johan. — Mange ganger har vi funne skada eller daue rein etter vegen. Nokre bare stikk av når dei har kjørt hjel ein rein, men mange har og vore flinke og meldt ifrå.

Dei seier at vi flyttsamar får så mye erstatning. men når ein rein har blitt kjørt ihjel av ein ukjent bil, får vi ikkje eit øre. Det skulle absolutt ha vore skilt langs vegen på Kvaløya om at her går rein. Eg har tatt det opp med myndighetene, men ingenting har skjedd.

Kona til Johan, Anne Marie Buljo, sit og blar i Sámiid Hilat:

— Nei sjå, der har vi jo flokken vår, seier ho. oft viser bildet av rein som svømmer over Kvalsundet.
— Du skuJle vore her i føremiddag, Da svømte oksereinen over frå fastlandet. Men her var visst nok av folk. Sikkert 100 folk stilte opp for å sjå. 2 bussar og mange bilar var det. Og så stilte dei seg opp akkurat der reinen brukar å gå opp på vegen. Nytta ikkje å jage det heller. Reinen blei skremt mot Stallogargo, opp i nokre bratte fjellsider. Det var sikkert ein del rein som øydela seg i beina.

Johan Anders Isaksen Buljo er formann for reinbeitedistrikt 20, Kvaløya. Det vil bl.a. seie at han representerer reineigarane der overfor myndighetene, i møter og rettssaker osv. Og det er ikkje sjeldan at det blir konfliktar mellom drifta og storsamfunnet. På Kvaløya er det mange nedlagte småbruk og Johan fortel at det ligg mye nedfallsgjerde med piggtråd. Der har ofte reinen øydelagt seg ved at dei skrapar horna mot gjerde og piggtråd og så blir sittande fast. Dei siste åra har det vore stor strid i Hammerfest om reinbeite der, både med kommunen og hageeigarane.

I KONFLIKT MED BØNDANE

I år har den største konflikten vore med bøndane i Neverfjord. Om korleis denne oppsto fortel Johan: — Mellom 6 og 10. mai plar reinen å svømme over til Kvaløya, og der tar så kalvinga til like etterpå. Men i år var våren ekstra sein. og 10. mai var det knapt ein bar flekk på Kvaløya. Derfor kom vi seinare ned enn vanlig og kunne ikkje dra over Kvalsundet før kalvinga satte inn. Reinen blei gåande inne på fastlandet, og da var det ikkje til å unngå at ein del kom inn i hagar og på jorde i Kvalsund og Neverfjord. Så kom lappefogden og sa vi måtte flytte over og 19. mai gjorde vi eit forsøk. Men flokken ville ikkje, kalvinga var jo alt igang, Det er jo reine dyreplageriet å prøve å tvinge ein reinflokk til å svømme midt i kalvingstida. Men så byrja bøndane i Neverf jorden å klage over at reinen vår gikk på jordene deira. Sa blei vi nøydd å skille ut oksereinen og få han til å svømme over, mens simlene og kalvane blei igjen. Det er oksereinen som er mest dristig til å gå tett inn til husa.

— Det er mange som har lurt på kvifor ikkje reinen kan gå over Kvalsundbrua?
— Hadde reinen vore tam og dressert som sirkusdyr, hadde det vel kanskje gått. Ein kan kanskje synes reinen virkar svært tam når han går inn i hagane, men du skulle prøvd å flytte med eit par tusen dyr, så hadde du fått sjå noko anna. Langs vegen fram til brua er det heilt bratt, og vegen går under brua og i skarp sving opp på ho. Eg ville ikkje tort å jage 2000 rein over her. Kva om dei får panikk og snur midt på brua? Ein ville jo bli nedtrødd.

- Nei, del er ikkje riktig blide på oss nå, bøndane i Neverfjord, fortsetter Johan. — Dei truga til og med å skyte rein. Det er klart at når ikkje det er skikkelig gjerde så vil det komme rein inn på jordet. Noen plassar har dei bare 60 cm gjerde og det hoppar jo reinene over som ingen ting. Det trengs ikkje så veldige gjerde for å holde han ute; 1 m sauenetting og ein tråd er nok. Men nå har dei altså meldt oss og krevd erstatning; 8. juni var vi på befaring med lappefogden og ein kontorist frå fylkeslandbruksstyret. Eg sa da: «Kan vi ikkje søke landbruksdepartementet om støtte så bøndane får råd å bygge seg skikkelige gjerde?» Det ville jo hegge partar ha vore tjent med. Men veit du kva han frå fylkeslandbrukskontoret sa da? Jo, at det var det bare samane som ville tjene på, så det gikk ikkje an!

— Det blir stadig klaga over at reindriftssamane ikkje overheld gjeteplikta. Folk seier de er late og ikkje gidder å passe dyra dykkar. Kva seier du til det? - Det er mange som misforstår dette med gjeteplikta. Om ein skulle halde reinen saman heile tida ville beitene fort bli tråkka ned. Jo mindre reinenr blir forstyrra, jo bedre blir beitemarkene. Når reinen får vere i fred kan ein ikkje sjå kor han har beita. Derfor er vi nøydd å ha reinflokken spreidd utover, og da er det ikkje mogleg for osa å passe på kvar einaste gard eller hageflekk.

SÅG ØRNA TOK REIN

— Det har jo vore store diskusjonar om rein som er tatt av øm. Har du merka noko til ørna?
— Javisst. Ifjor på vårvinteren då eg kjørte inn til flokken med scooter så eg ei ørn som holdt på å ta ein kalv. Da eg kom så slapp ho, men kalven måtte vi avlive. Det er blitt meir ørn nå enn for få år sidan, og det er klart at ho tar både årskalvar og fjorårskalvar. Det er nå mi meining at vi reindriftssamar ikkje skal mate dei dyra som staten har freda. Vi er ikkje ute etter erstatning, vi vil helst ha rydda ørna vekk. Det ville bli mye billigare for staten og.

INGA KRAFTUTBYGGING

— Kva synes de om planane om kraftutbygging i Kvalsund?
- Vi er absolutt mot denne kraftutbygginga. Det vil gå ut over både dei som har sommarbeite der og oss som flyttar gjennom dette området. Det vil bli mindre beite, kvalvingsplassar blir øydelagde og flyttevegar kan bli sperra. Kvalsunddistriktet er jo noe av det beste reinbeiteområdet i heile Vest-Finnmark, så det vil vi ikkje ha øydelagt.

Det er jo det største problemet i landet nå det med arbeidsløysa. Kraftutbygging vil truge arbeidsplassane våre, og vi kan jo ikkje anna enn å drive med rein. Samfunnet burde sette meir pris på reindrifta. Reinen er jo matnyttig. Under krigen var f.eks. reindrifta til stor nytte, både til transport og mat. Men ingen takk har vi fått, og ingen norgeshistorie har skrivi at reindrifta var til nytte under krigen.


Til startsida

sveilund@online.no