Innlegg sendt aviser i Finnmark 30.12.2011. Prenta i Ságat 03.01.2012 og Altaposten 05.01.2012.

Kva er galt med Sametinget?

Kva er galt med Sametinget? I nordnorske media er det knapt ein dag utan eit eller fleire åtak på Sametinget, for det tinget gjør, for det det ikkje gjør og fordi det eksisterer og kostar pengar. Kritikken kjem frå mange kantar. Ein del av kritikarane er mot Sametinget fordi dei er usamde i målsettinga for Sametinget, å styrke samisk språk og kultur i Noreg. Andre deler denne målsettinga, men meiner anten at Sametinget ikkje er den beste måten å organisere dette arbeidet på, at manntals- og valsystemet er feil, eller at dei som no sit på Sametinget gjør ein dårlig jobb i forhold til målsettinga.

Med dei massive angrepa frå mange hald, med EDL og FrP i spissen, og med avisinnlegg av typen "Brenn ned det jævla Sametinget!", kjem vi som forsvarer opprettinga av Sametinget og store delar av Sametinget sitt arbeid, lett i forsvarsposisjon. Derfor kjem vi i liten grad ut med den kritikken vi måtte ha. Sjølv om eg ikkje har røysterett ved sametingsval, har eg etter fleire utfordringar kome til at eg også bør stille nokre kritiske spørsmål ved måten Sametinget fungerer på i dag.

1. Etnisk eller regionalt sjølvstyre?

Dei aller fleste land i verda har ein eller fleire nasjonale minoritetar, med eige språk og kultur. Mange minoritetar er utsett for hard undertrykking og assimilering, andre har varierande former for indre sjølvstyre. Eit slikt sjølvstyre kan vere av to slag:

A. Det kan bygge på ein bestemt region, der da minoritetsspråket og kulturen har spesiell status. Alle som bur i regionen har da samme borgarrettar, uavhengig av eigen etnisitet. Denne ordninga er eigna der ein minoritet bur nokonlunde samla, der det er mulig å avgrense eit område der minoritetsbefolkninga er i fleirtal, og der flesteparten av minoriteten bur.

B. Det kan opprettast eit folkevald organ basert på eit etnisk manntal. Eit slikt organ vil vere eigna til å representere minoriteten overfor statlige styresmakter, og til å styre interne saker for minoriteten, som støtteordningar for språk og kultur. Det kan også ha ei rolle som deltakar i beslutningar som gjeld fleire folkeslag, men kan ikkje ha det samme sjølvstyret som eit regionalt organ kan ha til å ta avgjerder på eiga hand når desse gjeld heile befolkninga.

Når det gjeld den samiske befolkninga, har både Noreg, Sverige og Finland vald metode B, ut frå at det ikkje har vore mogleg å skilje ut ein klar samisk region som slikt sjølvstyre skulle gjelde. Likevel har samiske organisasjonar og Sametinget sjølv ikkje alltid vore klare på spørsmålet om kva avgrensingar eit slikt system set på det samiske sjølvstyret. Sametinget har i dag langt større makt og forvaltningsansvar enn tinget hadde frå starten i 1989, og ein ønsker å utvide dette. Men eg saknar ei vurdering frå Sametinget si side av kor grensene går for kor mye sjølvstyre ein kan krevje, så lenge dette er basert på eit etnisk manntall, der ingen kan slippe inn utan å ha samiskspråklig familiebakgrunn. Eg saknar ei innrømming av at jo meir makt Sametinget får i spørsmål som ikkje bare gjeld samar, jo meir vil det bli opplevd som eit demokratisk problem.

2. Oppslutninga om Sametinget

Etter 22 år er det på tide å spørre: Har tinget ein større eller mindre legitimitet i den samiske og i den norske befolkninga enn da det blei starta?

På eine sida har talet på personar innmeldte i Sametinget sitt valmanntall auka frå 5505 til 13890. Dette er dels eit uttrykk for større samisk bevisstgjøring og større oppslutning om Sametinget, men også uttrykk for at når Sametinget har blitt ein viktig arena, så vil fleire og fleire delta i vala. Mens samiske organisasjonar dominerte i starten, har seinare så godt som alle norske politiske parti stilt lister, og oppfordra sine samiske tilhengarar til å skrive seg inn. Det har også Sametinget sine motstandarar gjort, og no er 3 representantar valde inn på eit program for å legge ned heile Sametinget. I lys av dette er denne auken mindre imponerande. Blant dei som oppfyller den objektive delen av kravet til å skrive seg inn i manntalet, er det langt fleire som ikkje har gjort det enn som har gjort det. Det er forska på sametingsvala, men er det gjort noko undersøking av dei som ikkje melder seg inn, og motiva deira for dette. Årsakene kan nok vere fleire:
- Dei ønsker ikkje å vedkjenne seg den samiske bakgrunnen sin.
- Dei vedkjenner seg slekta, men reknar seg ikkje som samar, dei har kome så langt bort frå det samiske at dei ser på seg sjølv som norske.
- Dei er bevisst politisk uenig i oppretting av Sameting og samemanntal og boikottar derfor dette.
- Dei er generelt lite interesserte i politikk og bryr seg ikkje om å røyste.
Andre teikn på manglande støtte er at det blant dei innmeldte er relativt mange som ikkje røystar, og at ein ganske stor del av veljarane røystar på parti som vil legge ned Sametinget.

Men sjølv blant dei som i prinsippet støttar eksistensen av Sametinget er det mye kritikk av Sametinget sin praksis, særlig oppbygginga av eit stort byråkrati og ei rekke godt betalte heiltidspolitikarar, samtidig som dei opplever at Sametinget ikkje klarer å gjøre noko grunnleggande med dei største problema for fleirtalet av den samiske befolkninga. Alle desse faktorane gir grunn til bekymring, men eg trur den siste er den verste for Sametinget, fordi den trugar oppslutninga og legitimiteten også blant "kjernevelgarane", dei som deler Sametinget sine prinsippielle målsettingar.

Opprettinga av Sametinget hadde nok sympati i store delar av den ikkje-samiske befolkninga i Noreg. Seinare har dei fleste ikkje-samar hatt eit noko fjernt forhold til Sametinget, dei opplever det ikkje som ein aktør som betyr noko i deira liv. Når dei ikkje sjølve opplever nytta av Sametinget, blir dei lett offer for propagandaen om Sametinget som pengesluk og Sametinget som ein propp som hindrar næringsutvikling.

Størst suksess har nok Sametinget hatt innafor det norske politiske systemet. Sametinget har overtatt forvaltninga av ein rekke funksjonar som tidligare hørte under departementale organ, er representert i ei rekke offentlige organ og utval, og det er stadig færre statsorgan som tør å behandle spørsmål som er viktige for samane utan å spørre Sametinget til råds. Den største sigeren er nok likevel ordninga med konsultasjonar med sentrale styresmakter. Sjølv om konsultasjonane ikkje alltid fører fram, og tinget har gått på fleire sviande nederlag, som minerallova og kystfiskeutvalet, så kan ein seie ein har fått høg grad av aksept i forvaltningssystemet.

Konklusjon: Sametinget har vakse kraftig på toppen, men har eit sviktande grunnlag.

3. Hermar etter norsk forvaltning

Sametinget skulle vere ein representant for det samiske folket, og fungerer langt på veg som dette når ein behandlar politiske spørsmål i plenumsmøte. Men i det daglige er Sametinget først og fremst ein del av det norske statlige forvaltningsapparatet. Dei tilsette forvaltar f.eks. kulturminne og støtteordningar etter norske lovar, på norsk lønnsregulativ osv. Heiltidspolitikarane i Sametinget har lønn som står i stil med andre heiltidspolitikarar og skriv reisegodtgjersle osv. etter same reglar.

På samme måten som staten har lagt ned faglige råd og overlatt beslutningane til tilsette byråkratar, har Sametinget gjort det samme og lagt ned f.eks. Samisk utdanningsråd, ei beslutning som det i dag er vanskelig å finne nokon som forsvarar. Utdanningsrådet var formelt eit rådgivande organ for departementet, men det var eit faglig sterkt og opposisjonelt organ, som hadde stor betydning i å drive fram samisk skoleutvikling. No er rådet sine oppgåver overtatt av Sametinget, der opplæringsavdelinga fungerer som departementet sin lojale forlenga arm, og i mindre grad som drivkraft i skoleutviklinga.

På godt og vondt har Sametinget herma etter norsk parlamentarisk praksis og forvaltningspraksis. I likskap med riks-, fylkes- og kommunepolitikarar har sametingspolitikarar sørga for å skaffe seg sjølve gode inntekter.

Kritikken mot Sametinget har i stor grad kome frå folk som er mot heile sametingssystemet. Men nylig er det offentliggjort ein kritikk frå ein tidligare sametingsrepresentant for NSR, og denne er ikkje like lett å avvise:
"I den tida da eg var sametingsrepresentant mista eg mange illusjonar som eg hadde hatt om Sametinget. Eg oppdaga at mange der ikkje først og fremst tenkte på kva som er bra for samane. Personlig ære og trong til å vere i media virka mange gongar å vere viktigare enn sakene. Eg likar ikkje slikt maktspel. Det var også svært strenge grenser mellom partia. Det virka på meg som mye tid og krefter gikk til indre maktkamp i staden for å samle krefter og menneskelige ressursar for å klare seg betre overfor norske styresmakter og fremme samiske saker overfor dei. ... Sametinget har rett og slett adoptert stortingssystemet utan å spørje om det fremmer ei felles ånd blant samane. Eg er ikkje sikker på at Sametinget sin organisasjonsmodell er den beste løysinga for samane. Sametinget har blitt ein kjempestor arbeidsplass, men eg undrar om ein ikkje kunne bruke ressursane betre." (Synnøve Solbakken-Härkönen i Samisk skolehistorie 5)

4. Seg sjølv nok?

I tida etter at Sametinget blei oppretta har det i aviser og etter kvart på digitale medier blitt skrive mange tusen innlegg med angrep på Sametinget, samemanntallet, ILO-konvensjonen, samelova osv, på samisk språk i skole og administrasjon, i det heile på grunnlaget for den samepolitikken som staten har ført frå midt på 1980-talet. Kritikarane har her vore langt sterkare enn forsvararane, både målt i talet på innlegg og i talet på debattantar. Sametinget sine medlemmar og tilsette har i svært liten grad tatt ansvaret for å forsvare grunnlaget for den samepolitikken som gjør at vi i dag har eit Sameting. Dei synest å leve i trua på at kritikken er så usaklig at den ikkje er noko å bry seg om, mens kritikarane slik har fått større og større tilslutning.

5. Naturfolk mot naturvern?

Frå Sametinget og samiske organisasjonar har ein vore flittige til å framheve samane sitt nære forhold til naturen. Opprettinga av Sametinget blei og i stor grad utløyst av ei naturvernsak, Altakampen. I nokre einskildsaker har Sametinget engasjert seg mot skadelige naturinngrep, men ein kan knapt seie at Sametinget har hatt ein heilskapelig miljøpolitikk. Da ein sametingsrepresentant for ein del år tilbake foreslo at Sametinget skulle utarbeide eit eige miljøprogram, var det lite støtte å få. Også i andre naturvernsaker har Sametinget hatt ei tvilsam rolle. For to år sidan gikk Sametingsrådet ut med full støtte til oljeutbygging på Goliatfeltet. I samband med planane om nasjonalparkar og andre verneområde sa Sametinget konsekvent nei til alle verneområde. I kampen om minerallova var ein meir opptatt av å få urfolksavgift frå mineralselskapa enn av å verne om naturen. Og ikkje minst har ein har vore meir opptatt av å forsvare retten til motorferdsel i utmark enn av å bevare naturen mot skader frå denne ferdselen.

6. Sametinget som monopol og syndebukk

Trass alle påstandar om pengesluk og stat i staten er realiteten at Sametinget har svært begrensa makt og svært begrensa med økonomiske middel. Når Sametinget har middel til utdeling til næringsstøtte, litteratur eller kulturtiltak kjem det vanligvis søknadar på eit mangedobbelt beløp av det tinget har middel til å innfri. Liksom kommunane har også Sametinget klare reglar for kva dei må og kan bruke pengar til og dei frie midlene er svært avgrensa. Likevel er forventningane og krava til kva Sametinget skal utrette skyhøge. Det hittil mest urimelige kravet er vel at Sametinget skal betale for grenseskolar som kommunane vil legge ned.

Også statlige institusjonar forsøker å ofte dytte ansvar over på Sametinget. Eg har sett fleire tilfelle av at institusjonar på fylkes- og departementsnivå har skyve frå seg saker som heilt opplagt skulle vere deira ansvar, med det påskot at det var samiske formål, og dermed Sametinget sitt bord. Med opprettinga av Sametinget er det fare for at resten av statsapparatet fritar seg sjølv for ansvar for den samiske befolkninga og den samiske kulturen. Når ein snakkar om kor mye pengar Sametinget får, bør ein kanskje trekke frå alt det som normalt ville bli gitt av ordinære statlige institusjonar, men som dei no fråskriv seg ansvaret for.

Med det opphissa debattklimaet om samiske spørsmål er det alltid ein fare for at all kritikk av samiske organ blir tatt til inntekt for motstandarane av desse organa. Eg vil derfor understreke at dette er skrive ut frå eit ønske om å styrke, ikkje å svekke Sametinget. Tida bør no vere mogen for å vurdere gode og dårlige sider ved sametingsordninga og Sametinget bør sjølv delta i debatten om dette, både i samiske og norske miljø.

Svein Lund


Til hovudsida.