Artikkel i Klassekampen, 12.10.1988

Svein Lund:

- Samisk kultur ingen kuriositet

— Det samiske er enno i dag ein fundamental del av folket sitt liv og kultur i Nord-Norge. Sjølv etter fleire hundre års kolonisering og fornorsking er det ein stor folkekunnskap som bygger på det samiske.

Av SVEIN LUND, Tromsø

Ideen om det samiske er lagra i den nord-norske folkekulturen. Dette bærer alle på i underbevissheita. — Dette seier Jorun Eikjok som søndag skal innleie på RV/AKP sin NordNorgeskonferanse i Tromsø.

— Eg har reist mye rundt i Nord-Norge. I det offentlige fins bare det norske dei fleste stader. Men det har slått meg at likevel er mye av det samiske levande. Det gjeld og blant den norske, ikkje-samiske befolkninga. Når ein skal diskutere Nord-Norge i fortid, nåtid og framtid, må derfor det samiske stå sentralt, ikkje bli redusert til eit vedheng, ein slags kuriositet som bare gjeld dei såkalla samiske kjerneområda i Indre Finnmark.

Jorun Eikjok er forskar på Nordisk Samisk Institutt, kjem frå Unjarga (Nesseby i Aust-Finnmark), og bur nå i Tromsø der ho arbeider med ei samisk kvinneforskingsprogram. Innleiinga si har ho kalla «Endringar i det samiske samfunnet». Ho er særlig opptatt av ka for virkningar endringane i næringslivet har fått for dei samiske kvinnene. Dette har ho og snakka om på Nordisk Forum.

— Kvinnene har alltid hatt ein sterk posisjon i det samiske samfunnet, seier ho. — Det er dei som har hovudansvaret for å føre den samiske kulturen vidare. Men dei siste 20-30 åra har mennene overtatt. Gjennom mekaniseringa er kvinnene trengt tilbake i jordbruk og reindrift. På svensk side er f. eks mekaniseringa kome så langt at kvinnene ikkje lenger deltar i reindrifta. Det er manneaktivitetane som har fått støtte frå storsamfunnet, ingen ting i samfunnet har støtta opp om dei kulturelle verdiane som kvinnene står for.

— Skal du bare seie det samme i Tromsø som du sa på Nordisk Forum ?
— Nei, slett ikkje. Eg vil ta utgangspunkt i den diskusjonen om reindrift og overbeiting som nå går bl.a. i Klassekampen og Nordlys. Denne diskusjonen er blitt altfor einsidig fokusert på reintallet. Talla forteller ikkje sanninga aleine. Eg kan godt forstå at mange reineigarar kjenner seg avmektige. Situasjonen i dag er eit resultat av den politikken staten førte på 70-talet. Ein hadde ein strategi for å gjøre dei samiske næringane lønnsame gjennom integrering i normane til det norske storsamfunnet. Gjennom reindriftsloven og reindriftsavtalen blei stordrift og mekanisering belønna. Taparane var dei som ville drive vidare på tradisjonelt vis. Når reindriftssamane så er fanga inn i dette systemet så kjem ropet på meir kontroll, sterkare forvaltning frå staten. Da skal dei straffas igjen. Det blir ei straff frå det norske til det samiske.

Eg vil og ta opp kvifor vi har fått så skarpe konfliktår nå; fordi både norske og fastbuande samar har blitt pressa til ei ny livsform med intensiv drift som bryt opp det gamle fellesskapet og gjensidige avhengigheita som var mellom næringane.

Sjølvsagt hovudsak?

Det kom ikkje av seg sjølv at samiske spørsmål blei eit hovudemne på Nord-Norges-konferansen. Først var det satt opp bare som seminar. Ein av dei som har kjempa gjennom at det skulle vere hovudemne er leiaren for Finnmark RV, Ole-Gunnar Leirvaag:

- I RV og AKP er det lite forståing for samiske spørsmål. Eg skreiv f.eks to innlegg i Klassekampen i vår, der eg bl.a. kritiserte at partiet sin militærpolitikk er i strid med samiske interesser. Ingen brydde seg om å svare på det. RV og AKP i Nordland og Troms oppfører seg som om samiske spørsmål ikkje skulle gjelde dei. Men det gjør det i høgaste grad. Sjølv kjem eg frå Steigen i Nordland, ein fornorska samisk "kommune. Da eg kom til heimbygda første gongen etter eg flytta til Karasjok, kom gamlingane og ville snakke samisk med meg. Eg trur dette er ganske typisk.

Mye av det som går for å vere nord-norske folketradisjonar og namn er i virkeligheita samiske, f.eks stadnamnet Vesterålen. Men RV har ofte vore med på å usynliggjøre det samiske. Det må vi nå få ein slutt på. Bl.a. må vi få fram at fiskeripolitikk og ressursvern ikkje bare er ei «norsk» sak, men og eit samisk spørsmål, eit vere eller ikkje vere for den samiske busettinga i kyst- og fjordstrøka.


Til startsida

sveilund@online.no