Artikkel i heftet "Klasseanalyse", gitt ut av AKP(m-l) 1987
Samane og klassesamfunnet
Av Svein Lund
(Artikkelen bygger i hovedsak på forholdene i Finnmark. Det som legges fram er ikke ei fullt ferdig analyse, men noen påstander for å få i gang en debatt.)
Det samiske samfunnet var fram til koloniseringa eit klasselaust samfunn, bygd på kollektiv eigedomsrett gjennom siida-ordninga. Denne gikk i oppløysing fram til 1700-tallet, og vi fikk ei klassedeling på 2 plan:
- Integrering av samar i det norske klassesamfunnet. Nordmenn kom oftast inn som overklasse i samiske område. Samar som reiste ut av samiske område blei integrert i den norske arbeidarklassen.
-
Klassedeling innafor det samiske samfunnet. Rike og fattige reineigarar, kjøpmenn osv.
Klassedelinga førte ikkje til nokon samisk stat fordi det heile tida var den norske (svenske, finske, russiske) staten som hadde styringa. Det samiske borgarskapet blei aldri sterkt, og var i stor grad knytta til kolonimaktene sin stat og kapital.
Historia om utviklinga av det samiske klassesamfunnet er ein del av historia om koloniseringa. Dette gjør at klassesamansetninga av samane innafor kvar av dei 4 statane får preg av særtrekk ved kvar stat og styreformen og næringslivet der. I forhold til klassesamfunna i kvar av desse landa får dei særtrekk som undertrykt nasjon.
Manglar statistikk
Kor skal ein så finne fakta om dette? I tillegg til at offentlig statistikk ikkje opererer med marxistiske klasseomgrep, er han ofte svært upålitelig i å seie kem som er samar og kem som er norske/kvænske. Dette fordi mange enno skjuler ka dei er, eller dei veit rett og slett ikkje. Og mange er av blanda avstamming og det blir eit skjønnsspørsmål ka for side ein hamnar på. Samar busatt utafor «samisk kjerneområde» fell ofte utafor statistikken. Med disse forbeholda kan ein likevel trekke ein del konklusjonar utifrå denne statistikken. I Samerettsutvalet si 1. innstilling er det satt opp fordeling på primær, sekundær og tertiærnæringar i ein del kommunar med blanda samisk/norsk busetting.
Vi ser at samane er klart overrepresenterte i primærnæringane (jordbruk, reindrift, fiske, utmarksnæringar), og tilsvarande underrepresenterte i tertiærnæringane. Av dette burde vi kunne trekke nokre konklusjonar:
Kem som dominerer i primærnæringane skulle seie litt om kem som har retten til land og vatn.
Kem som dominerer tertinærnæringar som administrasjon, skole, helsevesen mm. seier noko om kem som har fått sjansen til ei utdanning og kem som har maktposisjonar.
Andelen av samane som er sysselsatt i sekundærnæringar er heller større enn andelen av nordmenn i samme område. Men samtidig er industrien svært dårlig utbygd i samiske kjerneområde, og mange må reise ut for å ta seg arbeid
i industri og bergverk.
Innafor kvar av desse områda er det stor skilnad på samar og dážat-(ikkje-samar). Her er lite statistikk å bygge på, men i alle tall for Finnmark og Nord-Troms trur eg det er grunnlag for å seie:
Primærnæringane: Samar har gjennomsnittlig mindre gardsbruk, mindre fiskebåtar og meir kombinasjonsbruk enn nordmenn.
Sekundærnæringane: I industri/-bergverk/bygg og anlegg finn vi forholdsvis færre samar i leiande stillingar og fleire som ufaglærte.
Tertiærnæringane: Flest samar i underordna yrke (butikkbetjening, hotell o.l.). Få i administrasjon, helsevesen, skole o.l. Dette er svært usikkert, og her er lokale variasjonar. Dei mest samisktalande område har f.eks. fått meir samiske lærarar etter kvart.
Eg skal nå ta for meg dei einskilde klassane/gruppene og forsøke å seie noko om ka som kjenneteiknar dei, med det norske klassesamfunnet som samanlikning.
Arbeidarklassen
Utgjør trulig knapt 1/2 av den samiske nasjonen, omtrent samme andel som for den norske. Samiske arbeidarar arbeider spreidd, på små arbeidsplassar eller som einslige samar på norske bedrifter. Samiske arbeidarar er einaste av klassane i den samiske nasjonen som er spreidd over heile Norge. Det fins ingen store arbeidsplassar med fleirtal av samar, knapt nokon over 50 arbeidarar. Samiske arbeidarar er i mindre grad fagorganisert, og har i mindre grad tillitsverv i fagrørsla enn norske arbeidarar. Samiske arbeidarar «forsvinn» ofte på norske arbeidsplassar, alt foregår på norsk, og ofte står dei ikkje fram som samar. I dei fleste fag manglar eit samisk fagspråk. Mange er lausarbeidarar, sesongarbeidarar og «sjølvstendig næringsdrivande» pga. mangel på arbeidsplassar, f.eks. i byggebransjen. Stor arbeidsløyse. Mange pendlarar. Politisk: Inga eia samisk arbeidarkultur. Ein stor del har bøyd av for fornorskinga. Men og ein del aktivistar, jfr. sultestreiken under Altakampen, der fleirtalet var arbeidarar. Disse finn seg sjelden til rette i nokon av dei samiske organisasjonane.
Bønder/fiskarar
Frå gamalt av har denne kombinasjonen og andre kombinasjonar vore det vanlige. Staten sin jordbruks- og fiskeripolitikk og utfiskinga av fjordane har langt på veg knekt kombinasjonsnæringane og tvunge fram yrkesspesialisering eller fråflytting. Dei fleste som fortsatt er fiskarbønder er samar, og disse fell mellom to stolar. Verken Fiskarlaget eller Bondelaget har ivaretatt interessene deira. Snarare tvert om. Det har dei siste åra gått diskusjonar om eiga organisering for fjordfiskarar, for samiske bønder, for kombinasjonsnæringar. Hittil har ikkje noko kome ut av det. I den grad disse gruppene er organisert i samiske organisasjonar er det stort sett i SLF (Samenes Landsforbund). Det finnes nokre få større bønder, særlig i Tana. Dei er eit resultat av at norske jordbruksstyresmakter har pressa dei til overinvestering, og dei går stadig konkurs. Norskeigde gardar er i stor grad konsentrert i nokre område som resultat av staten sin koloniseringspolitikk i førre hundreåret. (Målselv i Troms, Tverrelvdalen i Alta, Pasvik i Sør-Varanger, m.fl.)
Blant fiskarar har ofte samane dei minste og eldste båtane. Det fins nokre samar med større båtar, dei står fram som samar når dei treng pengar frå Samisk Utviklingsfond.
Reineigarar
Reindriftssamane er dei som held best på samisk språk og kultur, og er den einaste yrkesgruppa som har eigen samisk yrkesorganisasjon (NRL - Norske Reindriftssamers Landsforbund). Dei er knapt 10% av samane. Det er stor forskjell på størrelsen på reinflokkane. Mange har for få rein til å livberge seg, mens nokre få har så store flokkar at dei må reknas til borgarskapet. Det er dei stote reineigarane som dominerer i NRL. I sør-samiske område er samisk kultur sterkt knytta til reindrifta, da dei fleste andre sørsamar har blitt fornorska. I Finnmark har motsetningar mellom reindrifta og andre næringar blitt skjerpa dei siste åra.
Intellektuelle
Ei forholdsvis ny og veksande gruppe, mest unge folk. Dominerer i NSR (Norske Samers Riksforbund). Ofte politisk, kulturelt og språklig bevisste, men samtidig på mange måtar meir prega av norsk tankegang og miljø pga. påvirkning frå norsk skole.
Nasjonale borgarskap
Dei som høyrer til borgarskapet, men som har interesse av samisk nasjonal frigjøring. Rike reineigarar. Leiarar for bedriftar i samiske område (reinslakteri, forretningar mm.). Leiarar for samiske institusjonar og bedrifter. (Samiske Institutt, forlag, o.l.)
«Kompradoi-borgarskapet»
Dei som har kome seg opp i borgarskapet ved å selge seg til norsk imperialisme. Folk i leiande stillingar i kommune-, fylkes- og statsadministrasjon. Her er folk som i minst like stor grad som norske borgarar er mot samisk frigjøring. Men grensa mellom desse 2 delene av borgarskapet kan vere vanskelig å trekke. Ein del snur kappa etter vinden.
Til startsida
sveilund@online.no