Innlegg sendt flere aviser, bl.a. Finnmark Dagblad, 06.08.2010

Kampen mot urfolka

I Finnmarksavisene har vi ei ny oppbløming av kampanja mot urfolka og urfolksretten, bl.a. ved innlegg av Bengt Johansen, Oddvar Støme, Åsmund Dalheim og Jarl Hellesvik. Ingen av innlegga bringer fram noko nytt. Dei er bare nye ledd i ein kamp som har vore ført over heile verda heilt frå europeiske makter starta koloniseringa av område der det budde andre folkeslag frå før, og slik la grunnlaget for omgrepet "urfolk": ".. folk som bebodde landet da erobring eller kolonisering fant sted eller da de nåværende statsgrenser blei fastlagt", som det heiter i den no så omstridde ILO-konvensjon 169.

Kolonistane erobra urfolka sine område med våpen og sjukdommar, så befolkninga i nokre område blei utrydda og i andre kraftig redusert. Men mange av urfolka overlevde likevel og sidan kolonimaktene ikkje klarte å bli kvitt urfolksproblemet, måtte dei ty til ideologiske middel. Urfolka blei stempla som mindreverdige, lågareståande, uintelligente osv. Kulturane og språka deira var verdilause, religionane deira var djevelens verk og dei kunne bare reddast gjennom å bli kristne og bytte ut sitt eige med kolonimaktene sine kulturar, språk og religion. Denne ideologiske kampen blei kraftig styrka i verdsmålestokk i andre halvdel av 1800-talet, med styrka kolonisering og nasjonalisme. Sosialdarwinismen blei oppfunne for å forsvare at dei sterkare folkeslaga hadde rett til å undertrykke dei svakare. Nettopp denne ideologien kjem fram i Åsmund Dalheim sitt innlegg: "... gjennom menneskehetens historie ... har vært utallige folkegrupper som har tatt land fra hverandre. Svake grupper har opphørt og sterke grupper har gått videre. Dette er en naturlov som enkelte ynder å kalle for "urettferdig kolonisering av andre menneskers land". At desse tankane ikkje er nye kan vi sjå med å samanlikne med kva professor Yngvar Nielsen sa i 1900: "Civilisationen er ubarmhjertig. Med sin damp og elektricitet slaar den de svagere racer til jorden uden hensyn. Vi kan ikke altid forstaa hvorledes dette gaar for sig og hvorfor det maa saa være. Men det er nu engang saa... Mod civilisationen kan nomaden ikke kjæmpe. Hvis han ikke viger, da levnes han blott den ene udvei, at falle."

Samtidig som den offisielle ideologien var at urfolka ikkje hadde noko å bidra med til verda, blei kunnskapen som dei hadde utvikla lånt og stole og eksportert over heile verda utan at urfolka fikk nokon kreditt for det. Korleis det har skjedd og framleis skjer i Amerika er utmerka dokumentert i boka Indian givers : how the Indians of the Americas transformed the world (Jack Weatherford, 1988). I Norden blei samisk språk og kultur på samme vis nedvurdert og usynliggjort, til dei grader at ein samemisjonsprest ga ut boka Kulturværdier hos Norges finner (Jens Otterbeck, 1920), fordi det i det politiske klimaet i den tida faktisk var viktig å vise at samane hadde ein kultur..

I dag hører omlag 300 millionar menneske til folkegruppene som reknar seg som urfolk. Av desse har svært få eigedomsrett eller verna bruksrett til dei tradisjonelle leveområda sine. Kulturane og språka deira har som regel lågare status enn språka som blei innført av kolonistane, og få av dei får skolegang på eige språk. Her er ein klar samanheng: Utan å sikre retten til å bu i og bruke i alle fall store delar av sine tradisjonelle bruksområde kan dei heller ikkje bevare kultur og språk. Dette har både urfolka og statsmaktene sett, og derfor har kampen om landrettar, kultur og språk gått hand i hand, derfor er alt dette idag integrerte delar av ILO sin urfolkskonvensjon og FN si urfolkserklæring.

Spørsmålet om urfolk og urfolksrettar har i Noreg i hovudsak dreidd seg om samar, om samar er urfolk og om dei skal ha dei rettane dei har krav på etter ILO sin urfolkskonvensjon. Men begge sider i debatten trekker av og til inn urfolk i andre land. Tidligare leiar av antiurfolksorganisasjonen EDL, Lars Hapalahti, har f.eks. uttalt at urfolka i verda er så få at dei bør finne seg noko bedre å gjøre enn å kreve eigne rettar. (Eg har ikkje sett at nokon frå den sida har tatt avstand frå den uttalelsen.) Dalheim følger no opp med å ta avstand frå heile urfolksomgrepet, samtidig som han stiller spørreteikn ikkje bare ved samane, men og ved andre urfolk: "Har snakket med amerikanere som forteller at indianerne ikke var de første på prærien". Slik viser han at ikkje bare kampen for samiske rettar er ein del av den internasjonale urfolkskampen, men også at kampen mot samiske rettar er ein del av den internasjonale kampen mot urfolka.

Ein sentral del av kampen for og mot urfolka er kampen om historia. Kolonistane har hatt makta også over historieskrivinga og dei har i motsetning til urfolka hatt skriftspråket og skriftlige kjelder gjennom mange hundreår. Den offisielle historia har blitt kolonistane si historie og urfolka har knapt vore nemnde. I nyare tid har det vore forska meir på historia som urfolka har opplevd, og det har kome bøker som 1491. New Revelations of the Americas Before Colombus (Charles Mann 2005). Også om samisk historie har det kome bøker, blant dei kan nemnast Lars Ivar Hansen og Bjørnar Olsen: Samenes historie Cappelen 2004.

EDL og dei nemnde debattantane nektar i dag for at samane er urfolk og at områda deira har vore kolonisert. Fram til for omlag 150 år sidan var samane som urfolk og at områda deira var koloniserte alminnelig anerkjente historiske fakta. «Finmarken har derfor fra de ældste tider været betraktet som en Colonie.» (Finansdepartementet 1848). Med nasjonalismen og sosialdarwinismen kom så eit oppgjør med den forståinga som hadde vore til da. Politikken blei endra frå bevaring og utvikling av samisk språk til fornorsking, samtidig blei samar omdefinerte frå urfolk til "fremmede folkeslag" i lag med kvenane. Også den gang skreiv datidas "EDL" i avisene, og debattstilen var ikkje stort bedre enn i dag. Eit eksempel er det anonyme innlegget som blei tatt inn i Tromsø Tidende nr. 73-1840, og som polemiserer mot Stockfleths arbeid for samisk språk: «At der nu ydes det finske (lappiske) Sprog Opmerksomhed skyldes ene og alene den Mand, som har opofret sig for dette nomadiske Folkeslag; men det politiske Rigtige af denne Regjeringens Fremgangsmaade betvivles af Mange, ligesom Naturen selv taler imod Nytten af at opretholde et Sprog, der kun tales af Mennesker som have den største Modbydelighed for at blive fastboende skatteydende Borgere.»

Omgrepet kolonisering blei brukt om statsstøtta norsk etablering i samisk- og kvenskdominerte område heilt fram til 2. verdskrigen. Seinare fall koloniseringsomgrepet i miskreditt med avkoloniseringa ute i verda. Korleis skulle ein da motvirke krav om avkolonisering også på Nordkalotten? Jo, gjennom å nekte for at her nokon gong hadde vore noko kolonisering. Så seint som under rettssaka om Alta-utbygginga hevda regjeringsadvokaten at samar ikkje er urfolk i Noreg. Først i løpet av 1980-talet skjedde det eit gjennombrot for den historieforståinga som i dag dominerer i offisiell statlig politikk og som er så godt som einerådande i forskingsmiljø. Og liksom på 1800-talet får vi ein motreaksjon, som ønsker å fortsette fornorskingspolitikken inntil målet med denne er oppnådd, nemlig at samane er utradert totalt kulturelt og språklig og som politisk kraft.

Svein Lund

PS. Jarl Hellesvik krev at eg skal føre bevis for at samane oppfyller ILO-konvensjonen sine krav til urfolk. Når eg må slå fast at dette ikkje er mogleg innafor plassen av eit innlegg ein får inn i avisa, får han dermed sitt etterlengta bevis på at eg "ikkje kan svare", og han kan fortsette si utskjelling av alle som i motsetning til han sjølv finn samisk kultur verd å ta vare på.


Til hovudsida.