Svein Lund
Sjølv om dei stadig klarer å få oppslag som om dei har gjort epokegjørande oppdagingar og avsløringar, er dette ikkje noko nytt. Fram til midten av 1800-talet blei samane rekna som den opprinnelige befolkninga på Nordkalotten. Men med utviklinga av den norske nasjonalismen blei politikken endra til at samar og kvenar skulle fornorskast. Da skjedde det samtidig ei fornorsking av historia, og den rådande oppfatninga blei at nordmenn var først i Noreg, mens samar og kvenar var "fremmede folkeslag" i riket. Samane blei og omtalt langt meir negativt enn før, i samsvar med dei rasistiske oppfatningane som var vanlige i den tida.
Dette synet fikk aldri full oppslutning, det var heile tida samar som hevda at "vi har alltid vore her", men først i etterkrigstida endra synet seg i vitskapen, blant bl.a. arkeologar, historikarar og antropologar. (Desse endringane er godt skildra i Hansen/Olsen: Samenes historie fram til 1750.)
Etter at samane hadde organisert seg og innleia samarbeid med bl.a. inuitar, indianarar, maoriar og australske urfolk, slo synet på samar som urfolk i Noreg også gjennom hos styresmaktene. I 1991 vedtok Stortinget samrøystes å gjøre ILO-konvensjonen om urfolk gjeldande for samane i Noreg. Denne konvensjonen forpliktar staten på mange område, bl.a. når det gjeld landrettar og rett til samisk opplæring i skolen. For dei som ikkje har ønska slike rettar for samane, har det derfor vore naudsynt å gå til angrep på konvensjonen og kreve at Noreg trekk ratifiseringa tilbake. Dette kravet kom først frå FrP, seinare har dei fått sterk støtte av Karsten Adriansen med boka "Er samene Finnmarks urbefolkning?", av juristen Carl Fleischer og av visse politikarar på venstresida, som Olav Gunnar Ballo og Jarl Hellesvik.
I det siste er det to argument som har vore særlig framme:
1. Vi veit ikkje kva for folkeslag som kom hit aller først.
2. "Urfolk" er feil oversetting av det engelske "indigenous".
Dette er eit forsøk på avsporing av diskusjonen. Sjølv om begge delar skulle vere rett, vil det ikkje endre statusen til samane, fordi denne følger konvensjonen sin eigen definisjon av urfolk/indigenous: "folk i selvstendige stater som er ansett som opprinnelige fordi de nedstammer fra de folk som bebodde landet eller en geografisk region som landet hører til da erobring eller kolonisering fant sted eller da de nåværende statsgrenser ble fastlagt, og som uansett deres rettslige stilling har beholdt alle eller noen av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner."
Og dette er det så langt ingen som har klart å motbevise. Gjennom historia har det vore ein klar samanheng mellom å avvise samane som urfolk, ønske om å opne samiske område for kolonisering / mineralutvinning / kraftutbygging osv. og ønske om å utrydde samisk språk og kultur. Fremskrittspartiet står i dag konsekvent for alt dette. Men korleis Ballo og Hellesvik kan kjenne seg vel i dette selskapet er for meg ei gåte.
Svein Lund