Kronikk sendt Klassekampen 27.11.2016.

Har samar vore diskriminert?

I Finnmark finst det ein merkelig organisasjon. Den kallar seg EDL – Etnisk og demokratisk likeverd og har sett seg som mål å «bevise» at samar aldri har vore undertrykt eller diskriminert av det norske storsamfunnet, men at det derimot er den noverande offisielle samepolitikken som diskriminerer ikkje-samar. Denne organisasjonen blir leia av Jarl Hellesvik, som no viar heile det politiske engasjementet sitt til å gå til åtak på samepolitikarar og på dei sigrane samane har oppnådd i dei siste tiåra. Så godt som kvar gong det blir sett på trykk i ei norsk avis ein artikkel eller innlegg om diskriminering av samar i fortid eller framtid, rykkar Hellesvik og meiningsfellene hans ut for å slå det tilbake. Om dei kan finne at det frå samisk eller «samevennlig» hald er skrive ein feil, så gjeld det å forstørre denne opp så godt som råd.

Denne bakgrunnen er nødvendig for å forstå kvifor Jarl Hellesvik i Klassekampen 26.11. gikk til åtak på artikkel av Anna Blix i avisa 11.11. Når Klassekampen sin redaksjon totalt forsømmer å gi lesarane innsikt i samiske forhold, er det bra at eit par faste skribentar tar det opp. I ein kronikk med utgangspunkt i kampane ved Standing Rock, forsøkte Blix å gjøre ei kortfatta oppsummering av overgrep mot den samiske befolkninga. Hovudinnhaldet i dette er nok rett, men heilt presist er det ikkje, og dermed laglig til for hogg for dei som er på leiting etter slikt. I fleire kjelder har det blitt framstilt slik Blix skriv: «Jordloven av 1902 tillot ikke salg av jord til folk med samisk etternavn.» Likevel har Hellesvik rett i at det ikkje sto presis slik i lova.

Der sto det: «[a]fhændelse maa kun ske til norske statsborgere og under særligt hensyn til at fremme bosættelsen af en for distriktet, dets opdyrking og øvrige nyttiggjørelse skikket befolkning, som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytter dette til dagligt brug».

I ettertid har det vore reist tvil om korleis dei siste orda skulle tolkast. Var det nok at ein kunne bruke norsk i dagligtale når det trengstest, eller krevdest det også at norsk var det språket ein brukte mest, bl.a. i heimen? I skjemaet som måtte fyllast ut ved jordutvising sto det klarare, det blei spurt hvilket språk søkeren anvender til daglig bruk. I 1906 sa den samiske stortingsmannen Isak Saba: "Vil ikke gresset vokse like bra på enga, om man taler norsk eller samisk? Holder det ikke med at samene må kjøpe den jord som fra gammelt av har vært deres egen?» Om vi ser på Landbruksdirektøren sine forarbeid til lova kjem hensikten klart fram: «Det sikreste og mest hensiktssvarende vil her være uden videre at kreve at Ansøgeren skal være af norsk Herkomst.» Ut frå dette kan det ikkje vere tvil om at jordlova var diskriminerande overfor både samar og kvenar, og at nettopp dette var målet med lova. Det var eit bevisst trekk i planen for å fornorske Finnmark, både gjennom tilflytting av norske nordmenn og gjennom å presse samar og kvenar til å bytte ut språk og kultur.

At mange samar skifta til norske etternamn kom av ein annan paragraf i lova som sa at ved utmåling skulle garden "gis særskilt, norsk navn". Det var da vanlig overalt i landet at bønder tok namn etter garden. Dermed tok mange samar norske etternamn. Særlig framtredande var dette i Karasjok, der vi enno har namn som Nystad, Kalvemo, Holmestrand, Svineng og Grønmo m.fl. I Guovdageaidnu var det derimot ingen bønder som skifta til norske gardsnamn. Trulig var presset mindre der frå lokale styresmakter.

Hellesvik skriv til slutt «Anna Blix gir inntrykk av at samer ikke fikk kjøpe jord. Det stemmer altså ikke ifølge Bulls historiske gjennomgang.» Det er bare det at dette har Blix ikkje skrive. Taktikken med å tillegge meningsmotstandarane sina oppfatningar dei ikkje har, for så å polemisere mot desse er ikkje ny. Men like skitten kvar gong.

Svein Lund
Norsk nordmann utan jord
Guovdageaidnu


Til hovudsida.