Artikkel i Klassekampen, 23.02.1995

Svein Lund:

Ingen løfter til Sametinget

Og ingen raud løpar da Gro besøkte Sametinget for første gang.

Den kjølige mottakinga sto i sterk kontrast til dei arrangementa som har vore for gjester som Kong Olav, Kong Harald og fredsprisvinnarane Dalai Lama og Rigoberta Menchu. Men så hadde ein da heller ikkje glømt Gro Harlem Brundtland; sin innsats som miljøvernminister under Alta-kampen eller som fremste forkjempar for EU-medlemskap.
- Samer og nordmenn har gjennom generasjoner levd side om side innenfor det som i dag utgjør staten Norge, starta statsministeren, og fortsatte: - Vi er klar over at denne sameksistensen til tider har vært vanskelig, særlig for samene. I dag må alle beklage mye av det som har skjedd i tidligere tider.
På pressekonferansen etter sametingsmøtet blei Gro bede om å konkretisere ka det var regjeringa ville beklage, gjaldt det f.eks. regjeringa si behandling av Alta-utbygginga. Gro svarte da: - Jeg tenker ikke på Alta, da ville jeg ha sagt det. Jeg tenker på ting som har skjedd i tidligere tider.

Møtet i 1979

Det er 16 år siden Gro Harlem Brundtland gjennomførte et offisielt besøk i Indre Finnmark. Som miljøvernminister skulle ho i 1979 halde 1. maitale på Iešjávri, på grensepunktet mellom Kárášjohka, Guovdageaidnu og Alta kommune. Men Folkeaksjonen mot Alta-utbygginga hadde mobilisert så kraftig mot dette møtet, at det i siste lita blei omramma til den lille bygda Šuoššjávri i Kárášjohka kommune. Likevel nådde eit femtital demonstrantar fram og sa si meining til ein miljøvernminister som for anlednihga hadde kledd seg i samekofte frå Guovdageaidnu. Etter denne mislykka provokasjonen forsvann Gro raskt frå Indre Finnmark og dro heim for å planlegge politiaksjon mot Alta-demonstrantane. Sidan har ho heldt seg unna - heilt til no. Men etter at Sametinget har vore i arbeid i fem-seks år og besøkt av to kongar, to fredsprisvinnarar og ei rekke statsrådar og stortingsrepresentantar, gikk det bare ikkje lenger for regjeringssjefen å halde seg unna.
Statsministeren heldt ein tale på ein halvtime, deretter skulle ho etter programmet «følge Sametingets forhandlinger», noko ho gjorde ei ganske kort stund før ho i forsvann ut. Seinare hadde ho lukka møte med sametingsrådet og gruppeleiarane. Men sametingsrepresentantane ellers fikk ikkje høve til å stille spørsmål til statsministeren etter talen.

- Kongen bedre

Det uvanlig store oppmøtet av pressefolk fikk derimot ein halvtime til saman til å forsøke å få fram realiteten bak talen til Gro. Men ein medbrakt ordstyrar sørga for at ingen fikk komme med oppfølgingsspørsmål når statsministeren hadde vridd seg unna eit spørsmål.
- Korfor har ikkje statsministeren besøkt Sametinget før, blei det spurt.
- Regjeringen har ønsket at Kongen skulle være her. Kongene er enda bedre enn statsministeren, svarte Gro og lo.
- Som mor og bestemor, ville du ha godtatt ein læremiddelsituasjon for dine eigne som den samiske ungar har i dag?, spurte ein journalist frå den samiske avisa Min Áigi.
- KUF har nå bedt om ein plan for læremiddelutvikling. Man må vurdere en økning på dette området.
Da Klassekampen så minna om at eit forslag om ei slik auke for to månadar sidan blei stemt ned av Stortinget mot ei røyst, svara Gro at «Vi kan jo ikke få plass til alle gode forslag».

«Rimelig samsvar»

I talen sin tok statsministereren opp motstanden mot mineralleiting i Finnmark. Ho sa at det er «rimelig at det ikke gjøres nye store inngrep på Finnmarksvidda før resultatene av de to utvalgene, (Samerettsutvalet og - Bergverkslovutvalet) foreligger og er ferdig behandlet».
Derimot var ho ikkje villig å stoppe den leitinga som tre multinasjonale selskap har i gang. Det lengste regjeringa har vore villig å strekke seg her, er å gjøre Sametinget til høringsinstans ved søknadar om leiting etter ikkje-mutbare mineral.
På pressekonferansen blei ho spurt om mineralleitinga er vanskelig i forhold til ILO-konvensjonen sine krav om at urbefolkningar skal bli tatt med på råd før det blir satt gang leiting etter mineraler i områda deira. Gro svarte at ILO-konvensjonen er vanskelig å tolke, og at det ikkje bare skal vere rein i Indre Finnmark. Det er og bruk for andre næringar «i rimelig samsvar med samisk kultur».
Den nye utfordringa for Rio Tinto Zink, Ashton Mining og Monopros blir altså å drive diamant-, gull- og urangruver «i rimelig samsvar med samisk kultur».


Harde åtak frå Arbeidarpartiets gruppeleiar

Eit av dei sterkaste innlegga på tirsdagens sametingsmøte kom frå Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Steinar Pedersen, tidligare samepolitik rådgivar for regjeringa. Han gikk til åtak på dei som ikkje vil gi samane status som fullverdig medlemmar i Nordisk Råd på linje med Aland, Færøyane og Grønland.
- Det er to argument som har vore brukt mot oss, sa han. Det eine er at vi ikkje hadde representative organ. Dette kan dei ikkje bruke lenger etter at det no er etablert sameting i alle dei tre nordiske landa. No beiter det i staden at vi ikkje har eit avgrensa territorium. Dette er historieløyse sett i system, sa Pedersen, som i det sivile liv er historieforskar. - Det er ikkje samane som har skapt denne situasjonen, det er dei nordiske statane som har skapt grensene. Dette vil eg og kalle etnosentrisme, og det vrir seg i mi sosialdemokratiske sjel når eg hører slike argument, til og med brukt av partifeller. Samane har ikkje krevd ein eigen stat, men no ser det ut som vi må gjøre det dersom vi skal bli anerkjent av Nordisk Råd. Her lar ein sjansen gå frå seg til å integrere folkegrupper utan å endre grenser.

Ville ikke beklage

Pedersen holdt til ei forandring innlegget sitt på norsk, og det var tydelig retta direkte til statsministeren og følget hennar.
På direkte spørsmål, på pressekonferansen var statsministeren ikkje villig til å beklage at samane ikkje har fått meir enn observatørstatus.

Samekonvensjon

Ei av hovudsakene på denne sametingssamlinga var spørsmålet om internasjonal samekonvensjon. Det var Samekonferansen i Helsinki i 1992 som først ba om at alle dei fire landa der det bur samar skulle lage ein slik konvensjon som sikrar visse rettar for samane på tvers av landegrensene. Etter, dette vedtaket er det EU-saka som har dominert all politikk og samekonvensjonen har logge på is. Men no når Sverige og Finland har blitt EU-medlemmar, er saka kanskje meir aktuell enn før - for å sikre samane eit minimum av rettar og felles behandling på tvers av landegrensene og EU-grensa. Norske styresmakter har vore positive til dette, og Sverige og Finland har heller ikkje avvist éin Samekonvensjon i prinsippet. Derimot ser det i alle fall i første omgang ut til å vere vanskelig å få Russland med.
Fleirtalet på Sametinget ønsker å sjå Samekonvensjonen i samsvar med etableringa av ein eigen samisk region, men sserlig arbeidarpartigruppa ønsker ikkje å blande dette såman.

Sametinget treng hus

Som vanlig blei sametingssamlinga avvikla i det såkalla «Samelandssenteret» i Kárášjohka, eit turistsenter eigd av SAS. Men på møtet blei det lagt fram eit utkast til eige bygg for Sametinget både for møter og adininistrasjonen til Sametinget og Samisk Næringsråd. Eit samrøystes Sameting slutta seg til planane og ba om å få løyvingar frå staten til dette med byggestart i 1997 og innflytting januar 1999.


Til hovudsida.

sveilund@online.no