Debattinnlegg sendt finnmarksaviser 07.02.2013.

Fornorsking anno 1906 og 2013

For hundre år sidan hadde Finnmark ein skoledirektør, som var handplukka av utdanningsministeren for å fornorske samar og kvenar. Bodskapen hans var at bare norsk språk skulle hørast i skolen, at alle skulle bli heilt norske, og samisk og finsk språk og kultur skulle utryddast. Samar og kvenar hadde da allereie i ein generasjon fått oppleve at språka deira fikk stadig mindre plass i skolen og samfunnet.

Skoledirektøren tok oppgåva si svært alvorlig, og han nytta alle høve, bl.a. avisene til å forkynne sitt syn som det einaste rette. Når han møtte motstand, sette han heile sin autoritet inn på å brennemerke kritikarane, og framstille dei med dei verste skremmebilde: "Hvad mener nu forresten vore modstandere: Befinder vi os her i et norsk land eller i et slags lappisk stat?" (Skal tru om dei som no skremmer med samisk stat har studert sine historiske forgjengarar?)

Kva var det da dei som skoledirektøren omtalte som sine motstandarar hadde gjort for noko forferdelig, som gjorde at dei blei offentlig stempla som "riksfiender" og "undergravere"? Hadde dei kravd ein samisk stat? Hadde dei mant til opprør og ulydnad mot norske autoritetar? Hadde dei sagt nei til at samar og kvenar skulle lære norsk? Dei hadde ikkje gjort nokon av delane, men ein av skoledirektøren sine undersåttar, ein lærar i Nesseby, hadde blitt vald til Stortinget på eit program som blant anna inneheldt krav om at samisk språk måtte få beholde den beskjedne plassen det da hadde i kyrkje og skole. Så kravde dei at lærarskolen i Tromsø fortsatt måtte undervise i samisk og kvensk, slik at læraren kunne bruke elevane sitt språk som hjelpespråk.

Da Isak Saba i 1906 blei vald til Stortinget, blei han straks intervjua av Skolebladet om sitt syn på fornorskingspolitikken. Der seier han nokre ord som er aktuelle sjølv eit hundreår etterpå. På spørsmålet: "Er De en modstander af fornorskningen i Finnmarken?" svarar han: "Det kommer an paa hvad man mener med ordet "fornorskning". Jeg har engang spurgt en embedsmand: „Hvad er fornorskning?" Han svarte: „At finnerne lærer at snakke norsk." Til et saadant arbeide gir jeg min fuldeste tilslutning. ... Hvis det derimod med fornorskning menes at finnerne skal opgive sin nationalitet og smelte sammen med nordmændene, da er jeg ikke med lenger."

Intervjuet førte til eit hylekor utan like. Heile 12 innlegg fikk han mot seg, derav 4 frå skoledirektøren sjølv, resten frå lærarar og prestar som forsvarte fornorskinga. (Heile serien kan lesast her: http://skuvla.info/skolehist/saba06-tn.htm.)

Så tenker vi kanskje at det er jo over hundre år sidan, dette er vel ikkje aktuelt i dag. Skal tru det? Med dagens ord ville vi seie at Saba var for integrering av minoritetar i storsamfunnet, men mot assimilering. I ein kronikk nylig skreiv eg at alle i Noreg må lære norsk, men at: "Minoritetane skal integrerast, men ikkje assimilerast i det norske samfunnet. Dei må derfor oppleve at språka og kulturane deira blir sett på som ein rikdom og ikkje som eit trugsmål, og barna deira må ha rett til opplæring i sine eigne språk i norsk skole."

For denne utsegna blir eg så angrepe i eit innlegg av Jarl Hellesvik, bl.a. Ságat 31.01.2013: "Av dette trekker jeg den slutning at Lund mener at barn og barnebarn av innvandrere til Norge ikke skal tilegne seg norsk som sitt hovedspråk, og få et levesett og en livsanskuelse som er lik eller ganske så lik den øvrige befolkningen i Norge. De skal altså holde fast på det som deres foreldre eller besteforeldre hadde med seg av sedvaner osv. når de kom til Norge."

Til dette er det bare å slå fast at Hellesvik ikkje bare har overtatt meiningane til sin forgjengar Thomassen, men også evna hans til fullstendig å forvrenge meiningane til sine motdebattantar. Når eg har skrive at minoritetar skal integrerast, så meiner eg faktisk det. Innvandra minoritetar skal ha norsk som hovudspråk i skolen, men dei bør samtidig få undervisning i å lese og skrive morsmåla sine. Men dette synast å vere like vanskelig for Hellesvik å forstå som det var for skoledirektøren å forstå at Saba faktisk ønska at samane skulle lære norsk.

Møte mellom kulturar og språk er sjeldan problemfritt, og sjølvsagt påverkar vi kvarandre. Men motsetningane må løysast gjennom gjensidig respekt og ikkje gjennom einsretting der alle skal ha same språk, religion og matvanar.

Svein Lund, Guovdageaidnu


Til hovedsida.