Reportasje frå landsmøte i Norske samers riksforbund, Klassekampen juli 1986

Fram frå mørkret

Kvænangen i Nord-Troms er ikkje ein stad ein gjerne forbind med samisk husflid eller duodji. Snarare har det vore slik at kvænanngsværingane har framheva dei norske og finske tradisjonane og "glømt" at det var det samiske som dominerte likke langt tilbake i historia. Da bygdeboka "Fjordfolket i kvænangen" kom ut for eit par år sida, kom det reint hysteriske reaksjonar mot at ein der slo fast at sjølv om folket i Kvænangen var eit resultat av "tre stammers møte", så var det i all hovudsak ei samebygd.

Av SVEIN LUND, Gáivuotna (Kåfjord)

Likevel er det to kvænangsværingar som står bak når det ved NSR-landsmøtet i Kåfjord er ei salsutstilling av samisk husflid som er noko av det finaste vi har sett. Håvard Larsen og Eva Britt Varsi kjem begge frå Burfjord i Kvænangen, eller Buvrovuotna i Návuotna som det heiter på originalspråket.

Eva Britt syr vesker i skinn, som ho dekorerer med tinntrådsbroderei og innlagt kråkesølv. For det meste har ho lært seg sjølv gjennom bøker, men noko er bevart gjennom familien frå Tana.

- Men tinntråd, spør vi. Kva har det i Kvænangen å gjøre, er ikkje det bare ein sørsamisk tradisjon?
- Ja det er det mange som trur. Men det har og vore utbreidd i nordsamiske område. Men alt som heitte pynting blei jo forbode av læstadianismen, som særlig har hatt eit hardt grep om Kvænangen. Før læstadianismen var det vanlig f.eks. å bruke kråkesølv i belte og brystdukar. No er det igang arbeid med å rekonstruere den gamle kvænangenkofta, som vi håper vil komme i bruk igjen.

Håvard lagar knivskaft og slirer i horn, skinn og tre, ved sida av at han skjærer koppar og kar i trwe. Skinnet er sjølvgarva, på gamlemåten, fortel han.
Vi undrar oss om det ikkje er vanskelig å finne materiale til dette.
- Jo, ein er nøydd å vere glad i å gå i naturen, det kjem ikkje av seg sjølv.

Håvard er og for det meste sjølvlært. Mønstra i utskjæringane er ikkje spesielle for Kvænangen, men gamle nordsamiske, bl.a. henta frå gamle runebommer.
Alle varene deira er merka med kvalitetsmerket "Sámi Duodji", og at det er toppkvalitet kan ingen vere i tvil om.

Men greier dei å leve av dette? Nei, det blir verre. Dei vil jo helst det, men førebels må Eva Britt jobbe halv dag på gamleheimen som aktivitør, mens Håvard og driv med utstopping av dyr og fuglar. Det er ikkje så lett å komme seg inn på marknaden, og i Kvænangen er ikkje salet noko å skryte av. No håpar dei på "Florida-prosjektet", der norsk og samisk husflid skal marknadsførast til amerikanarane. For det er jo ikkje nok å lage fine ting og gjenopplive tradisjonane, ein skal jo gjerne ha eit levebrød og.


Til startsida

sveilund@online.no