Svein Lund:
Landsmøtet i NSR var i år prega av optimisme og tru på framtida. Etter at kampen for samiske interesser har opplevd mange nederlag, kunne ein nå oppsummere ein stor siger: Stortinget har vedtatt oppretting av Sameting vald etter dei prinsipp NSR heile tida har gått inn for: Direkte val etter samemanntall, og med bare geografiske kretsar og Ikkje eigne reindriftskretsar. NSR er og glad for at Sametinget ikkje etter loven er låst til å vere bare eit rådgivande organ, men"at det er gitt opning for utviding av myndighetsområdet. Sameloven betyr ei anerkjenning av samane som folk som dei norske styresmaktene aldri før har vore villig til. I Odelstingsproposisjonen om Sameloven blir for første gang anerkjent at "..staten har en forpliktelse til positivt å bidra til at den samiske folkegruppe har materielle forutsetninger for å dyrke sin kultur og sitt språk, samt gis innflytelse på det fysiske og økonomiske grunnlaget for sin kulturform." Det blir og slått fast at samane har rettar etter internasjonal folkerett. Med andre ord kan ikkje lenger den norske staten ture fram som dei vil i samiske område.
Dette sett dei samiske organisasjonane i ein heilt ny situasjon. NSR-landsmøtet blei-derfor prega av nytenking og lansering av idear og spørsmål, meir enn forsøk på å trekke bastante konklusjonar. Mens arbeidet dei siste åra har vore mye konsentrert om Samerettsutvalet ogpåvirkingav sentrale styresmakter, går NSR nå inn i ein fase som blir meir prega av utadretta arbeid og som stiller større krav til aktive medlemmar. Den første oppgava blei av ein talar med ei bibelsk formulering sagt slik: - Og det utgikk et bud fra NSRs landsmøte at alle samer skulle innskrives i manntall. Men dette krev mye informasjon, og alt til høsten vil NSR sine lokallag (sámiid searvvit) starte ei landsomfattande - runde med opne møter, samtidig som ein stiller krav til Statens Informasjonstjeneste om å gjøre Sameloven kjent for alle som har retta skrive segihn i samemanntallet.
Kem vil så stille lister til eit Sameting9 Vil det bli dei norske politiske partia, dei samiske organisasjonane eller vil vi få eigne samiske politiske parti? Sidan det ikkje trengs meir enn 15 underskrifter for å stille ei liste vil mye kunne skje. Det største spørsmålet var: Skal NSR sjølv stille lister til Sametinget. Ole Henrik Magga, som holdt innleiing om dette, var skeptisk. Noko avklaring kom det ikkje til, det vil bli vidare diskutert i lokallaga fram til neste landsmøte.
Oppe i jubelen over Sametinget har ikkje NSR glømt organisasjonen sitt langsiktige mål: ei anerkjenning av samane sin rett til land og vatn i dei samiske områda. Samerettsutvalet jobbar nå med delinnstilling 2, om retten til jorda i Finnmark, og seinare vil innstilling 3 komme om rettsgrunnlaget i andre samiske område i Norge. Men dette kan ta tid. Den nyutnemnte formannen i Samerettsutvalet var ikkje villig å gi noko antydning om når neste utreiing kunne, vere ferdig. I mellomtida vil NSR arbeide med å avklare sitt eige syn på rettighetsspørsmål og vere med å trekke fram historisk materiale på bruk av samiske område. Rett før landsmøtet blei det arrangert eit 2-dagars seminar om rettigheitsspørsmål, som særlig tok opp sørsamiske område og Nordre Nordland / Troms. Samtidig må NSR heile tida sloss mot nye inngrep i samiske område. Trass i løfte frå regjeringa om at det ikkje skulle skje nye inngrep før Samerettsutvalet var ferdig, skjer dette stadig, og landsmøtet protesterte bl.a. mot at mineralleiting foregår på Finnmarksvidda utan at samiske organ blir informert om ka som foregår.
Før landsmøtet blei det frå fleire hald jobba iherdig for å finne ein motkandidat til Ragnhild Nystad som har leia NSR dei siste 2 åra. På leiarplass i Sámi Áigi krevde redaktør Bjarne Store Jakobsen at leiaren blei skifta ut, og på møtet gikk han og ut med hard kritikk og sa at NSR-styret må ville ta æra for Sameloven, mens det som pressa gjennom Samerettsutvalet var sultestreikane foran Stortinget. Men trass i hard kritikk greidde ikkje den sprikande opposisjonen å finne nokon motkandidat som var villig å stille. Dermed blei Ragnhild Nystad som sist blei vald med knapt fleirtal gjenvald for 2 nye år som leiar med 72 stemmer, mens 18 stemte blankt, I NSR-styret sitter nå ellers Else Grete Rasmussen, Nora Bransfjell, Steinar Pedersen, Nils Thomas Utsi, Inga Porsanger, og Øyvind Mikalsen. Klassekampen kjem tilbake med meir stoff frå NSR- landsmøtet.
Til startsida