Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 1 - 1978.
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.

Denne artikkelen på samisk

. Svein Lund:

Halkavarre skytefelt i Porsanger: Militæret ødelegger reinbeiteområder

Sameland ligg midt i skotfeltet mellom NATO og Warszawapakta. Den stadig aukande opprustinga har ført til at større og større områder blir tatt frå reindriftssamane for å brukas til militære føremål. Halkavarre skytefelt i Porsanger er eit av dei største områda militæret har tatt. Men dette er og eit viktig reinbeiteområde. Ein av dei som driv med rein her er Lars Gaup frå Lakselv, og vi har besøkt han for å here korleis han har merka «Forsvaret» sin innsats.

SKARPSKYTING I BEITEOMRÅDET

— Jo, dei har sperra av heile området, ser du. Når eg skal dra og sjå til reinen, må eg gjennom porten på Porsangermoen. Dei skyt med skarpt med stridsvogn og granatkastarar. Det er klart al det skremmer reinen. Særleg ille er det i kalvingstida. Dei gamle kalvingsplassane våre er blitt heilt øydelagt, og vi har vore nøydd til å flytte til dårlegare plassar. Men fortsatt så blir reinen skremt av skytinga, og det gjør at simlene kastar kalven.
Slaktegjerdet vårt er midt i nedslagsfeltet for stridsvogner og tungt artilleri i Halkavarre. Kvar haust får vi 3 døgn for merking og slakting. Det er alt for lite. I haust var det ekstra ille. Det var så dårleg vær at vi bare fikk jobba i l 1/2 døgn. Vi rakk ikkje bli ferdig, men måtte bare dra av gårde med reinen igjen. Og når militæret har øvingar ryddar dei ikkje skikkeleg etter seg. Det har ført til at rein har satt horna fast i telefonledningar og skrot som ligg igjen.

— Er de mange som har rein i dette området?
— Ja, vi er nå 4 familiar som har reinen vår her nesten hele året. I tillegg er det fleire familiar som flyttar gjennom her haust og vår. Men vi var fleire her før. På grunn av at militæret har gjort forholda så vanskelege for reindrifta så er det fleire som har vore nøydde å slutte.

— Korleis går det med dei som må slutte?
— Fleire familiar har flytta til Nordland og driv nå med rein der. Men det blir jo trangt om plassen der og etter kvart, og nå kan dei ikkje ta imot stort fleire.

FØRT BAK LYSET

Lars Gaup fortel om korleis reindriftssamane blei ført bak lyset då militæret tok dette området til skytefelt:
— Dei byrja ferst i 50-åra med eit ganske lite område rundt leiren, så har dei utvida år for år. Da dei tok Halkavarre visste ingen av oss om det før dei hadde tatt det. Plutseleg hadde dei tatt kalvingsplassane våre til skytefelt, og vi måtte bare flytte. Reinen forsvant til alle kantar, det blei masse ekstraarbeid med gjeting. Når reinen er der han er vant til å vere, held han seg samla og i ro. Men når han blir jaga andre stader så er det mye verre å holde han samla.
Du veit det er lett å narre folk. Reindriftssamane har lite skolar, mange kan dårleg norsk, og ein får ikkje tolk.

NYE SKYTEFELT

— Vi har hørt ut skytefeltet skal utvidast enda meir.
— Ja, nær Halkavarre skal dei utvide med eit ganske stort område, til Vašjoknjunnas. Og nå har kommunestyret i Porsanger avgjort at forsvaret skal få bruke Brennelvmyra til skytefelt. Det heiter at dei får det for tre år. men da er det avgjort. Da får dei det for bestandig. Dette går ut over heile lokalbefolkninga. Brennelvmyra er den beste moltemyra i heile Lakselvområdet. Det vil gå ut over beiteområdet for både bufe og rein. I Brennelv er det stor motstand mot dette skytefeltet, men alt sånt blir jo avgjort langt over hovudet på dei som blir ramma.

— Korleis ser du på framtida for reindrifta heromkring?
— Det er heilt avhengig av om forsvaret får fortsette å ture fram som dei vil. Om vi ikkje kan bruke det området som no er skytefelt, blir vi tvunge inn på området til andre. Da blir reinflokkane blanda saman, i tillegg til at beitet blir altfor knapt. Nei. for ungdommen som veks opp her nyttar det ikkje å satse på reindrift. Og om forsvaret bare fortsetter å utvide må vel snart bøndane her slutte med bufe og.


Til startsida

sveilund@online.no