Debatten om samiske spørsmål i avisene har no kjørt seg fullstendig fast og vi sit i kvar våre skyttargraver og skyt med resirkulert ammunisjon. Når ein no i staden for å forsøke å løyse problema byrjar å omtale dei ein er usamde med som fiendar, gjør det bare saka enno verre.
Eg må derfor få gratulere så mye med denne setninga i innlegget ditt. No har du i mange år fora finnmarksaviser og diverse debattfora på papir og internett med så godt som daglige innlegg, og eg vil anslå at omlag 90 % av desse dei siste 6-7 åra har handla om det samiske i ei eller anna form. Og i alle innlegga eg har lest før dette, har innhaldet vore noko negativt om Sametinget, Finnmarkslova, samiske organisasjonar, samiske forskarar, samisk språk osv. Du har tillatt deg å overprøve andre sin identitet, bl.a. med å hevde at den som er fornorska ikkje kan vere same. Ikkje ein einaste gong har eg sett tidligare at du har framstilt noko samisk som positivt og verdt å ta vare på. Heller ikkje har eg sett nokon gong at du har tatt avstand frå dei verste anti-samiske og rasistiske ytringane i debatten. Derfor er den setninga du skreiv no eit stort framsteg, og eg vonar at du vil følge denne opp med å fortelle meg og andre avislesarar:
- Korleis meiner du samisk språk og kultur skal få støtte?
- Kva gjør du og din organisasjon EDL for å styrke samisk språk og kultur?
Når du har gjort det, skal eg love å gjøre mitt til å løyse opp frontane, nemlig å skrive ein kronikk om kva eg meiner er galt med Sametinget, Finnmarkslova, Finnmarkseigedommen og regjeringa sin samepolitikk.
Svein Lund