Artikkel i Klassekampen, 10.08.1989

GLASNOST FOR SOVJET-SAMANE

- No kan vi snakke om problema våre, det kunne vi ikkje gjøre før. Glasnost har gjort at eg kan komme hit og treffe nordiske samar.

Av SVEIN LUND, LEAVDNJA (LAKSELV)

Det seier Eduard Aleksandrovitsj Julin til Klassekampen. Han representerte Kola-samane på den nordiske samekonferansen i Lakselv. Dette var den 14. samekonferansen, bare ein gong tidligare har dei sovjetiske samane vore representert. Det var i Ohcajohkka (Utsjoki) på finsk side for seks år sidan.

Reindrift-sovchos

Julin kjem frå Sosnovka, ein liten landsby med om lag hundre Innbyggarar på austkysten av Kola. Halvparten av dei er samar, fortel han, resten er komar, nentsar og russarar. Hovudnæringane er reindrift og fiske, som blir drive som sovchos (statsbruk).
Det er ein forsiktig og reservert representant for sovjetsamane vi møter. Da vi gjør avtale om intervju, ber han om å få spørsmåla skriftleg.
- Kan samane på Kola nå bli medlem av Nordisk Sameråd på linje med samane i Norge, Sverige og Finland?
- Eg er bare sendt hit som observatør. Når eg kjem heim vil eg fortelle kva som har foregått her. Noko meir har eg ikkje fullmakt til å seie no.

Ingen særrettar

I talen sin til samekonferansen snakka Julin om samane som urbefolkning på Kola. Frå sovjetisk side er det nye tonar å bruke slike ord. Vi spør derfor om Sovjetunionen no har anerkjent nokre særskilde rettar for samane som urbefolkning.
- Det er vanskeleg med særskilde rettar hos oss, fordi vi har ei mengde nasjonalitetar på Kola. Eg trur ikkje det vil vere naudsynt å ha særskilde rettar for samar eller andre nasjonalitetar.
- Korleis står det til med det samiske språket i Sosnovka?
- Det går mest på russisk, seier Julin, som innrømmer at han sjølv bare snakkar russisk. I heimane pratar ein del samisk, tilsvarande gjeld nentsar og komar. Sidan 1982 har vi hatt samiskundervisning i grunnskolen, men vi har ingen samisk litteratur hos oss.
- Trur du på ei framtid for det samiske språket på Kola?
- Det er svært vanskeleg å seie. Det kjem no meir inn i skolane, men det er vanskeleg å halde på språket fordi så mange nasjonalitetar bur saman.

Glasnost

- Ka har endringane i sovjetisk politikk, glasnost og perestrojka betydd for samane ?
- Glasnost har gjort at eg kunne komme hit. Og at nordiske samar nyleg kunne besøke Lujavri. For oss betyr glasnost at vi no kan snakke om problema våre, vi treng ikkje skjule dei lenger. Vi kan uttrykke dei og forsøke å finne løysingar. Men alt avheng av Moskva.
- Dei siste par åra har vi opplevd store endringar i livet vårt. Vi opplever no at vi kan påvirke det som skjer. For eksempel var det planlagt eit stort slakteri i Lujavri. Men folk protesterte fordi det ville føre til forureining og lukt i byen. Derfor blei det bestemt å bygge det ein annan stad.

Flytte tilbake?

- I 60- og 70-åra flytta mange samar inn til Lujavri. Kvifor skjedde det ?
- Små landsbyar blei rekna for ikkje å ha noka framtid, dei ga ikkje nok profitt. Det blei derfor avgjort å flytte folk til større sentra. Seinare har mange ønska å dra tilbake til heimstadane sine og bygge dei opp igjen. Men før perestrojkaen kom var det ikkje mogleg å snakke om dette. Dette er nå under diskusjon, og mange håper dei vil få lov å flytte tilbake.
- Vi har høyrt om store planar om ei ny bølge av industrialisering på Kola, det såkalla «Kola- prosjektet" Blant anna er det planar om å bygge ut ny vasskraft. Korleis vil det virke inn på reindrifta og samane sitt liv?
- Folk har blitt lova at kraftverka vil bli bygd på ein slik måte at det ikkje vil påvirke det økologiske systemet. Men sjølvsagt er reingjetarane bekymra.
- Den samiske befolkninga har gått ned i Lujávri dei siste åra. Kva er grunnen til det?
- Den viktigaste grunnen er blandingsekteskap. Og så får samane langt færre ungar enn tidilgare.

Til startsida

sveilund@online.no