Artikkel i Klassekampen 10.oktober 1989

Gjester ved kongens bord

"In dieđe, dat orru gal nu, dál leat guossis Gonagasa beavddis".
"Eg veit ikkje, det synas som om vi er gjester ved kongens bord", syng Mari Boine Persen i songen "Ánuheapmi", om korleis samane må tigge dei norske styresmaktene om sine eigne landområde, sine eigne elver og vatn. Men kampen for retten til Alta-Guovdageaidnoeatnu førte til at det i dag er kongen som er samane sin gjest.

Av SVEIN LUND, Kárášjohka

Koftekledde og med norske(!) flagg står barnehageungane i første rekke blant dei mange hundre som er møtt opp ved kulturhuset i Kárášjokha for å ønske Kongen velkommen. Så kjem to helikopter inn over åsen i nord, og det eine går inn for landing og virvlar opp ein veritabel sandstorm over nyvaska kofter og fotoapparat. Presis klokka 12.00 blir døra opna og Hans Majestet Kong Olav V av Norge set foten på samisk jord for å opne det Norske Sametinget.

For ein del av oss som står der går tankane 8-10 år bakover i tida, da vi og hadde helikopter like over hovudet. Da kjempa nokre tusen i Alta for samane sin rett, og nokre satte seg ned foran Stortinget og sultestreika til staten sette ned elt utval for å vurdere samane sin rett til land og vatn. Sametinget er det første konkrete resultatet av Samerettsutvalet sitt arbeid. I dag er politiet igjen mannsterkt ute, men i noko anna ærend. Både dei med og dei utan uniform har vore tilstades i god tid, sjølv om ryktene om aksjonar ser ut til å ha oppstått i redaksjonane i lokalavisene Finnmark Dagblad og Ságat.

Her er nok av paradoks. Når Kongen kjem inn, blir kongesangen sunge på norsk og samisk. Den samiske nasjonalsangen derimot er ikkje med i programmet. Slik blir opninga på Sametinget ikkje bare ei markering av eit skritt i retning av samisk sjølvstyre, men og ei markering av at denne delen av Sápmi (Sameland) hører inn under kongeriket Norge.

Prologen til opninga er skreve av Magnar Mikkelsen. Med titelen Ved bredden av mulighetenes hav markerer han at Sametinget bare er ein start på ei mogleg utvikling som ingen i dag kan seie kor langt vil gå.

Så kjem Kong Olav fram og held den offisielle opningstalen og ber Gud signe Sametinget si gjerning. Og når Ingor Ánte Áilu og Ánte Mihkkal Gaup har joika sine eigenkomponerte sametingsjoikar, er det tid for helsingar.

Den første helsinga er eit telegram frå den nyskipa organisasjonen til samane på Kola.

Leiar for Nordisk Sameråd, Leif Halonen, fann det på sin plass å minne forsamlinga om at samane er eitt folk, at riksgrensene ikkje skal hindre det samiske fellesskapet, og at samene har rett til land og vatn i samiske område.

Så var det etter tur helsing frå alle del samiske organisasjonane på norsk side; NRL, NSR, BES OG SLF. Alle ønska dei både Sametinget og Kongen velkommen, men med noko forskjellig vekt på ka som var det viktigaste.

SLF sin leiar, den kjente Fremskrittsparti-politikar Hans Eriksen, har lenge iherdig bekjempa opprettinga av Sametinget. Men når Kongen kom, endra jo det saka, og dermed holdt han ein flammande prediken om at tilstedeværelsen av vår folkekjære Konge meir enn noko anna syner at samane er ein del av kongeriket Norge, og at det samiske folk er en del av det norske folk.

Til sist sang Mari Bolne Persen og tileigna sangen til dei sju samane som for ti år sidan satt ned foran Stortinget. Utan dei hadde det knapt vore noko Sameting i dag. Men dei var ikkje invitert til opninga.


Meir om opninga av Sametinget

Tilbake til Ugras - Vevstaden til Svein Lund

sveilund@online.no