Debattinnlegg sendt Klassekampen 07.02.2013.
Bare den siste tredelen av innlegget er inntatt i avisa 12.02.2013.

Giron – Tomrom og utopi?

"Före förra sekelskiftet var Giron- og Luossavárriområdet gábnasamernas vår- och höstbetesland. När gruvdriften kom igång och Ofotenbanan drogs fram, skars detta betesland mitt itu av järnvägen och staden – möjligheterna att bedriva renskötsel där omintetgjordes." Slik startar eit kapittel i 2-bindsverket Kiruna – 100årsboken.

Byen Kiruna er bygd på fordriving av dei som brukte landet. No skal byen flyttast, og enno meir reinbeiteområde vil bli berørt. Statseigde LKAB har tatt inn enorme pengar gjennom eit hundreår. I 2013 står Rio Tinto, Anglo American Exploration og Scandinavian Resources i startgropa for å starte gruver etter jern og andre mineralar i Kiruna-området. I hundre år har reindrifta måtta vike, men no har dei sagt stopp, og samarbeider med ei rekke organisasjonar og institusjonar for å stoppe dei nye gruveplanane. I november 2012 demonstrerte 500 aktivistar frå heile Sverige mot gruveekspansjonen. Dette har gitt store oppslag i svenske aviser, i Klassekampen har det vore taust.

Men sjå, 31.01.2013 kjem avisa med to heile sider om Kiruna. Vad bra, som svensken seier. Så får vi vel lese om korleis gruvene raserer naturen og den samiske reindrifta i Kiruna-området, om korleis samiske samfunn gjennom gruvedrifta har blitt slukt opp av storsamfunnet og det samiske redusert til turistattraksjon, så lenge som dei finn plass igjen til nokre få rein mellom gruvene?

Eg kasta meg over artikkelen. Han var skrive av den kjente forfattaren Kjartan Fløgstad, noko som skulle borge for kvalitet. Jo, det som sto der var greitt og interessant nok, om gruvearbeidarar som etter tapte streikar søkte lukka i Sør-Amerika, om 2. verdskrigen og gruvestreiken i 1970 før ein kom til dagens planar for byflytting. Men kor var folket som levde i Kiruna-området før gruvedrifta, og som framleis er der. Kor var dagens trugsmål mot reindrifta?

Fløgstad skriv: "I starten heitte staden Luossavaara, men skifte namn fordi Kiruna var lettare å seie." Lettare for kven? Han nemner ikkje kva språk dette er? Svensk kan det vel ikkje vere? I dei nordligaste kommunane i Sverige finst det knapt andre heilt svensk namn enn Malmberget og Masugnsbyn. Før gruvene kom, var det samisk og tornedalsfinsk (meänkieli) som rådde. I Nord-Sverige er store delar av dei namna som har hamna på karta ei forfinsking av samiske namn, som i dette tilfellet Luossavárri og Gironvárri.

I dag undergrev gruva gruvebyen Kiruna. Samtidig undergrev gruveselskapa reindrifta og grunnlaget for samisk næring, kultur og språk. Kiruna-artikkelen er eit av mange eksempel på at draumen om at Klassekampen skal klare å sjå det samiske i Sápmi – han synest fortsatt å vere ein utopi.

Svein Lund, Guovdageaidnu


Til hovedsida.