Språkskiftet frå samisk til norsk var fullt frivillig
Grunnlaget hans for denne påstanden er historia til hans eigen familie. Foreldre- og besteforeldregenerasjonen valde å bare lære barna norsk, "fordi de anså det å snakke samisk som ikke framtidsrettet." Nettopp. Kvifor såg dei ikkje samisk som framtidsretta? Var det ein ide dei hadde kome på av seg sjølv? Hadde det ingen samanheng med at samisk språk på den tida var forbode i skolen, at det omtrent ikkje var utgitt trykksaker på samisk på fleire tiår, at offentlige styresmakter i mange år hadde spreidd ei framstilling av samisk som noko mindreverdig?
Påstanden min om at språkskiftet var "frivillig" tvang bygger for det første på den allmenne negative haldninga til samisk språk og kultur som har gjennomsyra samfunnet fram til langt ut i etterkrigstida, og som framleis heng igjen i mange miljø. Denne haldninga blei spreidd av styresmakter sentralt og lokalt og prega både lovverk og statsforvaltning på mange område. Denne har ikkje alltid kome til uttrykk i klartekst, men vel så ofte gjennom at det samiske har blitt fullstendig oversett og utelatt.
For det andre bygger eg påstanden på innsamla materiale om samisk skolehistorie, både fra arkiv og forteljingar av tidligare elevar. Det er ei rekke forteljingar om at lærarar har forsøkt å påvirke samisktalandeforeldre til å snakke norsk til barna. Andre fortel at samisktalande barn blei nekta å snakke samisk på skolen, og etter det ville dei ikkje snakke samisk når dei kom heim igjen. Det at samisktalande foreldre har "vald" å snakke norsk til ungane sine er eit fenomen som har skjedd over størstedelen av området der det har budd samar. Når dei har blitt spurt kvifor dei "valde" slik, er eit svært vanlig svar: "Vi ville ikkje at barna skulle få det så vondt som vi hadde hatt det på skolen." Og kvifor hadde dei det vondt? Fordi dei hadde lært "feil" språk heime, eller fordi språket deira var undertrykt i skolen og samfunnet?
Ingen blei nekta å snakke samisk på internata
JH har i si skoletid på 1950-60-talet ikkje opplevd at nokon blei nekta å snakke samisk seg i mellom. Beviser det at dette aldri skjedde? For det første snakka han sjølv bare norsk, og opplevde derfor ikkje direkte kva samisktalande elevar gjorde. For det andre var situasjonen forskjellig på forskjellige internat og til forskjellige tider. Frå Kvalsund kommune veit vi at så seint som på 1960-talet, da det bare var 3 samisktalande elevar igjen i kommunen, fikk desse kjeft for å snakke samisk med kvarandre på internatet. Forteljingane om at elevar har fått både tilsnakking og straff for å snakke samisk på skolar og internat er for mange til at ein kan avfeie dei uf frå at ein norsktalande elev har vore på 4 (av omlag 50) internat utan å høre det med eigne øyre.
Fornorskinga blei satt igang pga. kvenane, ikkje pga. samane
Det første perioden med fornorsking av samar kom rundt 1730, på ei tid da det enno var minimalt med kvenar i Nord-Noreg. Finnefondet, som blei oppretta for fornorsking av samar i 1851 blei først fleire år etter utvida også til å gjelde kvenar. JH skriv: "Bevisene på at det var finnene de først og fremst tenkte på, når de satte i gang med fornorskingen for fullt, finnes i det forholdet at det er i de områdene hvor den finske innvandringen er størst, at de først bygger kirkene, statsinternatene og veiene. Senere kommer lignende utbygginger i de samiske kjerneområdene." Men kyrkjebygginga var stort sett gjennomført før den kvenske innvandringa tok til for fullt. Dei første statsinternata blei bygd omtrent samtidig i Sør-Varanger og Kautokeino. Det viser at ein først på 1900-talet prioriterte fornorsking av samar og kvenar like sterkt.
Den finske/kvenske befolkningen er 100 prosent assimilert inn i den norske befolkningen.
Dersom dette hadde vore tilfelle, hadde vi da hatt ei kvenforening, eit kventun, eit kvensk institutt og over 600 grunnskoleelevar i Finnmark som har vald finsk som andrespråk?
"Svein Lund maler ut samenes lidelseshistorie med brei og svart pensel."
I ein kronikk er det avgrensa plass. Dersom JH eller andre lesarar vil ha eit meir nyansert og dokumentert bilde av fornorskings- og skolehistoria, viser eg til verket Samisk skolehistorie, http://skuvla.info. Der kjem også fornorskarane til orde, og EDL og andre fornorskingsforsvararar er velkomne til å bidra med sitt syn i komande bind.
Hensikta mi med å framstille "samenes lidelseshistorie" er bare å berede grunnen for nye sjåvinistiske krav frå Sametinget.
Fornorskingshistoria står trygt på eigne bein, og treng ikkje legitimerast av andre formål enn å finne ut og forstå kva som har skjedd. Men med denne påstanden bekreftar JH kvifor det er så viktig for EDL å forfalske fornorskingshistoria: Dei meiner det er naudsynt for å tilbakevise noverande og framtidige krav frå Sametinget. I sanning eit godt grunnlag for objektive historiestudier.
Svein Lund