Debattinnlegg sendt aviser i Finnmark 14.08.1997.

"Fred og fordragelighet"?

Samar, kvenar og nordmenn har levd i fred og fordrageligheit i alle år, inntil samane no har begynt å stille krav. Denne framstillinga av historia får vi stadig frå "Nei til Sameland" og andre motstandere av samiske rettar, sist servert av Bjørn S. Odden på vegne av partiet med det sterkt misvisande namnet Fremskrittspartiet i finnmarksavisene siste veka.

Liknande framstillingar kan vi finne frå herskande folkeslag og klassar over heile verda.
* Dei kvite og svarte i USA levde i fred og fordrageligheit heilt til dei svarte byrja å kreve borgarrettar på linje med dei kvite.
* Arbeidarar og arbeidsgivarar levde i fred og fordrageligheit heilt til arbeidarane byrja å organisere fagforeningar.
* Kvinner og menn levde i fred og fordrageligheit heilt til kvinnene kravde stemmerett, lik rett til arbeid og utdanning og likelønn og pensjon.

Mange i Finnmark kjenner lite til historia. Det er ille, for da er det mye vanskeligare å forstå det som skjer i dag. Nokre ønsker at vi skal glømme historia, og seier det rett ut. Det er enno verre, for historia blir liggande som eit ope sår som ikkje gror før uretten er retta opp. Men dei aller verste er FrP-arane, som forsvarer fornorskingspolitikken og kallar denne for fred og fordrageligheit.
Her er bare plass til nokre få eksempel:
* "Disse unyttige og skadelige omløbende lapper er det just som man ønsker å få ryddet av landet.. Denne forjagelsen kan ikke skje på annen eller bekvemmere måte enn at deres gammer eller torvhytter blir nedrevne og oppbrendte." Så sa Amtmann Knagenhjelm i 1776.
* Kautokeino-opprøret i 1852 der to samar blei henretta og fleire døydde i fangenskap.
* Jordloven av 1902 sa at jord bare skulle selgas til dei som nytta det norske språket i daglig bruk. Samar og kvenar skulle altså bare få eige den jorda dei dyrka om dei ga opp sitt eige språk
* Forbod mot samisk og kvensk i skolen i nesten 100 år.
* Altakampen, der store politistyrker og forsvaret blei brukt for å gjennomføre neddemminga mot lokalbefolkninga sitt ønske.
* Stadige kampar så seint som på 90-tallet om retten til undervisning i samisk og finsk/kvensk.
* Og ikkje minst ein rasisme i dagliglivet som dei fleste samar har fått oppleve på kroppen, særlig på kysten. Som har ført til at tusenvis av finnmarkingar har kjøpt seg "fred" gjennom å fornekte seg sjølv og bakgrunnen sin.
* Kvenar blei overvåka etter krigen som unasjonale og moglege agentar for Finland
**** (lista kunne vore uendelig mye lenger)

Er dette ei historie om fred og fordrageligheit? For kem?

FrP blei starta som Anders Langes parti, med ein partieigar som var erklært tilhengar av apartheidstyret i Sør-Afrika. Dagens FrP tar vare på tradisjonane, men no er det samar og innvandrarar frå "framandkulturelle" land som er ofra.
 
FrP og deira likesinna seier dei vil ha like rettar. Dette er rett og slett ikkje sant. Dei ønsker ikkje at retten til å lære samisk skal vere likestilt med retten til å lære norsk. Dei ønsker ikkje at samisk kultur skal ha like gode vilkår som norsk kultur. Dei ønsker at samar bare skal ha like rettar som nordmenn om dei gir opp det samiske.

Når det er konfliktar mellom folkeslag er det tre måtar å få fred på.
Den eine er å utrydde det folkeslaget som har minst makt eller våpen, slik europeiske kolonialistar langt på veg klarte i Amerika og Australia og nazistane mot jødane og sigøynarane. Nazistane hadde planar om å sterilisere samane og norske styresmakter gjorde det med tatarane.
Den andre er å nekte dei eigen kultur og språk og tvinge dei å gå opp i majoritetsbefolkninga, slik store delar av samane og mange andre folkeslag har "forsvunne". Men skal det bli fred slik må undertrykkinga vere så beinhard at ingen tør å reise seg.
Det tredje er å gi alle folkeslag lik rett til å vere seg sjølv, språklig, kulturelt og med eit vern om næringane sine som gjør at dei ikkje blir overkjørt av kapitalsterke selskap på jakt etter kortsiktig profitt.

Ønsker vi krig eller fred? Og ka slags fred ønsker vi?

Svein Lund
 
 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no