Debattinnlegg i Klassekampen, 07.08.1988

Samisk framtid - for kem?

18.8. Skreiv Heaika Skum ein kronikk under titelen «Har vi samer noen framtid?». Her går han til kraftig angrep mot kravet om å redusere reintallet, og framstiller det som om alle som påstår at det er for mye rein er ute etter å knekke livsgrunnlaget for det samiske folket. «Ingen utenforstående skjønner at reindrifta for oss samer er en vesentlig del av vår livsstil og kultur, og også en næring som gir både mat og klær til flere enn bare den samiske befolkning», skriv han, og fortsetter: «Det påstås at reindrifta skader naturen, men man må jo spørre seg om rein som er født i naturen og lever av naturen ødelegger sitt eget spiskammer. Det er bare utenforstående som kan komme med slike utopiske utsagn.»

Blant dei «utenforstående» finnes det mange som ønsker å knekke både reindrifta og samisk livsstil og kultur. Det er nødvendig å forsvare reindrifta mot inngrep frå storsamfunnet, både fordi den er ein viktig kulturbærar og fordi den er livsgrunnlaget for ein stor del av det samiske folket. Men det kan ikkje bety at vi einsidig skal ta reindrifta sitt parti i nasringskonfliktar med jordbruket, eller at vi skal lukke auga for del problema elt for høgt reintal fører til, både for naturen, jordbruket og for reindrifta sjølv.

Når reintalet i Finnmark er meir enn tredobla på 30-40 år, og slaktevekta på reinen i visse distrikt er nede på det halve av det sørsamiske område har, må noko vere galt. Mange reineigarer har og uttrykt bekymring for at det kan ende med katastrofe. Men Heaika Skum avviser både at det er for mye rein og at det kan bli det, etter som reinen er eit naturdyr og samane eit naturfolk.

Sjølv om eg hører til dei som i utgangspunktet er fradømt all kunnskap og forståing, vil eg driste meg til å påstå at konsekvensen av Heaika si linje blir auka motsetningar mellom ulike samiske næringsgrupper, og mellom folkegruppene i Sapmi. Eg vil og stille spørreteikn ved om fleirtalet av reindriftssamane er tjent med å ha høgast mogleg reintal.

«Kystsamene blir satt opp mot reindriftssamene», skriv Heaika. Det er ingen tvil om at den norske staten har ført ein splitt-og-herskpolitikk for å knekke den samiske nasjonen. Eit av midla har vore å bare anerkjenne reindrifta som samisk næring, ikkje jordbruk, fiske og kombinasjonsnæringar. Leiaren i NRL har gjort det samme med å påstå at reindrifta har den sterkaste rett til areala i dei samiske områda. Med sine krav om særrettar for reindriftssamar, bl.a. ved val til Sametinget, har NRL-leiinga greidd å auke motsetningane innafor det samiske folket. Bl.a. har dei langt på veg øydelagt det tidligare gode samarbeidet med Norske Samers Riksforbund.

Når samiske småbrukarar klagar over at reinen strømmer inn på jorda deira, er dei da «utenforstående» som ikkje har rett til å uttale seg, eller forsvarer dei sine legitime interesser som brukarar av jorda i Sápmi? Knapt 10 prosent av samane i Norge lever i dag av reindrift. Om samiske interesser blir redusert til interessene til reindrifta, er eg redd svaret blir negativt på spørsmålet om samane har ei framtid.

I Heaika Skum si analyse er det snakk om reindrifta som ei næring med bare felles interesser. Men er det så enkelt? Begge reindriftsorganisasjonane er leia av nokre av del største reineigarane. Det er familiar med fleire tusen rein som lever godt, mens andre med nokre få hundre står på kanten til å måtte gi opp.

Ein konkret diskusjon om styring med reintallet vil derfor få eit klasseinnhald. Kem skal skjære ned, kem skal eventuelt få auke talet om det i nokre område måtte vere rom for det? Ei nedskjæring som fordelas likt på alle vil presse dei minste reineigarane ut. Det vil bare dei største tjene på. AKP og RV skal ta standpunkt for samane sin rett til land og vatn. Men samtidig må vi ta klassestandpunkt til konfliktår innafor det samiske samfunnet. Når det gjeld konfliktår mellom næringar må utgangspunktet i vere at alle samiske næringar har ein likeverdig rett til utnytting av naturen, utan særstilling for reindrifta. Det vil seie at heile det samiske folket skal avgjøre reindrifta si stilling. Reindriftsadministrasjonen bør bli lagt under Sametinget.

I Sápmi bur i dag fleire folkeslag. Om vi tar heile det gamle Sameland som på norsk side omfatta det meste av Nord-Norge og delar av Trøndelag og Hedmark, er det i dag eit godt fleirtal av nordmenn. Sjølv om vi anerkjenner samane som urbefolkning her, har den norske busettinga røtter her på fleire hundre til over tusen år. I samband med diskusjonen om samiske rettar må ein og avklare ka for rettar den ikkje-samiske befolkninga har i dette området.

I dag er nesten heile Nord-Norge ramma av ei fråflyttlngsbølge som i første rekke skyldas rovdrifta på fiskeressursane, men og nedlegging av einsidige industristader, det kommunale inntektssystemet, jordbrukspolitikken m. m. Denne råkar både den samiske og den norske befolkninga. Men del indre etniske og næringsmessige motsetningane i Nord-Norge/Sápmi har i stor grad bidratt til å hindre ein effektiv samla forsvarskamp. Her ligg den store utfordringa til oss kommunistar: Å utvikle ein samla politikk for å sameine samar og nordmenn til kamp mot distriktsraseringa.

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no