Innlegg sendt aviser 09.06.2020, revidert 10.06.2020.

Inga forsoning!

For 3 år sidan oppretta Stortinget, mot dei daverande regjeringspartia sine røyster, «Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinner», med kortnamnet «sannhets- og forsoningskommisjonen». Eg er ein av dei mange som ønska ein slik kommisjon velkomen, og som redaksjonsmedlem i "Samisk skolehistorie" var eg med å legge noko av grunnlaget for kommisjonen sitt arbeid. All ære til medlemmane av kommisjonen og sekretariatet, som sikkert gjør ein samvetsfull jobb med å samle informasjon om korleis den norske staten i langt over hundre år gjorde det han kunne for at samane skulle forsvinne som folk. Hadde det ikkje vore samar som gjorde motstand, og ikkje bare lydig følgde styresmaktene sine påbod og ønsker, så hadde ingen lenger snakka samisk i Noreg og ingen hadde praktisert noka form for samisk kultur.

Kommisjonen skal kartlegge verknadar og etterverknadar av fornorskinga og så foreslå tiltak som bidrar til forsoning. Det som ikkje er riktig klart er kven som skal forsonast med kven eller kva? Er det kanskje samane som skal "forsone seg med sin skjebne"?

I løpet av siste året er det sett opp 80 vindturbiner på Storheia, vinterbeitet til reinen i Åerjel-Fovsen sijte. Dette skjedde trass i at reindriftssamene der har motsett seg utbygginga frå starten, men er overkjørt av direktorat, departement og rettsvesen. I vår var kalvingsområdet til reinen til Dorvvonjárga siida på Sállir ved Tromsø overtatt av eit tysk selskap som skulle produsere vindkraft. I mai blei reinflyttinga på Øyfjellet i Vefsn hindra av anleggsmaskinar, trass i store protestar. Det største vindkraftanlegget i Norge er planlagt på grensa mellom Tana og Lebesby og vil ramme 4 reinbeitedistrikt. Til saman er det planlagt eit hundretal vindkraftinngrep i samiske reinbeiteområde og over 30 har allereie fått konsesjon. Dette er ei krigserklæring frå norske styresmakter mot naturen, mot reindrifta og mot samisk kultur. Reindriftssamar og andre som protesterer mot dette ender opp med bøter og dersom dei går til rettsak blir dei dømde til å tape og betale motparten sine skyhøge saksomkostningar. Dette er Noreg anno 2020. Dette er den norske staten si forsoning overfor det som er igjen av samisk kultur etter at ein ikkje klarte å utrydde denne mens det enno var offisiell politikk. Seinare har ein blitt meir sofistikerte. Det heiter ikkje lenger at alt samisk skal bort, nei ein opprettar til og med eit samerettsutval, som slo fast at ein skal ta vare på "Naturgrunnlaget for samisk kultur". For så å starte med å sprenge bort dette naturgrunnlaget. Dette kjem i tillegg til ein langvarig bit-for-bit-politikk der reinbeite blir tatt av gruver, vasskraftverk, kraftlinjer, hytteområde, militære øvingsområde m.m.

Kommisjonen sitt arbeid kunne ha vore eit viktig bidrag i ein situasjon der oppretting og forsoning kunne vore mogleg. I dagens situasjon må vi bare slå fast at det ikkje har noka meining å snakke om forsoning. Forsoninga er sprengt bort og om det ikkje blir sett ein total og umiddelbar stopp i all vindkraftutbygging og gruveutbygging i reindriftsområde, vil det heller aldri kunne bli verken oppretting eller forsoning etter fornorskingspolitikken. Fornorskingspolitikken lever i verste velgåande i 2020.

Svein Lund, Guovdageaidnu.


Til hovudsida.

sveilund@online.no