Debattinnlegg sendt Ságat og Finnmarken 08.01.2013

Fornorskinga – ein detalj for hundre år sidan?

Kampanja for å fråkjenne samane statusen som eit folk eller ein nasjon har no fått støtte frå Anne-Lise Harjo Akerhei (Ságat 05.01.2013). At samane er eit folk er utmerka grunngitt av bl.a. Kjell Ballari, så eg skal la den saka ligge, men ta opp to andre spørsmål i innlegget hennar.

Akerhei slår fast at kampfellane hennar, Hellesvik og Støme, er høgt utdanna folk som ein derfor "slett ikke kimser med". Utdanning kan brukast til så mangt, f.eks. som argument for faglig autoritet, sjølv om utdanninga er langt borte frå det spørsmålet som blir diskutert. For eksempel ser ein stadig folk signere sine meiningsytringar med titlar som professor eller cand. ditt og datt, noko som skulle borge for stor autoritet. Men ofte viser det seg at dei har utdanning i heilt andre fag enn det dei uttaler seg om. Og så vidt eg veit har ingen av dei nemnde noko utdanning som har gitt dei særlig kunnskap verken om samisk historie eller om internasjonal folkerett. Sjølv nådde eg fram til godkjent utdanning som adjunkt i skolen utan å ha lært noko om dei omdiskuterte emna gjennom den utdanninga.

Å gjøre folk med høg utdanning til autoritetar har i beste fall meining når dei har lært det aktuelle emnet gjennom utdanninga si. Her må vi dessverre slå fast at det er nokre område som har vore svært forsømt i utdanninga i Noreg, både i grunnskole, vidaregåande opplæring og høgskole som f.eks. lærarutdanning. Det gjeld historia på Nordkalotten, både om samar og andre folkeslag, og det gjeld folkerettsspørsmål. I norsk folkeskole blei ikkje samane nemnde i læreplanane før 1974! At mangelen på kunnskap om samiske forhold er stor blant både elevar og lærarar i Noreg, har blitt dokumentert ved grundige undersøkingar. Nokre tiltak er gjort for å rette det opp, men alt for lite til at det monnar.

Eit av dei emna det er minst kunnskap og mest vrangforestillingar om er fornorskingspolitikken. Dei omtalte høgt utdanna personar og deira likesinna har veksla mellom å seie at fornorskinga var frivillig og at det ikkje var noko fornorsking. Så langt går ikkje Anne-Lise Harjo Akerhei, men ho skriv: "Og så klager man over tvungen fornorskning, selv om det ligger snart 100 år tilbake. Det gale var at morsmålsundervisning manglet da, i de gamle dager. Hvem skulle i såfall henges for det?" Dette minner til forveksling om tidligare utspel: Fornorskinga var kanskje ikkje så bra, men ein hadde ikkje noko val, og dessutan er det så lenge sidan at det er ikkje noko å snakke om i dag.

Eg har dei siste åra vore med å samle informasjon om norsk skolepolitikk overfor samane gjennom tidene, og verknadane av dette. Vi har da funne at tvungen fornorsking i den forstand at samiske elever ikkje hadde anna val enn å få all undervisning på norsk, var fullt ut i funksjon fram til 1967, altså for 45 år sidan. Da starta nedtrappinga av fornorskinga i praksis, men ho var slett ikkje over av den grunn. For dei fleste samiske elevar heldt fornorskinga framleis fram lenge, og det er vanskelig å seie når og om ho er heilt avslutta.

Morsmålsundervisninga "manglet" skriv Akerhei. Men ho skriv ikkje kvifor. Var det pga. mangel på samiske og kvenske lærebøker? Av mangel på lærarar som kunne språket? Eller var det ingen som meinte det var behov for det den gongen? Det skremmande bildet som dukkar fram når vi grev i denne historia er at det faktisk fanst nokre lærebøker. Det var ein del lærarar som kunne ha undervist på samisk, og ein del også på kvensk. Og det var heile tida folk som argumenterte for at elevane burde få opplæring på morsmålet. Men frå midten av 1800-talet var politikken at ein IKKJE skulle bruke dei samiske lærebøkene som fantest, IKKJE prente nye, sjølv om det var folk som ville og kunne skrive dei eller oversette, IKKJE rekruttere samar til lærarutdanninga og dei få som likevel kom gjennom utdanninga skulle IKKJE få jobb i samiske distrikt.

Når elevar, lærarar og foreldre gjennom 4-5 generasjonar var blitt innpoda at samisk og kvensk ikkje bare var mindreverdig, men direkte skadelig, måtte dette sjølvsagt få store verknadar for språkbruk, sjølvkjensle og identitet. Dei små tiltaka som dei siste åra er gjort for å rette opp noko av uretten, er ein drope i havet, og ikkje grunnlag for å skrike opp om at samar har "mange flere fordeler" enn andre. I alle fall når det gjeld utdanning er det enno eit stykke igjen til samane har nådd opp til det "etniske og demokratiske likeverdet".

Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie


Til hovedsida.