Svein Lund:

"FOLK OG FINN" - RASISMEN MOT SAMANE I NOREG

Innleiing på konferanse for SOS rasisme, Stavanger 15.02.1997

#####################################

Buore beaivvi! Mu namma lea Svein Lund ja mun lean biru dáža. Mun orun Guovdageainnus ja bargan oahpaheaddjin Sámi joatkkaskuvllas ja boazodoalloskuvllas. Ipmirdehpet go sámegiela? Geiget gieđaid dii geat ipmirdehpet maid mun lean lohkan dál!

Ingen.

Eg ba altså dei som forsto ka eg sa om å rekke opp handa. Dokker var no utsett for det mange samiske elevar har vore utsette for da dei byrja på skolen, nemlig å ikkje forstå noko. For dokker varte det bare få sekund, for dei kunne det vare i fleire år.

Det er ein del av historia om den norske rasismen i Sápmi. I våre dagar er dette historie. Dei fleste samisktalande ungar får si første undervisning på samisk, i tillegg forstår dei mye meir norsk enn 6-7-åringar gjorde for ein generasjon eller to sia. Men rasismen er ikkje borte. Han har bare funne nye former.

######################################

Rasisme? Nei, det kan dokker da ikkje meine!

Her i bygda har vi bestandig hatt et godt forhold til finnan. De e nu så arti når dem kommer ned til kysten på våren i sine fargerike kostyma. Vi bruke bestandig å kjøpe reinkjøtt av finnan. Først så må han gammel-Jussa få ein velkomstram, litt prennvin gjør godt i groppen og så blir reinsteika pilliar og pilliar etterså han Jussa får tram. (å nu som man får så billig russesprit kan det vere ei god investering.)

Nu skal man vere litt forsiktig med finnan. Du veit dei kan nu litt a kvert. Han Sedolf, bror min borti Gorrvika, hadde no eit lite samanstøyt med finnan i fjor da han skaut litt i lufta for å jage rein ut av jordet sitt. Han va kje meir enn kommen sæ i hus før fekk han så besætt ont i hjerterota og sidan har han ikkje vore meir enn knaft halv mann. Ja, ikkje det at eg veit det e finnan som ha ganna han, men æ trur no mitt.

Ja dem e nu arti av og tel, på den der ubehjælpelige norske sin. "Det ikke være Mikkel sin rein", sir han Mikkel når æ vise han dei skamfærte tulipanen som kjerringa planta i vår og som reinen har spist med blomst og blad. "Det ganske være pror min sin pror sin rein." Om æ kan samisk? Næ, ka æ skoill med det? Nu litt lært man sæ jo i ungdommen når ein skuill kom sæ under holbien tel finnjenten. "Atte munnje cummá!" sa vi, og fikk vi ikkje sa vi "Atte munnje cummá báhtaráiggis!"

Om ganske det e nokka same i mæ og? Nei veit du ka, nu skal ein ikkje græve lenge i slekta før komagtuppan stikk fram, så dauingan på kirskegården får no ligge i fred før mæ. Du får no ha det. Det va no steikande artig å prat med dæ, din tjyvfinn.

Dette va ein liten smakebit frå kvardagen i Nordnoreg, eller om eg tør å seie det, kyst-Sápmi. Historia har eg sett saman sjølv, men eg trur eg kan seie at ho er ganske realistisk, og alt anna enn satt på spissen. Både eg og dei fleste av dokker har sikkert hørt det som er mye verre. Er dette rasisme? Det e dokker som e ekspertar på rasisme her, så det får dokker avgjøre.

I dei siste åra har det blitt utvikla eit nyord for å bortforklare rasismen. "Fremmedfrykt" heiter det no. Om disse bortforklararane hadde studert nordnorske folkelige haldningar til samane gjennom tidene, ville dei sikkert kunne kalla ein del av dei og for framandfrykt. Ein frykta ganning, rein på jordet, seinare og samisk stat med tvangssamifisering i skolen og forbod mot stangfiske i Stuorajávri og Storvannet utan attest frå samemanntallet. Eg vil hevde at denne frykta er omtrent like mye basert på realitetar som Fremskrittlagets eller Fedrelandspartiets redsel for muslimsk stat med fri opium og alkoholforbod i Noreg.

Så skal dokker få eit par gode gamle nordnorske ordtak før vi går vidare:

"Det er forskjell på folk og finn."
"Først folk, sia finna."
"Det er godt nok for finnan."

Ved sida av den folkelige rasismen og fordommane har det vore ein akademisk, vitskapelig eller kvasi-vitskapelig rasisme, med nære forbindelsa til statsmakta med "alteret, tronen og pengeveldet" eller "bibel, brennevin og bajonett".
Vi skal no gjøre eit langt sprang i tid og rom.

Kolonialismen

Frå 1400-tallet starta europearane for alvor å erobre og legge under seg område i andre verdsdelar. Frå først av var det jakta på mineraler som gull og sølv, krydder og skjeldne varer som elfenbein og kvalrosstenner som var drivkrafta bak denne ekspansjonen. Seinare blei det råvarer for den veksande industrien i dei sentrale kolonimaktene, bomull, olje, kautsjuk, tømmer, osv. Cortes rana gullet i Inkariket rundt år 1500. I 1997 grev RTZ ut gull på øst-Timor og vil starte opp i Finnmark. Kolonialismen fann etterkvart andre former, ein klarte å utbytte dei såkalla u-landa utan at dei var formelt koloniar. I nokre av koloniane hadde kolonistane bare eit tynt skikt av kvite på toppen, dei var administratorar, misjonærar og militære, slik som i India og dei fleste land i Afrika der dei kvite aldri blei meir enn ein prosent eller to av befolkninga, og der dei aller fleste av dei forsvann med avkoloniseringa. I andre koloniar tok koloniseringa form av ei massiv innvandring av kvite settlarar. Her blei ofte den opprinnelige befolkninga heilt eller delvis utrydda gjennom krig, jakt, sjukdommar, sult eller dei gikk opp i innvandrarbefolkninga gjennom blandingsekteskap der innvandrarkulturen dominerte.

Vi har blitt så blinde at vi må snu alt på hovudet og gå til det ytre for å forstå det indre. Det er ganske lett for nordmenn å fordømme koloniseringa av fjerne verdsdelar. Verre er det å sjå det som har skjedd og stadig skjer på heimebane.

Den norske rasismen er gamal og har klar samanhang med Noreg si rolle i indre og ytre kolonisering. I store delar av dansketida var Danmark ei kolonimakt, med koloniar i Afrika (Gullkysten, noverande Ghana) og i Vest-India. Danske skipsreiarar, handelsfolk og adel tjente store pengar på slavehandelen. Sidan Noreg var under Danmark fritar vi oss sjølve lett for all historisk skuld i dette, og gløymer at ein stor del av slaveskipa var norske. For å halde oppe denne inntektskjelda var det heilt naudsynt at dei "ville" svarte blei oppfatta som undermenneske.

Samtidig foregikk det ei kolonisering i nord. Der var det og undermenneske, dei var ville, hedningar og områda deira var rike på ressursar.

Koloniseringa tok etter kvart forskjellige former:

1. Plyndring

Denne starta alt i vikingetida. Samane jakta på pelsdyr og skinna kunne dei norske handelsmennene selge dyrt nedover i Europa.

2. Skattlegging

Skattlegginga var ei plyndring i meir organiserte og "siviliserte" former. Samane ga frå seg ein stor del av det dei kunne fange fordi dei visste at ellers ville staten sine menn ta alt. "Finneskatten" var hovudgrunnlaget for at nokre nord-norske stormenn (Håløygjarlane) allereie på den tida Noreg blei samla til eit rike var blant dei rikaste og mektigaste i landet.

3. Handel

Handel kan jo vere til fordel for begge partar, men trugsmålet frå skattlegging og plyndring gjorde at handelen gjerne blei på storsamfunnet sine vilkår og såleis ein del av plyndringa.

4. Tvangsarbeid.

Denne metoden blei forholdsvis lite brukt, men bl.a. i sølvgruvene i Nasafjäll i Nord-Sverige er det kjent at samar blei tvungne til malmtransport med rein.

5. Kristning.

Kristninga var ein metode for å få samane meir medgjørlige så dei lettare skulle underordne seg øvrigheita. Det var og eit ledd i utviing av landområdet. Dei som var kristne blei rekna som undersåttar og statsborgarar og i eit grenselaust område var det gjerne kyrkja si framrykking som synte ka for ein stat som hadde mest makt. Dette gjaldt særlig overfor det ortodokse Russland, der styresmaktene brukte kvar sin variant av kristendommen til å utvide området sitt. Som i Afrika og Amerika kom kolonistane samtidig med "Bibel, brennevin og bajonett."

6. Nydyrking

Som dei amerikanske settlarane på prærien og dei engelske og nederlandske i Sør-Afrika fikk vi norske settlarar i Troms og Finnmark og svenske og finske i Norrbotten og finsk Lappland. Denne nydyrkinga blei på 17-1800-tallet kalt med sitt rette navn; kolonisering. Dette var koloniveldet si glanstid i verda og ingen så noko gale i å kolonisere. Det blei også samanlikna direkte fra kolonistane si side. "Vi har ett Indien i norr" er eit kjent sitat frå ein svensk adelsmann som på den tida propaganderte for at Sverige skulle utnytte "Lappmarken" bedre. For få år sidan feira ein i indre Troms 200års jubileet for koloniseringa av Bardu og Målselv. Like etter feira ein i Spania og Latin-Amerika 500-års jubileet for Columbus.

7. Fornorsking

Skulle dei samiske områda i nord bli uomtvistelig norske, måtte befolkninga bli norsk. Derfor starta ein på 1700-talet ei målmedviten fornorsking. Ei tid vakla styresmaktene i kor hard og direkte fornorskinga skulle vere, men frå rundt 1880 var det full semje om at både hard og fullstendig fornorsking måtte til. Da blei det forbode å bruke samisk og kvensk i skolen, "mer enn uomgjengelig fornødent for at forklare det der var uforstaaeligt for børnene". Etterkvart forsvann dette forbeholdet og, og fleire generasjonar med samar møtte ein skole dei forsto lite eller ingenting av. Fornorskinga hadde som mål å få den samiske kulturen og det samiske språket til å forsvinne heilt. Dette blei bl.a. uttalt heilt klart av Stortingsrepresentant, seinere statsminister Johannes Steen, Venstre, i ein stortingsdebatt i 1863: "Det er en misforstaaet Humanitet at søge at kalle tillive og nære denne Nationalitet.. Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet, var deres værste Fjende, thi han indviede dem til Undergang... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nation." Først på slutten av 60-talet blei det igjen opna for ei viss undervisning i og på samisk i barneskolen.

8. Ressursran

Det var vilt- og fiskeressursane som først trakk skandinavar nordover. Pelsdyrbestanden blei i stor grad utrydda på 15-1600-talet, noko som var med å tvinge det tidligare veidefolket over på reindrift og jordbruk. Kampen om fiskeressursane pågår framleis for fullt. Mens vestlendingane har overtatt større og større del av både fiskeflåten og fiskeindustrien, må samiske fjordfiskarar gi opp fordi dei blir nekta å fiske, får kvotar dei ikkje kan leve av eller ikkje får levert fordi fiskebruka er konkurs. Mens Jan Henry T. Olsen sa det er for mange sjarkar slapp han Kjell Inge Røkke til for fullt. Mineralutvinning i samiske område har røter tilbake til Nasafjäll på 1600-talet og Røros på omtrent samme tid. Sør-Varanger var ein samiskdominert kommune heilt til jerngruvene starta opp først på 1900-talet. I dag står kampen om dei multinasjonale konserna Rio Tinto Zink, Ashton Mining og DeBeers skal få spa opp Finnmarksvidda etter diamantar. Om Stortinget vedtar forslaget til ny minerallov vil det vere fritt fram for dei.

Den rasistiske ideologien

Denne koloniseringa hadde vore umogleg utan ein rasistisk ideologi, utan at denne rasistiske ideologien gjennomsyra statsapparatet og hadde stor gjennomslag blant folk flest i kolonimaktene og særlig blant settlarane, anten det no var i Zimbabwe eller i Bardu. Dei skulle bygge ut og opprettholde eit redselsvelde ute, med ran og tjuveri, slavearbeid, massakrar og utsulting. Samtidig skulle dei heime halde oppe ein rettsstat der folk heldt seg på plass i trua på at øvrigheita var av Gud eller seinare at dei levde i eit demokrati. Kristendommen forkynner nestekjærleiken og at alle er like for Herren. Dette hang sjølvsagt ikkje i hop. Det kunne bare henge i hop på eit vis; ved at dei svarte, brune, gule, raude, irar, samar, sigøynarar, jødar, muslimar, osv osv, dvs mesteparten av folka i verda, blei definerte ut av det gode selskapet og gjort anten til undermenneske eller ikkje-menneske.

Vi skal sjå litt på ka nokre av disse maktpersonane har sagt om samar og andre underlegne folkeslag: Den største kolonimakta og slavehandlarmakta var Storbrittania, og dette landet har trulig meir enn noko anna bidratt til utbreiinga av rasistisk ideologi i verda.

En vitenskapsmann i England holdt i 1866 et foredrag i etnologisk selskap i London om rasene, som han delte inn i ville, halvsiviliserte og siviliserte. Om de ville sa han: "De er uten fortid og uten framtid. Som andre langt edlere raser før dem, er de dømte til rask, total og ufrakommelig utrydding, hvilker kanskje er et ledd i menneskhetens høyere bestemmelse."

Dette synet hadde støtte helt opp i toppen i de store kolonimaktene: "Man kan grovt dele in verdens nasjoner i de levende og de døende." Lord Salisbury, Englands statsminister, 1898

Denne utryddinga var ikke bare teori, den var praksis nesten overalt der de mektige europeiske statene la under seg mesteparten av Afrika, Amerika og Asia. I Tasmania i Australia blei urbefolkninga totalt utrydda slik at det ikke fins en eneste tasmaner igjen. I Amerika blei indianerne redusert til en liten brøkdel, ikke bare gjennom krig og sykdommer, men også gjennom direkte jakt og massakrer som ikke sparte verken kvinner eller barn. Da Columbus kom til Amerika talte mayaene, aztekerne og inkaene tilsammen 70 millioner. Etter 150 år var det bare 3,5 millioner igjen. På 1500-tallet gikk det en alvorlig diskusjon i den katolske kirka om indianere var mennesker eller ikke.

Det var en ting som kunne forsvare at de "ville" kunne få leve: Kolonistene kunne bruke dem til slavearbeid:

"Ingen falsk filantropi eller raseteori kan overbevise fornuftige mennesker om at bevaring av noen stamme av Afrikas kaffere er viktigere for menneskeheten enn utbredelsen av de store europeiske nasjonene og den hvite rasen overhode." "Først gjennom at den innfødte lærer seg å i den høyere rasens tjeneste å produsere verdier, får han moralsk rett til å være til." Paul Rohrbach: Den tyske tanken i verden, 1912

Over 10 millioner afrikanere blei ført til Amerika som slaver, i tillegg blei flere millioner drept eller døde under trasnporten over havet. Den dansk-norske staten og den norske skipsfarten var blant dem som tjente store penger på slavehandelen. Mange av de største engelske selskaper i dag blei bygd opp på slavehandelen. De har aldri blitt straffa eller fått fortjenesten inndradd.

Slavehandelen og slavearbeidet på bomullsmarkene i de amerikanske sørstatene la grunnlaget for den industrielle revolusjonen og for todelinga av verden i industrialiserte og ikke- industrialiserte land, i rike land og fattige land.

Den rasistiske ideologien og denne utviklinga er uløselig knytta til hverandre.

Norge var slett ikke upåvirka av dette. Her er et utdrag fra ei bok som kom i 1895: "De stakkars mennesker trenger bekledning og mye annet, som de kanskje ikke har hatt noen ide om. De har vært uvitende om hva et menneske behøver. Alle siviliserte folkeslag kappes om å lære dem det. Vi forlanger ikke stort annet enn at de skal bytte varer med oss. Hvis de ikke har noe å gi i bytte, får de finne seg i å gi plass for folk som har større behov og derfor vil arbeide mer."

Slår man opp i Store Nordiske Konversationsleksikon fra 1920 kan man lese under "neger":

".. er livlig, lyrisk, barnlig, elsker musikk, lærevillig, men ikke utholdende, heller ikke videre utviklingsdyktig."

Men ikke bare ute i den store verden var det høyere og lavere raser. Også i Norge var det minst to slags folk: Her var kortskaller og langskaller. Hvor fant vi så disse? Langskallene bor på østlandet, de har smalt ansikt, hvit hud, lyst hår og blå øyne. De er hardføre, uavhengige og har respekt for kvinner. Kortskallene bor på Vestlandet, de har rundere ansikt, bredere nese og mørkere hår. De er mistroiske, engstelige, slaver av folkeskikken, de er trege, mangler humor, har et vikende blikk og er religiøse.

Men verre enn vestlendingene var noen sære folkeslag i Nord som var ennå mer kortskalla:

"Finnerne (samene) synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ... finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ... Kvænene er gjennomgaaende slanke og velbyggede..., men man savner hos dem det kraftige, mandige træk som i saa høi grad udmerker nordmændene og med en gang stempler dem som den herskende race."

"østsamene er en lavtstaaende race, uden livskraft og uden fremtid... Deres ansigter er ofte plumpe og uskjønne med bred næse og fremstaaende mund, og stemmen hes, som de havde forskreget sig"

Professor Amund Helland: Topografisk-Statisktisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt, 1906

Disse undermenneskene kunne sjølsagt bare berges med å gjøre dem så like herrefolket som råd.

"Det er en misforstaaet Humanitet at søge at kalle tillive og nære denne Nationalitet.. Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet, var deres værste Fjende, thi han indviede dem til Undergang... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nation." Stortingsrepresentant, seinere statsminister Johannes Steen, Venstre, i stortingsdebatt i 1863

"Lappfolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt. Dette er et stort og varigt mål å arbeide for." Prost Gjølme, Sør-Varanger 1886

"Civilisationen er ubarmhjertig. Med sin damp og elektricitet slaar den de svagere racer til jorden uden hensyn. Vi kan ikke altid forstaa hvorledes dette gaar for sig og hvorfor det maa saa være. Men det er nu engang saa... Mod civilisationen kan nomaden ikke kjæmpe. Hvis han ikke viger, da levnes han blott den ene udvei, at falle." Professor Yngvar Nielsen, 1900

"Disse unyttige og skadelig omløbende lapper er det just som man ønsker å få ryddet av landet... Denne forjagelsen kan ikke skje på annen eller bekvemmere måte enn at deres gammer eller torvhytter blir nedrevne og oppbrendte." Amtmanden i Nordlandene, Knagenhjelm, 1776

Et av de viktigste virkemidlene i fornorskinga var skolen, og der hadde man ideologien i orden:

"De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De .. hører til Finnmarks mest tilbakesatte og usleste befolkning ... så snart de har kastet kuften og komagene, og fått trøye og støvler på, vil de ikke lenger vedkjenne seg sin avstamning." Skoledirektør Chr. Brygfjeld, 1923

Et slikt mindreverdig folk hadde sjølsagt også et mindreverdig språk: F.eks. sa biskop J.C. Schønheyder rundt år 1800 om samisk språk at det var: "aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer" og "indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uoppdragne Mennesker i deres indskrænkende Brug av Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behjelpe sig"

Rasisme mot samane i dag?

Det var historia. Men lever så den anti-samiske rasismen i dag? Den folkelige rasismen er langt i frå dau, sjølv om han har vore på retur dei siste 20 åra. Men det er meir interessant å sjå på den statlige rasismen, om det er slik at staten anno 1997 framleis fører ein politikk som uttrykker at samane er eit mindreverdig fork, den samiske kulturen ein mindreverdig kultur og det samiske språket eit mindreverdig språk. Eg nemnde for ein lærar i samisk vidaregåande skole at eg heldt på å skrive ei innleiing om rasisme mot samane. - Reform 94, sa ho, da må du snakke om Reform 94. Eg kunne ha snakka om Samerettsutvalget, om media, om diskrimineringa av samiske fiskarar og kombinasjonsnæringar osv. osv. men eg skal nøye meg med det eine eksemplet på den levande rasismen av idag, Reform 94.

I koloniseringa av Sápmi har det vore brukt mange slags middel, våpenmakt, lovar, svindel og bedrageri. Men hovudmetoden har vore å ta frå samane kulturen, språket, identiteten og trua på seg sjølve. Kampen om det kulturelle hegemoniet har vore heilt sentral i kampen om Sápmi. For den norske staten handlar Reform 94 bl.a. om å beholde og styrke det kulturelle hegemoniet over det samiske folket.

For dei som sjølve ikkje er i samisk skole som lærar eller elev er det kampen om språket som fag og undervisningsspråket som er best kjent. Det er denne kampen og dei faktiske resultata som og er lettast å dokumentere statistisk. Eg skal heller snakke om den kampen som er minst like viktig: Kampen om det samiske innhaldet i skolen.

ILO-konvensjon 169 art. 27 slår fast at urfolk har rett til eit sjølvstendig utdanningsverk. Men den norske staten har aldri vore i nærleiken av å oppfylle eller ville oppfylle denne.

Ein samisk skole har aldri eksistert. Skolen er innført av kolonimaktene og fungerer framleis i hovudsak på deira premiss. Anten fordi staten ikkje tillet anna eller fordi samiske lærarar er så oppflaska i og indoktrinert av den norske skoletradisjonen at dei ikkje ser andre måtar å jobbe på. Eg vil påstå det er både og.

Ka må så til for at vi skal kunne snakke om ein samisk skole? Først: det er ikkje ein norsk skole som undervisas på samisk. Det er ein skole som bygger på samisk kultur, samfunns- og næringsliv. Skolen skal gi haldningar, kunnskap og ferdigheiter, alt dette må ha eit samisk utgangspunkt. Av innhaldet han ein nemne: samisk næringsdrift i primærnæringane, reidskapar i samisk fiske, jordbruk, reindrift naturbruk og naturforvaltning, religion (samisk religion+læstadianisme) og anna folketru, sagn/ eventyr/fortellertradisjon, joik / samisk musikk, duodji, samiske institusjonar osv. Ein slik skole krev: - eigne samiske fag - eigne samiske læreplanar.

Ein samisk skole krev og høve til å bruke eigne undervisningsmetodar og eiga form for organisering av skolekvardagen. Han krev at ein langt på veg opphevar det kunstige skiljet mellom skole og heim, mellom skoletid og fritid, mellom lærarar og andre kunnskapsformidlarar.

Ein samisk skole betyr samisk styring. I praksis betyr det at det er Sametinget som har myndigheit til å godkjenne linje- og fagtilbod, læreplanar (generelle og i einskilde fag), fag- og timefordeling, krav til lærarar osv. Samisk Utdanningsråd, styret for dei samiske vidaregåande skolane osv. må vere underlagt Sametinget, og KUF skal ikkje kunne overprøve nokre av disse organa.

Kampen for ein meir samisk skole gikk sakte, men eintydig framover i tida 1967-1993. Da satte reaksjonen inn under leiing av Gudmund Hernes, den største fornorskar i skolehistoria sidan skoledirektørane i Finnmark i tida 1905-1925. Hernes sette igang ei gjennomgripande reformering av heile skoleverket med tre hovudmål: - samordning av utdanninga frå barnehage til universitet - auka fellesstoff og teoretisering av yrkesfaga - nasjonal einsrettting For dei samiske skolemiljøa er det to reformar som er av avgjørande betydning: Reform 94(vgs) og Reform 97(gs) Eg vil her nytte professor Anton Hoem sine ord: Ved starten ei kvar skolereform har sentrale styresmakter igjen glømt at det bur samar i Noreg. Ein kan diskutere om dei har glømt eller oversett bevisst, resultatet er det samme. Gjennom Reform 94 skulle talet på linjer reduseras kraftig. Da forsvann duodji gk, det einaste gjenverande særeigne samiske grunnkurset etter at reindrift gk var lagt under naturbruk gk nokre år før. KUF ville først og fjerne reindrift vk1. Samtidig skulle vk2 i yrkesfag erstattas med lærlingeordning. Konsekvensen var altså fjerne reindrift som eiga utdanning i vidaregåande skole, samtidig som 3-årig duodji-utdanning blei redusert til 1 år. Samiskfaget eksisterte ikkje i dei fag-og timefordelingane som KUF først sendte ut som direktiv til dei samiske vidaregåande skolane. Samiskfaget har ikkje blitt anerkjent som eit fag av verdi, bare som eit tilleggstilbod. Samisk har frå 1994-97 vore det einaste språket som ikkje har vore anerkjent som eit av tre språk ein må kunne for å få studiekompetanse. Elevar med samisk og norsk (22 timar i AF over 3 år) har ikkje fått noko tilleggspoeng for dette i forhold til elevar med bare norsk (14 timar).

Derimot blei ein underlagt eit svært firkanta regelverk for kas fag som kunne godkjennas med felles pensum på opp mot 100% i kvart fag. Det er knapt naudsynt å fortelle at det samiske innhaldet i disse læreplanane varierte frå 0 til nokre få promille. Eit av resultata var at særeigne samiske studieretningsfag for AF no ikkje lenger var godkjente og måtte erstattas med ordinære fag for norske skolar. Sett ut i frå SVSRS vil eg anslå at Reform 94 halverte det særeigne samiske ved denne skolen. Reformen avskaffa med eit slag resultata av det utviklingsarbeidet som blei dreve frå slutten av 80-talet fram til 1994. KUF har satt igang eit større arbeid med evaluering av Reform 94, men resultata for samisk utdanning ville dei ikkje ha evaluert.

Ikkje før var Reform 94 i gang så kasta Hernes seg over grunnskolen, like offensivt mot alt som smaka av særeigent samisk. I motsetning til vidaregåande hadde grunnskolen frå 1988 hatt eigne samiske læreplanar i sentrale fag. Disse skulle no bort. Men i motsetning til Reform 94 hadde no samiske skolefolk og politikarar vakna, og sette seg på bakbeina. Resultatet var at ein fikk fortsette med samiske læreplanar. Disse blei laga i full fart og først da Sametinget sette foten ned, godtok KUF at det måtte vere ein fellesdel for disse. Denne blei derfor laga etterpå, heilt motsett av den norske læreplanen der fellesdelen blei skreve først som grunnlag for læreplanane i dei einskilde faga. Slik sikra ein seg at grunnlaget for samiske læreplanar i dei einskilde faga ikkje var den samiske, men den norske fellesdelen og dei norske læreplanane for samme eller tilsvarande fag. I dag er dei samiske læreplanane reservert for undervisning på samisk. Det vil seie at det store fleirtalet av samiske elevar, nemlig dei som har samisk som andrespråk eller ikkje får undervsining på samisk i det heile, ikkje nyt godt av dei samiske læreplanane.

Det neste slaget om samisk utdanning blir stortingsbehandlinga av Opplæringsloven. Det forslaget som blei lagt fram i 1995 inneheld nokre skritt i rett retning, men ut i frå at gjennomgripande reform av skoleverket dette er, er disse skritta ganske små.

Retten til å vere lik - eller retten til å vere forskjellig?

Om ein samanliknar rasismen mot samane med rasismen som svarte i USA og Sør-Afrika, jødar i Tyskland osv. har vore utsette for, er det klare likskapar, men og ein stor forskjell: Samane i Noreg er norske statsborgarar. Dei har hatt røysterett så lenge det har vore ålmenn røysterett i Noreg. Dei har hatt rett til skolegang i 7, seinare 9 år og no fått rett til 12-13 års utdanning. Dei har fått dei samme rettane som nordmenn - til å vere norske. Det er ingen lovar som diskriminerer samar så lenge dei vil vere norske, på norske premissar. Samar har samme rett til å starte gruveselskap og bygge fabrikktrålarar som Rio Tinto Zink og Kjell Inge Røkke. Det er den gamle historia om at dei fattige og rike har same rett til å tigge og sove under bruene.

Skal ein ha ei likestilling, må det vere ei likestilling mellom norsk språk og samisk språk, mellom norsk kultur og samisk kultur.

Samiske næringar og samisk område må få ein vern mot utnytting frå andre, anten det er norsk og utanlandsk storkapital eller rypejegarar sørfrå. I dag er det bare reindrifta som har eit visst vern, og dette er og svært avgrensa.

Noreg har i Grunnlova slått fast at: "Det paaligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv." Noreg har skreve under ILO-konvensjonen om urfolk som bl.a. slår fast at regjeringane har ansvar for å: "fremme full virkeliggjøring av disse folks sosiale, økonomiske og kulturelle retigheter med respekt for deres sosiale og kulturelle identitet, skikker og tradisjoner og for deres institusjoner." ILO-konvensjonen seier vidare at "Vedkommende folks rett til å eie og besitte de landområder der de tradisjonelt lever, skal anerkjennes." og at urfolka har rett til eiga skoleordning: "Utdanningsprogrammer og utdanningstilbud for vedkommende folk skal utvikles og gjennomføres i samarbeid med dem for å kunne møte deres særlige behov. De skal omfatte deres historie, kunnskaper, teknologi, verdisystemer og deres sosiale, økonomiske og kulturelle ønskemål for øvrig."

Når staten nektar å anerkjenne retten til eigne samiske læreplanar i vidaregåande skole og legg ned det einaste samiske grunnkurset (duodji eller samisk husflid) er dette og ein form for rasisme. Når Hernes og Sandal snakkar om at vi må bygge skolen på den felles nasjonale kulturen definerer dei den norske kulturen, herrefolket sin kultur, som det som er felles. Den samiske kulturen blir ikkje-eksisterande som ein eigen sjølvstendig, likeverdig kultur. Han er i beste fall ein sær variant som ein kan spe på med som tillegg. Men han er ikkje noko verd som ein sjølvstendig kultur. Samisk språk kan ein få lov å lære, men det gir ingen kompetanse når ein skal inn på høgare skolar.

Ein minoritet er bare anerkjent som likeverdig om kulturen og språket deira og er anerkjent som likeverdig. Derfor står ikkje lenger kampen i første rekke om retten til å vere like, men om retten til å vere forskjellige.

Litteratur:
Balto Asta Samisk skolehistorie - en kort innføring 17.11.95
Bråstad Jensen Eivind Fra fornorskingspolitikk til kulturelt mangfold Nordkalottforlaget 1991
Dahl Helge Språkpolitikk og skolestell i Finnmark 1814-1905 Universitetsforlaget 1957
Gustavsen John Vi kom først Davvi Media 1989
Hoem Anton Makt og kunnskap
Høgmo Asle Norske idealer og samisk virkelighet Gyldendal 1989
ILO Konvensjon nr 169 om urbefolkninger og stammefolk i sjølstendige stater 1990
KAD Om norsk samepolitikk St.meld. 52 1992-93
KUF GR97 - Samiske læreplaner 5-95
Lindqvist Sven Antirasister Oktober 1995
Lindqvist Sven Utrydd hver eneste jævel
Lærerforbundet Program for samiske skolespørsmål 1996
Magga Ole Henrik Samisk skole - innleiing på skolekonferanse Guovdageaidnu 1994
Nergård Jens-Ivar Det skjulte Nord-Norge Gyldendal 1994
Nielsen Reidar Folk uten fortid Gyldendal 1986
Norsk Lærerlag Samepolitisk utdannings- og oppvekstprogram
NOU Handlingsplan for samisk ungdoms utdanningsmuligheter 1987:20
NOU Samisk kultur og utdanning 1985:14
NOU Samisk kultur og utdanning 1987:34
Sáčča sámiid searvi Samer i Senja fra gammel og ny tid Nordkalottforlaget 1994
Salimi Khalid Mangfold og likeverd Cappelen 1996
Sametinget Vedtak i skole og utdanningsspørsmål 1989-1995 1996

Fleire artiklar om samiske spørsmål eller  skolespørsmål
Til startsida

sveilund@online.no