Debattinnlegg sendt Klassekampen og Ny Tid 08.06.03

Svein Lund:

Finnmarkslova : Ein kamp om ressursane

Regjeringa sitt forslag om Finnmarkslov har satt sinna i kok i Finnmark, og no også i aviser og diskusjonsforum på venstresida. Eg viser til innlegga i Klassekampen av Otnes (31.05.), Ballo (05.06.) og Dahl (07.06.) og tilsvarande diskusjon i Ny Tid. Eg skal ikkje legge meg opp i kordan Ballo med slike meiningar kan vere medlem av SV eller Dahl av RV, bare konstantere at dei begge står svært langt frå programma til sine eigne parti. Dei hevdar begge at samane får for stor makt gjennom Finnmarkslova. Så galt kan ein bare komme ut dersom ein velger å sjå bort frå både den historiske bakgrunnen og frå dagens reelle og svært konkrete kamp om ressursane i Finnmark. Det er derfor naudsynt først å minne om kvifor debatten om samerett kom opp og kva for problem ei ny lovgiving var tenkt å løyse.

Som bakgrunn må vi ha nokre grunnleggande fakta:
1. Samane har så langt vi kjenner historia bakover utnytta naturen i heile Finnmark. I Indre Finnmark har dei vore og er fortsatt i stort fleirtal.
2. Gjennom hundrevis av år har statane på Nordkalotten og private selskap interessert seg for ressursane i samiske område; skinn, fisk, mineral, jord, skog, vassdrag og område for militær aktivitet og turisme.
3. Lovverket har i liten grad verna samane sin bruksrett, og i staden favorisert kolonisering og økonomiske interesser utafrå.
4. Lovverket, rasistisk ideologi og skolen har blitt brukt til å knekke språket, kulturen og sjølvkjensla til samane. Etter at ein i generasjonar har blitt innprenta at å vere same er noko mindreverdig, er resultatet at eit mindretal av dei som har samisk bakgrunn har vald å skrive seg inn i samemanntalet.
5. Kampen om utbygginga av Alta-Guovdageaidnu-vassdraget utløyste ein prinsipiell kamp om rett til land og vatn. Staten innrømte at rettstilstanden var uklar, og at det var naudsynt å utreie rettsforholda med sikte på ei evt. endring av grunnforvaltninga.

Først etter 22 år ligg det no føre eit forslag frå regjeringa til framtidig forvaltning av grunnen i Finnmark. Det er denne lova som no Sametinget med over 90% fleirtal har avvist fordi han ikkje gir samane dei rettane dei meiner å ha krav på, og som Ballo m.fl. avviser fordi dei meiner ho gir samane for mye rettar.

Mens vi har venta på Samerettsutvalet har dei 95% av jorda i Finnmark som staten hevdar å vere eigar av blitt overført til Statskog, eit statsforetak med eit reint kommersielt formål.

Mens vi har venta på avklaring av sameretten, har presset på naturressursane i Finnmark auka ytterligare. Det gjeld både rovfiske, nedbeiting og nedkjøring av vidda og auka rettar for utlendingar gjennom EØS-avtalen. Ei rekke multinasjonale gruveselskap står i kø for å få endevende Finnmark etter diamantar, gull og andre mineral. Etter at bl.a. Sametinget protesterte mot leiteverksemda til Rio Tinto Zink, la dei og andre selskap planane på is, i påvente av ei avklaring av rettsforholda. No ventar dei spente på stortingsbehandlinga av Finnmarkslova og minerallova. Dersom desse lovene verken sikrar Sametinget eller kommunane vetorett mot inngrep, er gruveselkapa klare til å oppstart. Justisminister Dørum har laga den lova desse selskapa har ønska seg. Derfor skriv han da og i Aftenposten 05.05.03: "Finnmarksloven legger grunnlag for en forsvarlig næringsutvikling på basis av ressursene i Finnmark. I dag begrenses utnyttelsen av naturressursene i Finnmark av en uavklart situasjon og manglende regelverk i forhold til de samiske interessene." Dette er klare ord: Finnmarkslova skal sikre fritt fram for dei som vil utnytte naturressursane i Finnmark økonomisk, uhindra av samiske rettar.

Dette er prøvesteinen på om denne lova er noko verd: Vil samane / Sametinget / lokalbefolkninga / kommunane kunne bruke lova til å stoppe planar om naturinngrep? Ville lova, dersom ho hadde vore gyldig i 1979, kunna stansa Altautbygginga? Dersom svaret på desse spørsmåla er nei, er lova verdilaus som vern av samiske rettar. Da hjelper det fint lite at Dørum skriv: "De samiske rettighetene og folkerettens krav til vern av urfolk er tatt hensyn til ved selve eierkonstruksjonen. Sametinget får halvparten av stemmene i styret." Kor mange røyster Sametinget har blir underordna når dette organet ikkje kan stanse nokre av dei inngrepa som staten og storkapitalen ønsker.

Det er tragisk at mens befolkninga i Finnmark kranglar innbyrdes, blir fylket tømt for ressursar, og det er norsk og internasjonal storkapital som står klar til å stikke av med profitten. Den store utfordringa idag ligg i å kunne sameine folket i Finnmark til kamp for forsvar av ressursane og naturen i fylket. Dette er eit komplisert spørsmål som krev at ein tar meir enn eitt omsyn, og til no har verken samiske eller norske politikarar klart å peike ut ein klar veg ut av uføret. Skal befolkninga i Finnmark kunne sikre fylket mot utplyndring og få kontroll over eiga framtid, må ein finne fram til løysingar som både den samiske og den ikkje-samiske befolkninga er tjent med.

Eit utmerka utgangspunkt her er dette utdraget frå SV sitt samepolitiske program: “ I en situasjon med større internasjonal interesse og press på de ikke-fornybare ressursene som gull, kobber og diamanter i samiske områder, er det spesielt viktig å iaktta samenes kollektive rett som urfolk til land og vann. Dersom slik rett ikke sikres, innebærer dette en usikkerhet for det samiske folk som vil måtte være på vakt mot inngrep og overgrep fra storsamfunnet. Også i områder hvor det kan herske tvil om historisk kollektiv rett til land og vann må den samiske befolkning og samiske næringer sikres innflytelse på ressursforvaltninga.”
Eg vil sterkt oppmode alle om å lese dette utmerka dokumentet: http://www.sv1.no/dokument/samepolitisk/samepolitisk_norsk.php. Eg vonar at diskusjonen vidare i aviser og parti på venstresida vil gå på dette grunnlaget.

Svein Lund


Fleire artiklar om samerett

Til startsida

sveilund@online.no