Dette er for det første ei forvrenging av den situasjonen som var i Finnmark fram til 2005. Har desse debattantane i Statskog-tida forsøkt seg på å utnytte den "frie naturen" ved f.eks. å fiske utan fiskekort i lakseelvene i fylket? Avgrensingar på bruken av den "frie naturen" er ikkje noko som er innført med Finnmarkslova. Elver og vatn har vore forpakta av bygdelag, jeger- og fiskarforeningar osv., eg har aldri sett nokon protest frå dei kjente debattantane mot forvaltninga av Altaelva eller Repparfjordelva. Det har også vore reglar om at visse former for utmarkshausting har vore reservert for innbyggarane i ein kommune eller i fylket. Etter 5 år med Finnmarkseiendommen kan kanskje Vaseli, Støme & Co fortelje meg kor reglane for naturbruk og friluftsliv i fylket har blitt så veldig innstramma. Så kan vi diskutere kor mye slike reglar det bør vere, men det er ei anna sak, vi bør i alle fall diskutere ut frå realitetar.
Skjønnmalinga av Statskog-regimet dekker også over at dette var eit styre frå Staten, styrt frå Oslo og Namsos. I den grad finnmarkingar hadde demokratisk innverknad på dette, var det gjennom val av stortingsrepresentantar. I den grad Statskog som kommersielt statsselskap lot seg styre demokratisk, var det gjennom Stortinget. Finnmarkingane delte altså påverknaden på Statskog med innbyggarane i alle andre fylke i landet. Men da hørte vi ikkje noko skrik om kor udemokratisk det var. Med opprettinga av Finnmarkseiendommen velgast halve styret av fylkestinget. Uansett kva ein måtte meine om at Sametinget velger den andre halvparten, må ein da kunne innrømme at dette har gitt finnmarkingar flest ein større og ikkje mindre innverknad på styringa av utmarka i fylket, i staden for å framstille det som om Sametinget no har rana til seg noko som alle finnmarkingar hadde i fellesskap før.
Både Støme og Vaseli framstiller det som om reindrifta i dag har rett til å stoppe all anna bruk av utmarka. Igjen må ein spørre kva denne påstanden bygger på. I Finnmark og i andre reinbeiteområde er det bygd ei rekke vegar, vasskraftverk, vindkraftverk, gruver, hyttefelt, kraftlinjer osv. Reindrifta har ikkje klart å hindre noko av denne utbygginga, og kan heller ikkje i dag hindre vidare utbygging. Det einaste dei kan gjøre er å komme med innvendingar, men dersom ikkje styresmaktene hører på dei, kan dei bare som kompensasjon kreve erstatning for tapt beite, tapt inntekt og ekstraarbeid som inngrepa fører til. Erstatninga er normalt eingongserstatning, deretter må reindrifta forsøke å tilpasse seg til at dei f.eks. har ei gruve eller eit kraftverk midt i driftsområdet sitt.
Eit av dei reinbeitedistrikta som har fått vanskelige driftsforhold pga. inngrep er nettopp dei som har sommarbeite på Stjernøya. Når gruvene der vil utvide og dermed gjøre reindrifta enno vanskeligare, og reineigarane ser at dagens lovverk ikkje gir dei vern, er det forståelig at dei tyr til desperate reaksjonar som å kreve eigedomsrett. Eg kallar det desperate reaksjonar, da eit krav om eigedomsrett for reinbeitedistrikta verken er rimelig eller realistisk, og eg kjenner meg ganske sikker på at dette kravet vil bli avvist av Finnmarkskommisjonen. Hadde reindrifta hatt dei rettane som Vaseli påstår dei har, ville trulig aldri eit slikt krav kome opp. Det er i eit slikt perspektiv ein må sjå eigedomskravet på Stjernøya, ikkje som eit ekspansjonskrav frå ei priviligert og grådig næring.
Når det gjeld grådigheit i dagens Finnmark er det nok heilt andre som er dei fremste eksponentane for den. Men kor er Vaseli, Hellesvik, Rønning og Støme og vennene deira i FrP og EDL når gruveselskapa vil endevende vidda, når oljeplattformene kjem stadig nærare land, når den "frie naturen" skal nedbyggast av vind- og vasskraftverk og kraftlinjer, når fjordane er nedfiska og blir avfolka og når Røkke tar fisken og arbeidsplassane med seg ut av fylket. Jo, da snur dei ryggen til, mens dei konsentrerer alle krefter om å ta dei store stygge trugsmåla mot naturen vår: Sametinget og reindrifta. Snakk om prioritering!
Svein Lund