Debattinnlegg sendt Finnmarks-aviser, prenta i Ságat 26.03.2011

Fantasifoster og realitetar i samedebatten

Under overskrifta "Samisk stat - et følsomt tema" går Ole Martin Rønning i Finnmarksavisene den siste veka til frontalangrep på Sametinget, som han skuldar for å gi utmerkingar til "to terrorister". Dette skal da vise at Sametinget vil ha eigen samisk stat.

Det er ikkje første gang Rønning viser svært lemfeldig omgang med sanninga i debattinnlegga sine, noko han sist viste i åtaka på Naturvernforbundet. Rønning si forteljing om sprengstofftjuveri, sprenging og utmerking frå Sametinget er så uklar og forvirrande at det er derfor nødvendig å skrive historia i klartekst. Da vil også det urimelige i Rønning sine åtak komme klart fram i dagen.

Rønning startar med at "En gang på syttitallet bryter noen menn seg inn i et militært våpen- og ammunisjonslager ..." og at "en liten tid etter" blei det sprengt ei bru "for å få oppnå politisk oppmerksomhet". Han skriv ikkje at det dreier seg om Alta-kampen. Sprenginga er umulig å forstå utan å kjenne til denne kampen og den frustrasjonen som mange kjente etter at Staten med ei overveldande politistyrke hadde tvunge gjennom eit av dei verste overgrepa i noregshistoria både mot samar og mot naturen.

Dersom tjuveriet og sprenginga hadde skjedd på 70-talet, ville det ha vore heilt uforståelig, for da hadde ikkje aksjonane i Alta enno vore. Tjuveriet skjedde 15.03.1982 og sprenginga fem dagar seinare. John Reier Martinsen og Niillas A. Somby blei dømte, og sona si straff. Rønning hevdar dei fikk mild straff. Det kan ein knapt kalle 1 års fengsel for ein aksjon der dei ikkje skada andre enn seg sjølv.

I 1986 blei John Reier Martinsen drept av ein snøskuterkjørar, ei sak som forøvrig var utsett for ei svært tvilsam etterforsking og rettsbehandling. Martinsen kunne altså ikkje bli hedra av Sametinget, som da enno ikkje var oppretta.

Sametinget blei som kjent oppretta av Stortinget, etter innstilling frå Samerettsutvalet. Oppnemninga av Samerettsutvalet var igjen eit resultat av Alta-kampen, ikkje minst dei to sultestreikane utafor Stortinget i 1979 og 1981. Både blant norske og samiske politikarar var det mange som ikkje ønska å framheve denne samanhengen, men i 2003 ga Sametinget anerkjenning til dei som hadde gjort ein spesiell innsats under Alta-kampen. Det gjaldt både dei som kjempa mot planane om neddemming av Masi, i Folkeaksjonen i Alta, og dei som sultestreika. Dei blei da heidra for det dei gjorde da, utan at Sametinget gjorde noko vurdering av eller tok noko forbehold om det dei måtte ha gjort før eller seinare. Somby blei altså heidra for sultestreiken, ikkje for brusprenginga.

Rønning skriv: "Vi snakker om den første terrorhandlingen på Norsk jord etter krigen". Sjølv om ein er usamd i aksjonen i Tverrelvdalen, er det uhyre grovt å kalle dette ein terroraksjon. Rønning samanliknar med Midt-Austen, men har tydelig glømt den virkelige terroraksjonen i 1973, da den marokkanske statsborgaren Ahmed Bouchikhi blei skote ned av israelske agentar på Lillehammer.

Rønning sitt innlegg er enno eit ledd i skremmekampanja som dei siste par åra har tatt seg opp igjen, om at sameaktivistar har hemmelig agenda om ein samisk stat. Dette spøkelset dukkar opp gjentatte gongar. Allereie før Alta-kampen kom for fullt, i 1978, blei det argumentert på samme måte, dengang mot Norske Samers Riksforbund, som hadde gått inn for sameting, samelov, samisk flagg og samisk læreplan. Alt dette er i dag gjennomført, med full støtte frå Rønning sitt eige parti. Dengang blei slike krav brukt som "bevis" for at samar ønska eigen stat.

Vi kan godt vere usamde og diskutere gode og dårlige sider ved både Sametinget og Staten sin samepolitikk, men det er mye greiare dersom ein held seg til fakta og ikkje konstruerer opp slike fantasifoster.

Svein Lund


Til hovudsida.